JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bakke med bøssa

– Kven er det som er kasserar i denne bilen då? Forbundsleiar Arve Bakke bøyer seg fram og stikk innsamlingsbøssa heilt inn i bilen. Ingen slepp unna oppfordringa om å gje ein slant til TV-aksjonen.

has@lomedia.no

– I dag er det dobbelt billettering, smiler Bakke, medan han smyg seg oppover langs bilane som venter på at ferga skal legge til kai i Molde.

– Er han ordentlig registrert då? Sjå om han har identitetskort, spør ein av passasjerane.

– Denne karen har eg sett før, så her er nok alt i orden, humrar sjøføren. Vi får berre håpe at dei som skal ta imot pengane har "registreringa" i orden óg, seier mannen bak rattet, og brettar saman ein seddel som smett opp i bøssa.

– Takk for bidraget, helsar Bakke attende.

Kvinneprofil

Mest kvar helg reiser forbundsleiaren heim til Molde, og denne gongen nytta han høvet til å gjera ei god gjerning i same slengen. Hjelpeorganisasjonen CARE har ein profil som Bakke tykkjer om:

– Dette er hjelp til sjølvhjelp. Ved å gje pengane til kvinnene, er ein garantert at det er dei svakaste som som får dei. Vi veit at kvinner prioriterer å bruke pengane på heimen og barna. CARE legg óg til rette for at kvinnene kan få låne pengar og starte med noko på eiga hand, seier Bakke før han sprett oppatt frå benken.

Fergekøa byrjar å byggje seg opp, og det er klart for ein ny runde med bøssa.

Bakke gjer bøssa eit dunk i bottnen, slik at det raslar godt i myntane. Forbundsleiaren er ikkje heilt uvand med å samle inn pengar til velgjerdsarbeid. Som gut gjekk han ofte frå hus til hus med loddboka for Indremisjonen i heimbygda Ulsteinvik.

Gjevarglede

– I dag kan de hjelpe damene i Afrika. Dei treng det, roper han, og dunkar forsiktig på vindauget til dei som ikkje sit klare med pengane i handa.

Nokon seier at dei allereie har gjeve, medan andre vil gje når dei kjem heim.

– Det er konkurranse mellom kommunane om kven som gjer mest, så eg skjønner godt at dei vil putte pengane i ei anna bøsse, seier Bakke, som er nøgd og overraska over gjevargleda.

Mest alle puttar noko opp i bøssa. Ein som først takkar nei til bøssebæraren, får brått dårleg samvit, og kjem etter med ein blå seddel i handa.

– Takk, takk, seier Arve. Dei kjem godt med.

4.846 kroner

Tre fergekøer rekk han å sjarmere, før det er tid for å sette kursen mot sparebanken Møre sine lokaler i Storgata for å levere inn bøssa.

Her får bøssebæraren varm kaffi, og ei kvittering på at ettermiddagens gode gjerning resulterte i 4.846 kroner til kvinnene i Afrika.

Annonse
Annonse