JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vil la 16-åringer stemme

Han vil ha mer fokus på ungdomssaker som personvern, dyrevern, miljø og skolepolitikk. Og stemmerett til 16-åringer.

bjorn.erik.dahl@anb.no

Sveinung Rotevatn (26), leder i Unge Venstre, fra Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

1. Hvorfor driver du med politikk?

– Fordi eg har meiningar om samfunnsutviklinga, og ønskjer å bu i ei verd med tryggleik for alle, fridom for enkeltmennesket og ein berekraftig miljøpolitikk.

2. Hva er forskjellen på ditt ungdomsparti og partiet?

– Vi er einige om hovudretninga, og dei viktigaste sakene. Unge Venstre er nok hakket meir internasjonalt orientert, til dømes gjennom synet på tollmurar og EU-medlemskap, og ønskjer ein endå meir radikal miljøpolitikk.

Er du i tvil om hva du skal stemme? Sjekk Velgerhjelpen!

3. Hvordan kan man drive valgkamp for partiet når ungdomspartiet gjerne kan ha andre synspunkter enn partiet?

– Dersom ein var svært ueinige om hovudretninga, ville det vore vanskeleg. Heldigvis er ikkje det tilfelle. Dei små usemjene vi har, lever vi godt med. Venstre er det beste partiet ein kan stemme på, og så diskuterer vi korleis det kan bli endå betre når vi handsamar partiprogrammet.

4. Føler du at ungdomspartiet blir hørt i saker som betyr mye for dere?

– Ja. Vi har hatt store gjennomslag dei siste åra, mellom anna i dyrevelferdspolitikken, innanfor rusomsorg og i skulepolitikken.

5. Nevn tre saker der partiet er totalt uenige med dere.

– Unge Venstre er for å avskaffe verneplikta, senkje handlingsregelen og å tillate aktiv dødshjelp. Det er ikkje Venstre.

– Les også: Lover én milliard til elever som sliter

6. Hva er ditt kjipeste og ditt beste øyeblikk i møte med «voksenpolitikere»?

– Det kjipaste er når politikarar du veit er einige med deg i sak likevel vel å stemme mot si eiga overtyding – fordi dei tek taktiske omsyn til partiet eller til eiga karriere. Det beste er når dei gjer det motsatte.

7. Hva er ditt beste minne fra ungdomspartiet?

– Det er utruleg mange å ta av. Men det beste er nok valkampen i 2011. Dei var ein enorm entusiasme over heile landet, medlemmane strøyma inn, vi gjorde eit kanongodt skuleval og kunne feire Venstres beste lokalval på 40 år.

8. Hvorfor er det så få unge under 30 år som stemmer?

– Ulike årsaker. Ein viktig faktor er at politikarar i hovudsak vender seg til eldre veljarar, og snakkar mest om spørsmål som helsekøar, eldreomsorg og vegbyggjing. Grunnen er delvis at eldre veljarar er flinkare å bruke stemmeretten. Slik sett er det ein vond sirkel.

– Les også: Jens fant teknikken

9. Hva kan gjøres for å få flere unge til å stemme?

– Snakke meir om viktige ungdomssaker som personvern, dyrevern, miljø og skulepolitikk. Dessutan meiner eg vi bør senkje stemmerettsalderen til 16 år. Erfaringar, både frå Noreg og andre land, er at 16-åringar stemmere i høgare grad enn 18-åringar. Grunnen er at dei er i ein meir stabil livssituasjon, får valinformasjon på skulen og bur på heimstaden sin.

10. Hvilken samfunnsutvikling får vi i Norge hvis det skulle bli et skifte fra rødgrønt til borgerlig flertall?

– Vi vil få ein betre skule, meir valfridom i kvardagen og eit arbeidsliv der det alltid løner seg å arbeide og skape arbeidsplassar. Men det er sjølvsagt ein skilnad på ei mørkeblå regjering og ei blågrøn regjering. Difor er det viktig å stemme Venstre. For miljøet, for asylborna og for ein ansvarleg økonomisk politikk. (ANB)

Annonse
Annonse