JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Språkfella

Vi har vore både naive og passive i høve til språkutfordringa, skriv Arve Bakke.

Takk til LO-Aktuelt som i nr. 5 tar opp utfordringa med manglande norskkunnskapar hos mange arbeidsinnvandrarar. Eg er einig med dei som i artikkelen om «Språkfella» uttalar at vi kan vere i ferd med å få ein ny underklasse blant dei arbeidsinnvandrarar som ikkje har lært seg norsk. Eg trur vi har vore både naive og altfor passive i høve til denne utfordringa. Vi har nemleg ordna oss slik at arbeidsinnvandrarar korkje har rett eller plikt til å ta opplæring i norsk og å skaffe seg kunnskap om det norske samfunnet. Klubbleiaren ved Coca-Cola treff spikaren på hovudet når han uttalar at vi har gjort det for lett for mange å finne seg «komfortsoner» på arbeidsplassen der dei klarer seg utan å måtte kunne norsk. Den dagen dei må kunne norsk, står dei utan arbeidsplass.

Ei undersøking Fafo utførde i fjor om polske arbeidstakarar i Oslo viste at 34 prosent ikkje forstår noko norsk, og 29 prosent forstår berre nokre få ord. Berre 17 prosent av polakkane på byggeplassane snakkar vanlegvis norsk.

Ein kan spørje seg om det er mogeleg å fungere i eit slikt arbeidsliv. I byggebransjen blir utfordringa løyst ved å opprette separate arbeidslag, tospråklege arbeidsleiarar og tolkar. På fleire av skips- og offshoreverfta våre er ofte to av tre arbeidstakarar arbeidsinnvandrarar. Også her føregår arbeidet utan at desse arbeidstakarane kan norsk. Få forstår ikkje enkle beskjedar som blir gitt, kan ikkje lese oppslag, eller kan ikkje gjere seg forstått.

Statistikken tyder på at vi dei seinare åra har hatt ein dårlegare arbeidskraftsproduktivitet enn det som har vore vanleg i Norge. Det er for enkelt å dra den slutninga at det er fordi vi har stor arbeidsinnvandring at vi ser stagnasjon i produktiviteten. Likevel er det ein samanheng. I eit arbeidsliv der mange ikkje kan kommunisere med kvarandre på arbeidsplassen er det langt lettare at det skjer feil i produksjonen, og arbeidsulykker oppstår lettare. Det sosiale limet som god kommunikasjon arbeidstakarar imellom skapar, blir svekka.

Norge har stor import av arbeidskraft. Vi har ein større økonomi enn vi har folk, og vi vil ganske sikkert ha det slik i mange år framover. Då må vi ta utfordringa med at dei arbeidsinnvandrarar som har fått busetjingstillating, og som har som mål å etablere seg i Norge, må ha både ein rett og plikt til å lære seg norsk og få kunnskap om norske arbeidsforhold. Dette må finansierast av det offentlege eller i eit spleiselag saman med bedriftene.

(Artikkelen sto på trykk i LO-Aktuelt nr. 6/2012)

Annonse
Annonse