JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Feigt og pinleg?

Under overskrifta «Feigt og pinlig» hissar redaktøren i LO_Aktuelt, Svein-Yngve Madssen seg opp til dei store høgder (20.6). Han mislikar eit oppslag i Aftenposten same dag, der eg og leiarane i YS og Akademikerne etterlyser regjeringa si oppfølging av viktige arbeidstakarsaker.

Dette får redaktøren til å konkludere med at det er feigt å ikkje rå medlemmene til å stemme blått. Å fremme viktige arbeidstakarkrav som fast tilsetting, sikre pensjonsvilkår m.m. er altså å sjå på som støtte til blå politikk når det kjem som kritikk mot regjeringa. I følgje Madssen.

– Les også: Svein-Yngve Madssens kommentar «Feigt og pinling»

Men konsistent er redaktøren ikkje. Han ilar nemleg til med å seie at det er lov å kritisere manglar ved den «rødgrønne regjeringens arbeidslivspolitikk». Men det må tydelegvis helst kome frå rett hald, og viser til at også LO har kritisert regjeringa. Tenk det!

I tråd med sin eigen «logikk», etterlyser Madssen ryggrad hos andre. Difor er det ikkje overraskande at redaktøren bruker «Fri»fagbevegelse til å rope feigt og pinleg om ytringar han ikkje likar.

Annonse
Annonse