JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Skuffa over basisløyvingar

NTL Universitet og høgskular saknar auka basisløyvingar til utdanningsinstitusjonane.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Kunnskapsministrane Kritin Halvorsen og Tora Aasland (begge SV) meiner dei har fått god uttelling i statsbudsjettet for 2011, med ein vekst på 4,4 prosent.

- Vi er glade for at regjeringa innanfor eit stramt budsjett har valt å prioritere det viktigaste for framtida, kunnskapssektoren, seier dei.

Ikkje nøgd

Men leiaren i NTL Universitet og høgskular, Ann Kristin Alseth, er ikkje imponert.

- Det er positivt at dei aukar talet på studieplassar, men når dei ikkje aukar basisløyvingane kan det gå utover forskinga og kanskje gje dårlegare kvalitet på studietilbodet, seier ho.

Alseth tykkjer det er rart at regjeringa ikkje aukar desse løyvingane.

- Det ser ikkje ut som den raudgrøne regjeringa tar inn over seg at at det er brei semje i sektoren om at det er basisløyvingane til unversiteta og høgskulane som må opp, seier ho.

Forsking

Dei viser til at midlane til grunnforsking aukar med 60 millionar kroner. Kapitalen i Forskingsrådet skal auke med 3 milliardar kroner. Totalt skal regjeringa bruke 24 milliardar kroner på offentleg forsking og utvikling.

- Den banebrytande forskinga er heilt avgjerande for at ein skal finne løysinga på kva Noreg skal leve av når oljen tek slutt. Regjeringa har derfor prioritert å auke løyvingane til grunnforsking med 60 millionar kroner i 2011. Ved å utvide den opne konkurransearenaen for framifrå forsking (FRIPRO) sikrar vi finansiering til dei beste forskingsmiljøa, seier Aasland i ei pressemelding.

Samstundes vil regjeringa opprette 2200 nye studieplassar frå neste haust. Lærarutdanninga vil få 114 millionar kroner meir.

Fleire hyblar

Regjeringa vil også byggje 1000 nye studenthyblar det neste året.

Alle byggjeprosjekt inan høgare utdanning skal vidareførast, noko regjeringa kjem til å bruke 1,2 milliardar kroner på. Dessutan skal desse nye prosjekta får utstyr for nesten ein halv milliard kroner.

Regjeringa set òg av 50 millionar kroner til diverse samarbeidsprosjekt mellom universitet og høgskular.

Annonse
Annonse