JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Store utfordringar for afrikansk fagrørsle

LOs Alice Siame seier NTL og LOs engasjement i Afrika er avgjerande for å oppnå anstendige tilhøve for afrikanske arbeidarar.

Siame, som er LOs representant i Afrika, har vore til stades på heile NTL-landsmøtet. Torsdag fortalde ho delegatane om arbeidet LO og forbunda er med på, og kva som er dei viktigaste oppgåvene.

- Vi har mange utfordringar, seier ho.

I startgropa

Frie fagforeiningar vart ikkje ein realitet i Afrika før utpå 90-talet. Siame seier fagrørsla har store oppgåver å løyse på dei fleste felt.

- Den fyrste hovudutfordringa er utvikling av fagrørsla. Fagforeiningane treng å byggje demokratiske strukturar, interndemokrati og medlemsdemokratisering. Det er naudsynt å skulere leiarane slik at dei kan styre fagforeiningane som demokratiske institusjonar, fortel ho.

Det trengs òg grunnleggande opplæring i forhandling, rekruttering og korleis drive organisasjonen sjølve.

- Den andre utfordringa er sosioøkonomisk. Det er høg arbeidsløyse og høge fattigdomstal, og det gjer at det er ei utfordring å skaffe nye medlemmer. Det er mange brot på internasjonale standardar og avtaler, sjølv om landa har ratifisert ILO-konvensjonar. Kina sitt inntog i Afrika har ført med seg eigne komplikasjonar, fortel ho.

Siame seier det ikkje er uvanleg at kinesiske firma stengjer fabrikkane sine over natta, gjerne den dagen eit fem års skattefritak er over.

- Den tredje utfordringa er HIV og AIDS. Fagrørsla misser medlemmer, leiarar og erfarne tillitsvalde. Afrikansk fagrørsle har tatt fatt på kampen mot HIV og AIDS, og arbeider hardt for å auke bruken av kondomar, seier Siame.

Viktig hjelp

Siame er tydeleg på at LO og dei tilslutta forbunda bidreg substansielt i dei sju landa dei er involverte i. Ho skryt spesielt av måten norsk fagrørsle driv sitt solidaritetsarbeid.

- Med dykkar støtte har LO stått sterkt bakk sine partnarar, i fare, krise og feiring. Det er også noko unikt med LO si støtte: Tradisjonen for LO er å setje seg ned og diskutere, finne ut kva behova er og korleis ein skal gå vidare. Det har gjeve LO mykje respekt i Afrika, og vi håpar de vil halde fram med det, seier ho.

Siame skryt òg at NTLs innsats i Malawi, der Trud Lilleheie og Dag Westhrin er blant dei som har vore på besøk fleire gongar. Ho fortalde korleis ei brønn NTL betalte for i ein liten landsby langt ute på bygda. Der har sjukdomen blitt redusert med 75 prosent, og kvinnene har fått frigjort mange timar dagleg, som dei før brukte til å gå etter vatn som ikkje eingong var reint.

- Fleire av kvinnene engsjerer seg no i fagrørslearbeid, og ei av dei har nyleg blitt vald til kasserar for eit av forbunda i landet, fortel ho.

Den internasjonale solidariteten er avgjerande for Afrika, og Siame seier eit nord-sør-samarbeid og overføring av kunnskap er grunnleggjande for at internasjonale arbeidsstandardar festar seg i Afrika.

- Dette er ikkje dykkar plikt å hjelpe oss. Men måten de har hjelpt oss på har betydd enormt mykje, og eg takkar dykk. Turid har inspirert mange kvinner i våre treningsprogram, og vi takkar for at ho har gjort det for oss, avsluttar Alice Siame.

Annonse
Annonse