JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vikarbyrådirektivet – høyring frå Aker ASA

Arbeidsutvalet for dei LO organiserte i Aker ASA er kjent med høyringsnotatet som Arbeidsdepartementet har ute i samband med diskusjonen rundt det såkalla Vikarbyrådirektivet og behovet for å sikra at reglar vedrørande inn- og utleige vert etterlevd

Me er ikkje tilskrivne som høyringsinstans i dette, men ynskjer likevel å gje tilkjenne nokre synspunkt ut frå vår rolle som tillitsvalde og talspersonar for fleire tusen arbeidstakarar i store norske industrikonsern og at me i våre bransjar har brei erfaring med bruk av arbeidskraft frå både vikarbyrå og leigefirma.

Me registrerer at over tid har bruken av slik arbeidskraft auka sterkt, og at bedriftene planlegg med stadig lågare fast bemanning til fordel for bruk av innleidd arbeidskraft for å ha ein mest mogleg fleksibel kostbase og minisera faste forpliktingar. Etter vårt syn representerer denne utviklinga eit trugsmål mot etablerte standardar i norsk arbeidsliv og vil bidra til å underminere fundamentet for den norske arbeidslivsmodell basert på faste tilsetjingar og tett partssamarbeid for produktivitet, utvikling, verdiskaping og velferd.

Me erkjenner at norsk arbeidsliv treng vikarar og stør dei deler av vikarbyrådirektivet som sikrar likebehandling, men meiner dette greitt lar seg implementere i norsk rett uavhengig av direktivet. Målsetjinga om å leggja til rette for meir fleksible former for arbeid er me derimot sterkt negative til, og fryktar at dette vil bidra ytterlegare negativt til den allereie alarmerande utvikling i europeisk arbeidsliv, der faste tilsetjingar er i ferd med å bli unntaket for dei som skal ut i arbeidsmarknaden.

Når arbeidsgjevarsida ivrar for direktivet er ikkje føremålet tryggleik for løns- og arbeidsvilkår, men fleksibilitet for arbeidsgjevarane under påskot av at dette skapar arbeidsplassar. Dette er feilslått politikk, og heller ikkje arbeidsgjevarane vil vera tent med utviklinga i retning lausarbeidar samfunnet som bryt ned grunnlaget for det vellukka partsbaserte samarbeidet som ein sentral del av norsk arbeidsliv fram til no.

At dette er eit minimumsdirektiv er mager trøyst når unntak skal grunngiast med allmenne omsyn som igjen skal målast opp mot dei grunnleggande fire fridomar EU retten er tufta på. Som kjent er det ikkje den norske regjering eller norske domstolar som avgjer om norske unntak står seg, men EU og EFTA domstolane. Tilsvarande saker har tidlegare ikkje gått i arbeidstakarinteressene sin favør, og NHO er klåre på at dei vil stemna både norsk arbeidsmiljølovgjeving og tariffvilkår på området inn for EU retten.

Norsk arbeidsliv har vore tufta på fast tilsetjing som hovudregel og lovverket har sterke avgrensingar mot midlertidige tilsetjingar og innleie. Utover omsynet til arbeidstakarane handlar dette om forsvar av den norske samarbeidsmodell og betydinga den har for produktivitet, verdiskaping og velferd.

Arbeidsutvalet for LO organiserte i Aker stør på denne bakgrunn den politiske streiken mot direktivet 18 januar.

Me vil avslutningsvis beklaga at frykt for at reservasjon og veto kan truga EØS-avtalen blir nytta som skræmsle mot å delta i kampen mot direktivet. Dersom EØS avtalen nok ein gong fungerer som tvangstrøya for å godta direktiva frå Brussel under trugsmålet om at elles vil EU iverksetja sanksjonar, syner det at debatten om Noreg er best tent med dagens EØS avtale eller alternative tilknytingsformer til EU er høgst relevant.

For Arbeidsutvalet LO i Aker ASA

Atle Tranøy

Konserntillitsvalgt

Annonse

Flere saker

Annonse