JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Krafttak for gåande og syklande

Storstilt satsing på vegar for gåande og syklande kan betre folkehelsa, trur Ole Høydal.

Mesteparten av bilkøyringa i Norge i dag skjer i ein radius på 2,5 km rundt heimen. Ein veit at kvardagsaktiviteten går ned og livsstilsjukdommar som følgje av overvekt og mindre fysisk aktivitet aukar. Fylka har overtatt ansvaret for det som tidlegare heitte riksvegar og dermed vegar for gåande og syklande langs desse. Kommunane har frå årsskiftet fått utvida ansvar for førebyggande helsearbeid gjennom Samhandlingsreforma. Det må satsast på å byggje ut vegar for gåande og syklande både i og utanfor tettbygde strok.

Utbygging av fleire gang- og sykkelvegar er ein effektiv måte som kan stimulere til auka fysisk aktivitet og dermed betre folkehelse. I tillegg kjem gevinsten av auka bulyst i buområde både i byar og i bygder fordi gang- og sykkelvegar gir muligheit for enkel og bilfri framkomst som gjer det lettare å kunne bruke naturen.

Argumenta for eit krafttak for å bygge vegar for gåande og syklande over lengre strekningar er mange:

– Trafikktryggingsomsyn: Vegar for gåande og syklande gir tryggare framkomst for mjuke trafikantar

– Miljøomsyn: Vegar for gåande og syklande reduserer bilbruken og dermed forureining

– Helseomsyn: Vegar for gåande og syklande er lågterskeltilbod som stimulerer til fysisk aktivitet

– Omsyn til born og unge: Mange born blir køyrd til skulen fordi skulevegen er farleg. Å kunne kome seg trygt på skulen for eiga maskin vil gi born gode vanar og auka fysisk aktivitet i kvardagen

– Fører med seg auka butrivsel

Bygging av vegar for gåande og syklande har tradisjonelt vore eit tema innan trafikktrygging, altså samferdsel. Samferdsel har avgrensa løyvingar og politikarar har hatt ein lei tendens til å prioritere større veg- og tunnellprosjekt og dermed «stele» midlar frå gang- og sykkelvegutbygging fordi pengane kjem frå same pott.

Men framover bør ikkje samferdsel ha «monopol» på planlegging og bygging av vegar for gåande og syklande. Spesielt må helsesektoren bli ein viktigare aktør på dette området.

No når kommunane og fylka har fått meir ansvar på viktige område som samferdsel og førebyggande helsearbeid, vil det vere viktig å utarbeide ein nasjonal plan for utbygging av vegar for gåande og syklande. Planen bør innehalde «gulrøtter» som stimulerar til samhandling og auka utbygging.

For framtida må ein bygge vegar for gåande og syklande samtidig med bygging av vegar. Det blir kostbart å byggje ut i fleire etappar med mindre det er naturleg med ulike traséval.

Mange bilistar ergrar seg over syklistar som syklar i vegbana. Dersom ein utvidar vegbana med cirka 1 meter på utsida av kvitstripa, vil ein enkelt gi tryggare tilhøve for syklistane og betre flyten i trafikken.

(Artikkelen sto på trykk i LO-Aktuelt nr. 6/2012)

Annonse

Flere saker

Annonse