JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Svara på marknads-kritikk

Innsatsstyrt finansiering er riktig for enkelte verksemder og periodar, seier statsminister Jens Stoltenberg. Han har ingen konkrete planar om å innføre dette på fleire områder.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Statsminister og NTL-medlem Jens Stoltenberg (Ap) innleia på NTLs landsmøte onsdag. Han brukte mykje tid på å forklare den norske velferdsmodellen sin suksess og årsak, og åtvara mot farene i form av Høgre og Frp.

I spørsmålsrunda etter innleiinga kom spørsmåla frå delegatane, og då dreidde debatten over på eit av dei store spørsmåla på landsmøtet: Marknadstenking i offentleg sektor.

Stoltenberg vart kravd for svar på om kva han ønskjer å oppnå med å nytte privatøkonomiske prinsipp i offentleg sektor, og om han er uroa over tilbakemeldingane frå dei tilsette i sektoren.

Pragmatisk

Stoltenberg svara med å fastslå at ein skal vere tru mot måla, ikkje mot virkemidla.

- Eg er ein sterkt tilhengjar av offentleg sektor, det er den viktigaste reiskapen vi har for å løyse fellesoppgåvene. Fordi offentleg verksemd er så mangfaldig og med så mange oppgåver, skal vi vere litt audmjuke og seie at det ikkje finns eitt rekneskapssystem som alltid vil passe i alle verksemder. Vi må vere opne for at ein modell kan passe best i eit visst område eller i ein viss periode, medan ein annan modell kan passe betre ein annan stad. Difor er hovudprinsippet kontantprinsippet, men eg meiner det ikkje er nokon ulempe for sjukehusa å ha eit system som til dømes viser at det er ein kostnad som er knytt til bygningsmassen og forfall på den, sa Stoltenberg.

Han trekte og fram stykkprisfinansieringa av barnehagane som eit eksempel på eit område der marknadsbasert finansiering har fungert, men som snart skal fjernast med full barnehagedekning.

- Barnehagar er eit område der vi har innført marknadsbasert finansiering, om ein vil nytte eit litt stygt ord. Eg nyttar innsatsbasert finansiering, og for barnehagar har vi fått ei fantastisk utvikling. Men frå 1. januar 2012 er det slutt på stykkprisfinansiering, etter at vi har fått den kraftige utbygginga av barnehageplassar, sa statsministeren.

Ganske utru

Det viktigaste er kva ein får til, ikkje korleis ein får det til, var statsministeren sin bodskap. Å ha eit pragmatisk og ope sinn for kva virkemiddel ein nyttar for å få utvikle offentleg sektor, meiner Stoltenberg er avgjerande.

- Det er virkemiddel, ikkje mål. Ein skal vere tru mot måla og ganske utru mot virkemidla. Men å vere prinsipielt i mot rekneskap som viser at verdien på bygg dett er eg heilt i mot, fordi eg vil ha ein god offentleg sektor, seier han.

- Er det nye områder som er aktuelle for marknadsbasert/innsatsbasert finansiering?

- Eg har ikkje bestemte planar om det no, eller eksempel eg tenkjer på. Eg nytta to eksempel eg sjølv kjenner. På barnehagar har det vore ein stor suksess. Det er kanskje ikkje riktig på andre områder, men det varierar.

- Så du har ingen planar om det no?

- Eg kjenner ikkje til nokre nye områder kor det er planlagt, men eg tør ikkje garantere at det ikkje finns planar om det nokon stad. Men i så fall kjem det opp til handsaming, seier han.

Samstundes understreka statsministeren at han tok meldingane frå NTL-medlemmane alvorleg.

- Det er klart eg vert uroa når eg høyrer så mange tilbakemeldingar. Målet er ikkje at menneske skal sitje å fylle ut skjema heile tida. Dei skal behandle, forske eller ta seg av barn. Eg er kva tid som helst villig til å diskutere når vi har funne den riktige balansen, seier han.

Takka Lilleheie

Stoltenberg fortalde landsmøtet også om då han var nær ved å bli valt som kasserar i foreininga ved Statistisk sentralbyrå.

- Dei fann meg ikkje kvalifisert. Så då satsa eg på politikken, og det var enklare å nå fram der, fleipa Stoltenberg.

Han trekte og fram samarbeidet han har hatt med NTL-leiar Turid Lilleheie gjennom 12 år.

- Det er ekstra vemodig å vitje dette landsmøtet, fordi eg her får takke Turid for 12 års fantastisk samarbeid. Du har stått på, vore ein hardt arbeidande og markert forbundsleiar. Eg føler vi har samarbeidd godt, enkelte gongar har du hatt meiningar eg ikkje er einig i, og omvendt, men vi har funne sammen til gode løysingar. De må vere stolte over jobben Turid har gjort, ho har stått på, difor får eg takke deg for 12 års fantastisk innsats, sa Stoltenberg.

Annonse
Annonse