JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Styrk tenestene til personar med utviklingshemming

Kva vil kommunepolitikarane gjera for å styrka levekåra for personar med utviklingshemning, spør Geir Johannessen og Jonny Ottesen.

Fellesorganisasjonen (FO), som organiserer meir enn 26?000 barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsarbeidarar, er bekymra for kvaliteten på tenestene til menneske med utviklingshemning. Intensjonen i den såkalla «ansvarsreformen» var at den einskilde utviklingshemma skulle integrerast, få individuelt tilpassa tenester, ferie og fritid som andre og kunna bu der dei ynskte.

Mange utviklingshemma vert flytta mot sin vilje til store bueiningar. Ofte står dei i lang tid i kø for å få bustad, og når dei får eit tilbod er det ikkje lett å seie at dei heller ville budd ein annan stad eller saman med nokon andre. Dette kan medføra enno lengre ventetid for utslitte foreldre. Kva vil politikarane gjere for at utviklingshemma skal få bustad når dei treng det, og reelle val i høve kvar og med kven?

Mange har mista eller fått redusert sitt dagtilbod på grunn av kommunale innsparingar. Samstundes har nålauga for å få plass ved verna arbeidsplassar vorte mindre og mindre. Gjennom auka krav til produksjon og til å klare arbeidsoppgåvene med svært liten bistand, vert utviklingshemma utelukka frå desse arbeidsplassane og vist til kommunale dagsenter. Dei verna arbeidsplassane vart i mange tilfelle oppretta for utviklingshemma som makta å produsere, men i dag er dei ikkje gode nok. Dagsentra er i dag i større grad aktivitetsorientert og i mindre grad meint for dei som ynskjer å jobba og yte med si arbeidskraft.

Arbeidslivet er ein av dei mest sentrale inngangsportane til fellesskap og deltaking i samfunnet. Det er ei politisk målsetting at utviklingshemma, som har føresetnad for det, skal få delta i det ordinære arbeidslivet. I Norge i dag er det under ein prosent av utvik-lingshemma som har arbeid i ei ordinær bedrift utan tiltak. Svært få har noko som liknar på vanlig lønn. Dei aller fleste har full uføretrygd og ei eventuell lønsinntekt kjem som tillegg til trygda.

Personar som bur i bufellesskap mistar støttekontakt, og får melding om at personalet ved bufellesskapet skal yte dette. Dette vil for mange innebere fellesaktivitetar som ikkje dekkjer behovet for individuell tilpassing og høve til å leve sitt eige liv uavhengig av dei andre i bufellesskapet. For mange har dette vore den einaste personen utanfor bufellesskapet dei har fast omgang med, som dei har vore knytt til og rek-na som sin. Det å delta i fellesaktivitetar kan ikkje setjast opp mot individuelle behov og retten til å leve og utvikle sitt eige liv.

For mange personar med utvik-lingshemming er ferie ein svært kostbar affære. Sjølv om kommunen dekkjer lønsutgiftene til personalet, må ofte den utviklingshemma sjølv dekkje personalet sine kostnader til reise, opphald og aktivitetar. Dei kan ofte ikkje ta ein billeg restplasstur, fordi innkvartering og anna må vera godt tilrettelagt og fordi det krev planlegging for ledsakarane.

For ein person som på grunn av si funksjonshemming treng fleire hjelparar kan kostnadane for ei vekes ferietur fort koma på over 30?000 kroner. Finn de som politikarar det rimeleg at personar med utviklinghemming skal ha 3-4 gonger høgare kostnader enn andre for å kunna reisa på ferie?

Kva vil kommunepolitikarane gjera for å styrka levekåra for personar med utviklingshemning? Heilt konkret spør vi:

– Kva vil de gjera for at den einskilde skal få eit individuelt tilpassa arbeid eller dagsentertilbod?

– Kva vil de gjera for at utvik-lingshemma, som kan og vil det, kan få koma i ordinært arbeid?

– Kva vil de gjera for at den einskilde skal få individuell vurdering i høve til støttekontakt?

– Kva vil de gjera for at den einskilde skal få moglegheit for ferie og fritid på same vilkår som andre?

– Kva vil de gjera for at den einskilde skal få bustad når han treng det utifrå eigne ynskjer og behov?

(Artikkelen har stått på trykk i LO-Aktuelt nr. 16/2011)

Annonse

Flere saker

Annonse