JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Aasrud manar til utvikling

Offentleg sektor skal effektiviserast, men det betyr ikkje færre tilsette, fastslår fornyingsminister Rigmor Aasrud (Ap).

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud (Ap) gjesta NTL sitt landsmøte mandag. Ho var tydeleg på at offentleg sektor står framfor store utfordringar, med internasjonal finanskrise, eldrebølgje og oljeressursar som har ei avgrensa levetid.

For å møte desse utfordringane, seier Aasrud at det offentlege må utviklast, med hjelp frå dei tilsette og IKT.

- Eg ønskjer ein offentleg sektor som møter folks forventningar, leverer tenester effektivt og med høg kvalitet og utnyttar teknologien. Det er ikkje tvil om at vi står framfor krevande utfordringar, som gjer omstilling heilt naudsynt. Klarar vi ikkje dette, kan vi stå framfor ein situasjon der offentlege oppgåver vert tekne over av private, seier Aasrud.

Ikkje nedbemanning

Aasrud var snar med å presisere at omstilling ikkje inneber oppseiingar.

- Den viktigaste faktoren er vi som jobbar i staten. Difor treng vi kompetente leiarar og medarbeidarar. Skal vi lukkast med fornyinga av statleg sektor, må vi utvikle kompetansen til dei tilsette gjennom heile livet, seier ho.

Samstundes trekk Aasrud fram moglegheitene med ny teknologi.

- Det er liten tvil om at IKT er den enkeltfaktoren som kan bidra mest til fornying dei neste 20 år. Det kan bidra til mindre bruk av ressursar og høg brukartilfredsheit.

Bevarar lønnssystemet

Statsråden fekk òg spørsmål fra NTL-medlemmer, om ho vil oppretthalde dagens statlege lønnssystem, om ho vil sikre betre innverknad frå tilsette i omstillingsprosessar, om ho meiner lokal fordeling av likelønnspotten fungerer godt og om ho kunne garantere at det ikkje ville komme fleire angrep på systemet med kollektive avtaler.

- I lønnsoppgjøret var eg oppteken av at vi skulle gjere ein forskjel på likeløn, og det syns eg vi har fått til saman og kan vere stolte av. Eg har ingen planar om å kaste lønnssystemet vi har på båten, til det er det for verdifullt, sa ho.

Aasrud tok med seg at NTL Skatt ikkje er nøgde med med opplegget for likelønnspotten, og ville ikkje gå inn i spesiefikke omstillingsprosessar.

Vil redusere byråkratiseringa

I si landsmøtetale utfordra Turid Lilleheie statsråden på bruken av midlertidige i staten, og kravde reduksjon i denne. Ho åtvara òg mot aukande byråkratisering, og oppfordra statsråden om å sleppe dei tilsette fri.

Aasrud svarte ikkje på dette direkte i talen, men seier seg einig i at byråkratiet i staten bør reduserast.

- Vi endar lett med å seie at vi vil ha ein rapport eller statistikk når vi lurar på noko. Det er sjeldan nokon seier vi ikkje treng ein eigen statistikk når det vert etterspurd. Eg er einig i at det er blitt for mykje, men samstundes er det vanskeleg å peike spesifikt på kva ein ikkje treng. Eg trur mykje vil bli betre med nye IKT-løysingar, der mykje kan gjerast automatisk, seier Aasrud.

- Tykkjer du staten har ein god praksis for midlertidige tilsetjingar?

- Vi har etablert gode permisjonsordningar, og då er ein nøydd til å ha ein del midlertidige. Det er interessant å høyre om vi har ein for lemfeldig praksis med permisjonar, seier Aasrud.

Annonse

Flere saker

Annonse