JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Klimafond for industriutvikling

God klima- og miljøpolitikk er god næringspolitikk. Alternativet til ein offensiv klimapolitikk kan bli eit avindustrialisert Noreg når oljealderen går mot slutten, fryktar Alf Holmelid.

Norsk industri er avhengig av å vere heilt i front teknologisk for å vere konkurransedyktig. Då industrien møtte strenge miljøkrav i sytti- og åttiåra, var det mange som spådde at den ville bukke under. Men bedriftene møtte ufordringane med offensiv teknologiutvikling, og resultatet blei styrka konkurransekraft i tillegg til betre miljø.

No står vi overfor ei klimautfordring som på same måten må møtast med ny teknologi og eit breitt samarbeid mellom styresmaktene og næringslivet. EU sin miljøkommisær, Connie Hedegaard, sa på klimakonferansen til ZERO at næringslivet i EU er opptatt av å investere i klimakutt innanlands for å sikre at dei følgjer med i den teknologiske utviklinga. Det er eit synspunkt som stadig fleire også i den norske debatten har tatt til orde for.

Dersom norsk industri skal møte dei utfordringane vi står overfor, må vi få på plass eit klimatiltaksfond slik mange i fagrørsla og i industrien har argumentert for. I tillegg til å redusere utsleppa, må vi ta posisjonar i den veksande marknaden for miljøteknologi. I EU er det ifølgje klimakommisær Connie Hedegaard skapt tre hundre tusen jobbar innan miljøvennleg energi og miljøteknologi dei fem siste åra. Vi må vere med på denne utviklinga. Det er for seint å hoppe på denne vogna når oljealderen er over.

Norsk oljeindustri er i internasjonal verdsklasse, og den har ein dominerande plass i norsk økonomi. Det er viktig å ha ein allsidig industri som gjer oss mindre sårbare, og som kan ta i bruk kompetanse frå oljesektoren når oljealderen går mot slutten. Dersom industrien blir borte, vil mange av våre forskingsmiljø og kompetansetunge spesialbedrifter forsvinne. Vi kan også miste vår evne til å utvikle klimavennleg teknologi som kan bidra til kutt i andre land. God klimapolitikk og framtidsretta industripolitikk er to sider av same sak. Dersom vi sår tvil om klimaforliket, er det ikkje berre ein trussel mot miljøet. Det er også ein trussel mot eit framtidsretta næringsliv og arbeidsplassar.

(Artikkelen sto på trykk i LO-Aktuelt nr. 2/2012)

Annonse
Annonse