JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Henter inn ekspertråd

Arbeids- og Inkluderingsdepartementet har i dag oppnemnd ei fagleg ekspertgruppe som skal vurdere mulige administrative tiltak som kan hjelpe til med å snu den urovekkjande utviklinga i sjukefråværet.

Ekspertgruppa har fått i oppdrag å vurdere fleire mulige administrative tiltak. Det kan for eksempel vere betre oppfølging av dagens reglar, gjennomgang av ”stopp-punkt” i sjukefråværsløpet, aktivitetskrav for arbeidstakar og ei vurdering av sjukmeldaren si rolle, skriv departementet i ei pressemelding.

Klar reduksjon målet

Vurderingane bør bygge på tidligare erfaringar frå Noreg og andre land, og anna tilgjengeleg kunnskap om sjukefråværsutviklinga og ”drivarane” bak sjukefråværet. Føremålet er å finne tiltak som kan bidra til ein klar reduksjon i sjukefråværet.

To måneder på seg

Gruppas anbefaling skal føreligge 1. februar 2010. Slik kan anbefalinga sjåast i samanheng med drøftingane arbeidsministeren skal ha med partane om IA-avtalen og tiltak mot sjukefråvær, som skal starte i midten av januar og vere avslutta før gjeldande IA-avtale går ut 1. mars 2010, skriv departementet vidare.

– Anbefalingane frå ekspertgruppa vil vere eit viktig grunnlag når regjeringa saman med partane i arbeidslivet over nyttår skal drøfte innhaldet i ei vidareføring av IA-avtalen og eventuelle tiltak for å få ned sjukefråværet, seier arbeidsminister Rigmor Aasrud.

Vurdere betre virkemiddel

Arbeidsministeren er samd med partane i arbeidslivet om å vurdere betre virkemiddel for å få ned sjukefråværet. Partane støttar at ekspertgruppa blir oppretta, og skal vere med i ei referansegruppe for dette arbeidet, understreker Aasrud.

Ekspertgruppens mandat

Annonse

Flere saker

Annonse