JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Uroleg for industrien

Fellesforbundets leder Arve Bakke er fornøgd med hovedtrekka i forslaget til statsbudsjett, men seier at han likevel er uroleg for industriens situasjon.

– Det viktigaste er at Norge også til neste år får ei langt lågare arbeidsløyse enn dei fleste andre land. Arbeidslinja er ein raud tråd i budsjettforslaget, seier Arve Bakke.

Uroleg for verfts- og leverandørindustri

– Fellesforbundet er likevel urolege for situasjonen i deler av industrien, og særleg verfts- og leverandørindustrien. Vi er glade for at permitteringsregelverket blir vidareført og at det er eit høgt nivå på arbeidsmarknadstiltaka, og at det skal bli lettare med bedriftsintern opplæring, meinar forbundsleiaren.

Nok til industrilån?

– Vi er også glade for at fleire av dei ekstra verkemidla i tiltakspakka blir vidareført, slik at Innovasjon Norge har verkemiddel for finansiering og garantiar for lån til industri og annan næringsverksemd. Vi er likevel redde for at dette ikkje er nok til å hindra avskalling og nedlegging av bedrifter. Det er særleg den delen av budsjettet vi vil sjå nærare på og om nødvendig fremma forslag til forbetringar, påpeiker Arve Bakke.

Satser på miljøteknologi

Bakke synest det er positivt at regjeringa særlig prioriterer satsinga på miljøteknologi, energieffektivisering og fornybar energi.

– Ekstrasatsinga som kom i fjor og som i store trekk blir vidareført og styrka for 2010 vil kunne bidra til betydelege investeringar i ny fornybar energi, energiøkonomisering og fremja utvikling av miljøteknologi, påpeiker Bakke.

Formueskatt - bra omlegging

– Omlegginga av formueskatten som blir føreslått er bra. For det første vil omlegginga gi betre fordeling. For det andre vil den over tid påverka samansetjinga i investeringane i byggemassen, slik at det blir mindre attraktivt å byggja svære einebustader og luksushytter. Det gjer at ressursane i større grad kan vridast mot meir samfunnsnyttig bygging, seier forbundsleiaren.

Annonse

Flere saker

Annonse