JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Likeverdige levekår

Utviklingshemma må få lovfesta rett til dag- og arbeidstilbod, meiner FO Hordaland.

Det er over 20 år sidan ansvarsreforma vart vedteke. Likevel er det langt igjen til integrering og like rettar og lik behandling for personer med utviklingshemming. Dette ser vi på alle område og i alle fasar av livet, frå fødsel, via barnehage, skule, arbeid til alderdom. Integrering, likeverd og normalisering er ikkje lenger faglege og politiske fyrlykter for arbeidet med menneske med utviklingshemming.

Integrering og normalisering må igjen setjast på dagsorden og vera styrande for levekår for menneske med utviklingshemming.

Bustadpolitikk er sentral for levekår og integrering. Kommunane må fjerne ventelister for personar med utviklingshemming, og bustader må liggje i vanlege bustadområder. Omsorgsgettoar og store bufellesskap strir mot prinsippa om integrering og normalisering og er ikkje akseptabelt.

Utviklingshemma må få eit skuletilbod på linje med andre. Det inneber at dei får undervising av kvalifisert personale i skuletida, og ikkje at store delar av dagen er dekka av assistentar eller ufaglærte. Vernepleiarar og andre høgskulegrupper kan vera viktige supplement til lærarar i skulen. Det inneber også at dei har rett til å kunna få tilpassa utdanning ut over vidaregåande skule.

Kompetansen i tenestene til personar med utviklingshemming må styrkast. Lovfesta rettar vert ikkje godt nok fylgt opp i den faktiske kvardagen. Tvang vert nytta utan at krav til kompetanse rundt tenestemottakar er oppfylt. Brukar sine individuelle behov må stå i sentrum for samarbeid på tvers av fag og sektor. Den faglege forståinga for oppgåvene må styrkast. Kompetanse er ein nøkkelfaktor for gode og funksjonelle tenester som sikre brukarmedverknad. Derfor meiner FO at minst 50 prosent av tilsette i tenestene skal ha høgare utdanning.

Utviklingshemma må få same moglegheiter til sosial deltaking og aktiv fritid som andre. Utgifter til ledsakarar på fritidssysler og ferie- og fritidsreiser må dekkast av det offentlege, slik at personar med utviklingshemming får same rettar og moglegheiter til sosial deltaking og aktiv fritid som andre.

Utviklingshemma må få lovfesta rett til dag- og arbeidstilbod. NAV må få klare føringar og ressursar for å integrere utviklingshemma i det ordinære arbeidslivet. Talet på varige tilrettelagte arbeidsplassar må aukast betydeleg, slik at det også er plass for personar med utviklingshemming som treng dette. Dei som har trong for det, må få dagsenterplass.

Innlegget er forkortet, red.

(Artikkelen sto på trykk i LO-Aktuelt nr. 6/2013)

Annonse
Annonse