JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Folkets Hus

Fra Royal Albert Hall til Folkets Hus på Kvål

Det er langt frå Royal Albert Hall til Folkets Hus på Kvål. Men då Åge Aleksandersen skulle sette opp turneen sin i sommar, etter mal frå den ikoniske songen, måtte Kvål besøkast.

Ole Palmstrøm

Dermed fekk Jill Haugen, leiar i Folkets Hus på Kvål i Sør-Trøndelag, telefon om at Åge ville leige lokalet for å halde konsert.

– Då blei eg rimeleg satt ut. Men dette er jo eit av høgdepunkta i huset si historie, seier ho.

Fra venstre: leder Jill Haugen, forretningsfører Nina Trotland og styremedlem Thore Strøm ved Folkets Hus i Kvål foran turnébussen til Åge Aleksandersen og Sambandet.

Fra venstre: leder Jill Haugen, forretningsfører Nina Trotland og styremedlem Thore Strøm ved Folkets Hus i Kvål foran turnébussen til Åge Aleksandersen og Sambandet.

Historia til huset er rik. Kvål Arbeidersamfunn eig huset, og blant stiftarane her finns Martin Tranmæl, som står på sokkel i nabobygda Melhus.

Arbeidersamfunnet har eit husstyre, og her sit Jill Haugen (leiar), Nina Trotland og Tore Strøm. Huset vart bygd i 1906, og har 110-årsjubileum i år.

Då Kvål Arbeidersamfunn bestemte seg for å byggje eit Folkets Hus, måtte nokon garantere for økonomien. Det ansvaret tok Arnt Trøan, og vart dermed personleg ansvarleg for økonomien i byggjeperioden.

Det er to salar i huset, på 30 og 90 kvadratmeter.

– Den vesle salen blei kalt «karsk-salen», der dei før sat og pjalla. Det er det slutt på no, ler Haugen.

I mange år var det bygdekino her, ei luke i veggen minner om det.

Dei klassiske portretta heng framleis på veggane, sjølv om nokon av Melhus sine motstandsheltar frå arbeidarrørsla blei tatt ned i høve konserten.

Lydmannen kunne risikere å få dei i hovudet.

Huset vart utvida i 1980, med blant anna kjøken. Folkets Hus i Kvål har blitt meir brukt dei siste åra.

– Bruken tar seg heldigvis opp. Vi har til dømes hatt fleire humanetiske gravferder her, seier Trotland.

– Tidlegare var alt inne i huset brunt. No når det er malt lyst, er det litt trivelegare. Dette skal vere eit hus som er billeg å leige, slik at alle kan gjere det, seier Haugen.

Det kostar 3000 kroner å leige huset ei helg.

Dei siste åra har Folkets Hus arrangert loppemarknad for å skaffe inntekter til huset. I år vart det Åge-konsert i staden. I tillegg arrangerer dei julemesse.

Då er det kaffisal og utlodding, og så leiger dei ut bord til dei som har varer å selje, mest handarbeid og julebakst.

– Vi må ha økonomi for å vere sikre, seier Tore Strøm, og legg til at dei har klart å investere noko dei siste åra – blant anna i nytt lydanlegg.

Lydanlegget blei imidlertid for smått for Åge Aleksandersen.

På konsertdagen i sommar kom ein semitrailer som nesten var større enn huset, med utstyr. Kasser på kasser blei trilla inn i storsalen, som fort vart fylt opp.

– Like viktig som Royal Albert Hall

Brannvesenet hadde satt 200 personar inne i lokalet som grense for konserten. Det er nok mange år sidan Åge Aleksandersen spelte ein ordinær konsert for så få.

Sjølv kom han og bandet ein dryg time før konserten for ei kjapp lydprøve.

SJÅ VIDEO

Før den starta, ga han beskjed om at dei fire-fem ivrigaste som allereie sto på trappa, måtte sleppast inn. Det regna denne sommarkvelden.

– Ja, det er dårleg stil å la folk stå ute i regnet og vente, sa han sjølv til LO-Aktuelt.

Dermed blei lydprøva ein ekstra liten intimkonsert.

Åge forklarer at konserten i Kvål er like viktig som den han spelte i London nokre veker før.

– Det å spele i slike lokaler er ein stor del av historia mi som musikar. Så det er litt nostalgi og litt jippo. Dette er like eksotisk som å spele i Royal Albert Hall. Eg kan ikkje hugse sist vi spelte i eit så lite lokale. Heile rommet er mindre enn kva vi vanlegvis har som scene, seier Aleksandersen.

Sjølv har han rikeleg med minner frå Folkets Hus, og meiner han har spelt på alle.

Åge Aleksandersen før konserten.

Åge Aleksandersen før konserten.

– Det var her det foregjekk tidlegare. Dans, dugnad, samlingar, konfirmasjonar, møter og kurs. Den tida er borte, men det er klart Folkets Hus har vore veldig viktige, seier han. På sine mange år på turne rundt om i Norge, har han også merka seg spesielt ved nokre Folkets Hus rundt om:

– På nokon av dei store industriplassane er det nokre svære, flotte salar. I prinsippet er dei like, med dei same bildene som heng på veggane, smiler Aleksandersen.

Åge har ei lang og velkjent historie med LO og arbeidarrørsla.

Tidlegare leiar Arthur Svensson i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund fiksa medlemskap for han etter at han ikkje fekk bli med i musikarforbundet.

Prosjektet hans i Nicaragua har fått god hjelp frå AOF og Fagforbundet. Når Åge tar oppdrag for LO eller forbunda, går honoraret til dette formålet.

Leiar Jill Haugen i Folkets Hus på Kvål foreviger den spesielle kvelden.

Leiar Jill Haugen i Folkets Hus på Kvål foreviger den spesielle kvelden.

– Det er dugnadsanda som har heldt det oppe her i Kvål

John Eidem (85) er ikkje ein av dei som tenkjer mest på seg sjølv. Han var med på restaureringa og utbygginga av huset rundt 1980, og var med på dugnadsinnsatsen i forkant av konserten i sommar.

Han var den som malte opp under gavlen. Men så er han også fersk verdensmester i skihopp, der han vant med eit hopp på 20 meter i vinter.

John Eidem (85) var med på dugnadslaget som gjorde Folkets Hus i stand til Åge-konserten.

John Eidem (85) var med på dugnadslaget som gjorde Folkets Hus i stand til Åge-konserten.

– Om vi ikkje hadde gjort noko då, ville bygget ha sige ned i jorda. Eg jobba med linjebygging på den tida, og fekk tak i impregnerte pålar. No står huset på desse. Det er dugnadsanda som har heldt det oppe her i Kvål. Og så er det søye artig at Åge kom hit. Det er midt i blinken, seier han.

SE VIDEO

Folkets Hus Kvål

LANGT IGJEN TIL ROYAL ALBERT HALL: Den fyrste sangen på Åge Aleksandersen si fyrste plate, er utgangspunktet for turneen som tok han både til London, Kirkenes, Hammerfest, Vinstra og til Kvål.

LANGT IGJEN TIL ROYAL ALBERT HALL: Den fyrste sangen på Åge Aleksandersen si fyrste plate, er utgangspunktet for turneen som tok han både til London, Kirkenes, Hammerfest, Vinstra og til Kvål.

Annonse

Flere saker

Annonse

Folkets Hus Kvål

LANGT IGJEN TIL ROYAL ALBERT HALL: Den fyrste sangen på Åge Aleksandersen si fyrste plate, er utgangspunktet for turneen som tok han både til London, Kirkenes, Hammerfest, Vinstra og til Kvål.

LANGT IGJEN TIL ROYAL ALBERT HALL: Den fyrste sangen på Åge Aleksandersen si fyrste plate, er utgangspunktet for turneen som tok han både til London, Kirkenes, Hammerfest, Vinstra og til Kvål.