JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

EFS inga erstatning for LO

Trepartssamarbeidet mellom arbeidstakar, arbeidsgjevar og stat som er typisk for den norske modellen, blir en illusjon i EU, skriv Noralv Veggeland.

EFS (European Trade Union Confederation), Europas LO, ble etablert i 1973 for å representere nasjonale LO på europeisk nivå. «Europautgreiinga», «Innanfor og utanfor», som handlar om forholdet Noreg – EØS, la fram sin sluttrapport 17. januar 2012, NOU 2012: 2. Denne stadfestar det som var trua; nasjonalpolitisk avmakt er ein sideverking av EØS-avtalen. EU og EØS er, som utgreiinga påpeikar, frå ein demokratisk synsstad eit høgst problematisk prosjekt. Det er det også for LO. Men avmakta i forholdet EFS og LO bli ikkje drøfta, sjølv om LO har sin sendemann i Brussel.

EU-prosjektet sitt hovudformål har vore å bryte ned statsgrenser mellom nasjonalstatar som hindrar fri flyt av varer, tenester, arbeid og kapital. Ideen har vore å skape eit «grenselaust» Europa. For å oppnå det måtte nasjonale handelshindringar, ulik forvaltningspraksis og fagforeiningsmakt bli fjerna og harmonisert med sikte på eit integrert Europa. Den største vansken for å lukkast med etablering av slike mekanismar var – og er - mangel på samkjensle mellom dei europeiske landa som slutta seg til integrasjonen; dei var i utgangspunktet prega av stor ulikskap. Systema, standardane, verdiane, kulturane, språket i dei ulike landa var ulike; problemet var mangel på det som kallas sosial og økonomisk samkjensle. Det skapte eit demokratisk underskot, for «demos» = «folket» mangla. Det ramma også fagrørsla. Den europeiske fagrørsla, EFS, kunne vanskeleg erstatte det nasjonale LO. Europautgreiinga uttrykker det postdemokratiske problemet på sin måte, likevel utan å gå inn på spørsmålsmålet om splitta fellesskap og manglande fagleg solidaritet.

Problemet med å realisere mekanismen samkjensle vaks med kor mange nye land som blei integrert, og med utvidingar av saksområde for integrasjon. Implementering av reguleringar for fri flyt av varer og kapital gjekk nokolunde bra. Problemet oppsto når saksområdet byrja å omfatte fri flyt av tenester og arbeidskraft. Konkret viste problemet seg for eksempel tydeleg i debatten om iverksettinga av det såkalla tenestedirektivet og det aktuelle vikardirektivet. Ulikskapen i verdihaldningar og forvaltningstradisjonar blei tydelege. I fokus kom velferdstenester sine ulike utviklingsnivå i dei ulike landa kopla til arbeidsvandring. Kva for rettar av typen trygdeytingar kan ein arbeidsvandrar ta med seg frå eit velferdspolitisk velutvikla land, som t.d. Noreg, tilbake til sitt heimland som er mindre utvikla, t.d. et austeuropeisk land? Skal strengare arbeidslivsreglar, til dømes som Noreg har, kunne gjelde sjølv om EUs noko lausare vikardirektiv blir vedteke? EFS er for direktivet, LO er i mot. Debatten gjeng og meiningar brytas, for harmonisering av regelverk og rettar i teneste- og arbeidsmarknadssektorane er krevjande. Europautgreiinga deltar ikkje i denne debatten, men teiknar situasjonen som et faktum.

Eit «grenselaust» Europa forutset avtalar, traktatar og kontraktar for å kunne fungere som ein integrert statseining. Traktatane regulerar og styrar nettverket av statar som utgjer EU, og dermed Unionen sin politikk. Utviklingsmekanismen er at EU sin politikk blir avleia av traktatar og avtalar, på same måte som Noreg sin politikk, på stadig fleire samfunnsområde, blir avleie av EØS-avtala i heile si omfang. Slik blir politikken rettsleggjort, og det blir slik at nasjonale og EU- ekspertar, juristar og ekspertinstitusjonar blir dei som formar og utøve politikk framfor parlamentariske/folkevalte forsamlingar og fagrørsla. Det skapast overnasjonalitet og et demokratisk underskot. Omgrepet demokratisk underskot indikerar at folkestyret er i oppløysning på mange samfunnsområde. Utvalsleiaren for Europautgeiinga vil ikkje vite av at det er ein indre motseiing i spørsmålet om EU- EØS – demokrati. I Klassekampen 15. februar 2012 seier han at forholdet mellom politikk og rettsleggjering av politikk berre dreier seg om ei «ubehageleg sanning». Også for fagrørsla?

Gjeldskrisa og krisa i euroområdet skullast for en stor grad uansvarleg nasjonal finanspolitikk, heiter det. Krisa er alvorleg i ein rekke av EUs medlemsland, slik som Hellas, Portugal, Spania og Italia. Nasjonale fagforeiningar får skylda. I verkelegheita er den internasjonale finanskapitalen som har skylda med sine uvettuge investeringar. Europautgreiinga utelet dette perspektivet.

EU krev meir overnasjonalitet i form av kontroll med dei nasjonale budsjetta og fagforeiningane. EFS er velt som forhandlingspart. Den såkalla Finanspakta skal regulere denne overnasjonale mekanismen på eit nytt felt, nemlig på feltet nasjonal finanspolitikk. Målet med pakta er å stramme inn velferdsstaten og reglane for kor store budsjettunderskot landa kan ha. Pakta gjeld i utgangspunktet for eurosona, men EU-landa utanfor kan også slutte seg til. Kravet er: Det strukturelle underskotet må ikkje overskride 0,5 prosent av det årlege bruttonasjonalproduktet. Land som alt har for stort underskot skal oversende EU-kommisjonen og EUs råd ein plan for kva for reform dei vil gjennomføre for å rette opp dette. Det skal gjennomførast automatiske sanksjonar mot statar der underskotet overskrid 3 prosent av brutto nasjonalproduktet (BNP). Verknadane for EØS-avtala og Noreg er i dag uklare. Nasjonale politikare mister makt og EU tar over makta på eit samfunnsområde som tidlegare var underlagt nasjonal kompetanse. Den same makta mister også nasjonal fagrørsle, mens det blir EFS som i staden blir konsultert. Trepartssamarbeid mellom arbeidstakar-, arbeidsgjevarorganisasjonane og stat typisk for den norske modellen, blir en illusjon. Europautgreiinga har ikkje fengje med seg at dette kan få store konsekvensar for Noreg. I tida framover kan nasjonal finanspolitikk bli eit kompetanseområde for EU med verknad også for EØS-avtala.

Noreg treng ein ny debatt om EU og EØS-avtalen. Europautgreiinga legg ikkje opp til det, for den diskuterar ikkje alternativ. Men fagrørsla kan gjera det.

(Artikkelen sto på trykk i LO-Aktuelt nr. 9/2012)

Annonse
Annonse