JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Samhandlingsreform mot kapitalen

Det er vi som styrer kapitalen – ikkje omvendt. Og vi brukar den til å lage eit betre helsetilbod som ikkje minst vil komme arbeidsfolk til gode, fastslår Tord Dale.

«Vi blir ikke gamle på Sagene» synger lege Eirik Fosse om bydelen, det er ei vise med humor og varme, men som også har en alvorlig undertone, nemleg skilnadane i levealder ut frå kvar folk bur. Odd Holtenes Andreassen spør i LO-Aktuelt nr. 8-2011 kva som ligg «gøymt i folden» i samhandlingsreforma. «Det er kapitalens vektstlogikk å arbeide for å legge hånd på alt», skriv han og oppmodar oss om å følgje nøye med samhandlingsreforma ut frå eit slik bilete. Det skal vi gjere, slik vi gjer med all politikk og all samfunnsutvikling. Men å analysere samhandlingsreforma ut i frå dette bilete kan også vere farleg, til det er det for mange andre faktorar som påverkar helsetenesta.

Sjukdomsutviklinga viser oss at dei store folkesjukdommane, ikkje minst dei sjukdommane som i størst grad råkar arbeidsfolk, får for lite merksemd. Det er reinhaldsarbeidarar, transportarbeidarar, industriarbeidarar som utviklar KOLS, ikkje funksjonærar. Det er dei same, dei med lågast inntekt og utdanning som hamnar dårlegast ut i helsestatistikken. Dødelegheita er dobbelt så høg blant fjerdedelen med lågast inntekt og utdanning når me samanliknar med fjerdedelen med høgast inntekt og utdanning. Det kan vi ikkje vere kjent med.

Vi kan likeeins ikkje akseptere skilnadane i levealder mellom aust og vest i Oslo, eller at ein lever kortare i Finmark i nord enn i andre delar av landet. Og det er ikkje bilulukker, vald eller dei andre krisene som gir overskrifter i avisene som kortar ned levetida. Det er dei langsame krisene, sjukdommane som vi får og som ikkje let seg kurere, men som mange lyt leve med. Men som vi også kan leve betre med om vi får tidleg behandling. Og som ikkje minst kan førebyggast.

Med samhandlingsreforma skal vi førebygga meir. Vi lanserer ei folkehelselov, og der er nøkkelen til å utjamne dei sosialt urettvise skilnadane i helse, som råkar arbeidsfolk meir enn andre. Det er ein del av samhandlingsreforma. Ser ein på auken i legar og kvar veksten har kome dei siste tiåra har dette vore i sjukehusa, men det er i kommunane folk bur. Det er også der eldre bur, og det er der me no lyt styrka helsetenesta. Med samhandlingsreforma gjer me det, både med pengar og verkemiddel. Om noko så er samhandlingsreforma eit grep i ei anna retning enn den retninga kapitalen vil driva oss. Ei styrking av helsetilbodet der folk bur, og ei prioritering av arbeidsfolk som fortener eit betre tilbod.

(Artikkelen sto på trykk i LO-Aktuelt nr. 9-2011)

Annonse
Annonse