JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Svekka krav om arbeidstakarrettar

Eit berekraftig næringsliv kan ikkje vera berekraftig utan eit anstendig arbeidsliv. Men frå 2015 har styresmaktene lagt mindre vekt på arbeidstakarrettar i samfunnsansvaret norske selskap og bedrifter skal ta i utlandet.

Colourbox.com

Arbeidstakarar er i sentrum av næringslivets samfunnsansvar, og sysselsetting vert sett på som ei av dei mest grunnleggande sosiale og økonomiske rollene ei bedrift har.

Norsk samfunnsansvarspolitikk er retta mot norske bedrifter og selskap som opererer i utlandet. I Norge er mykje av det ein ønskjer å regulere gjennom at næringslivet tek samfunnsansvar, institusjonalisert gjennom lover, avtaleverk og trepartssamarbeid. Debatten rundt kva ansvar ei bedrift har og bør ha, har difor ikkje vore like aktuell i Norge som i mange andre land.

I 2009 gav Regjeringa Stoltenberg II ut den første, og så langt einaste, stortingsmeldinga om næringslivets samfunnsansvar. I meldinga kan ein lese at bedriftene påverkar samfunnsutviklinga der dei opererer, og difor har dei eit ansvar som går lengre enn lønsam verdiskaping. Regjeringa viste til at bedrifter kan vera lønsame i økonomisk forstand, men at verksemda samstundes kan skade både arbeidstakarar og nærmiljø.

Nesten ti år seinare, skreiv dåverande utviklingsminister Nikolai Astrup i ein kommentar i Dagens Næringsliv (05.02.18) at norsk næringsliv er godt posisjonert til å bidra til berekraftige samfunn over heile verda, både gjennom løysingane dei sel og ved ansvarleg drift. Regjeringa forventar og opplever at norske bedrifter er blant dei fremste i å utøve samfunnsansvar internasjonalt. Ifølgje Astrup sørgjer dei for anstendige arbeidstilhøve og respekt for menneskerettane i heile verdikjeda.

Når ein les dette, kan ein få inntrykk av at det har vore ei enorm utvikling i kva samfunnsansvar norsk næringliv tek når det opererer i utlandet. I det første utdraget er det ei anerkjenning av at norske selskap kan skade arbeidstakarar og miljø. Det andre utdraget viser til at det norske næringslivet er best i klassen, tek samfunnsansvar og sørgjer for anstendige arbeidstilhøve.

Dette var utgangspunktet for masteroppgåva mi «Frå samfunnsansvarleg til berekraftig næringsliv? Styresmaktene sine tilnærmingar til næringslivets samfunnsansvar i eit 10-årsperspektiv». Eg analyserte sju stortingsmeldingar og ein handlingsplan der næringslivets samfunnsansvar i utlandet var eit tema.

Kva fanne eg?

• Styresmaktene sine definisjonar av næringslivets samfunnsansvar har i heile perioden lege tett opp mot dei internasjonale rammeverka og initiativa som til ei kvar tid har vore rådande. Det har vore ei utvikling frå ILO sin anstendig-arbeid-agenda, OECD sine retningslinjner for fleirnasjonale selskap og UN Global Compact, til FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar og FNs berekraftsmål.

• Den etiske grunngjeving for at næringslivet skal ta samfunnsansvar har vorte svekka.

• Frå år 2014/2015 ser eg at språkbruk i høve til menneskerettar og anstendig næringsliv har vorte meir passiv.

• Tilnærmingane til samfunnsansvar har bevega seg vekk frå ILO sin definisjon av anstendig arbeidsliv, ei løn å leve av og globale rammeavtalar mellom fleirnasjonale selskap.

• Det er eit paradoks at norsk samfunnsansvarspolitkk i høve til arbeidstakararne og arbeidstakarrettar vart svekka i same perioden (2014-2017) som Regjeringa var representert i ILO-styret, FN si vaksbikkje i næringslivet.

• Regjeringa har slått fast at eit ansvarleg næringsliv er ein føresetnad for ein berekraftig og inkluderande økonomisk vekst. Trass dette er det sjeldan at berekraftsmåla vert knytt saman med FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar og OECD sine rettningslinjer for fleirnasjonale selskap.

FNs berekraftsmål er eit initiativ der næringsliv, sivilsamfunn og politikarar har sett 17 mål for utviklinga i verda. I stortingsmedlinga om FNs berekraftsmål frå 2017, skildrar Regjeringa berekraftsmåla som ein global dugnad for å utrydde fattigdom. Næringslivet har ein sentral plass i dugnaden.

Berekraftsmål 8 er anstendig arbeid og økonomisk vekst. Delmåla er blant anna full sysselsetting, anstendig arbeid, avskaffe tvangsarbeid, barnearbeid og moderne slavari, trygge arbeidstakarar og arbeidsmiljø. Det er verd å merke seg at anstandig arbeid i berekraftsmåla ikkje er det same som ILO (FN sin organisasjon for arbeidsliv) sin anstendig-arbeid-agenda.

La meg vise eit døme frå Norad.no. Under overskrifta «Trivsel på jobb er god business» kan ein lese om berekraftsmål 8: «Noen tror at det å innføre gode arbeidsvilkår går utover produksjon og inntening. Det er ikke nødvendigvis sant. Gode arbeidsforhold og trivsel på jobben viser seg å ha god effekt. Dette er smarte forretningstiltak som kan øke fortjenesten».

Anstendig arbeidsliv handlar ikkje om trivsel på jobben. Det handlar om grunnleggande rettar, rettferdig inntekt, HMS, ytringsfridom, organisasjonfridom og likestilling.

Astrup hevda at norske selskap sørgjer for anstendige arbeidstilhøve og respekt for menneskerettane i heile verdikjeda. Eg har ikkje vurdert om næringslivet tilbyr meir anstendige arbeidstilhøve nå enn før, men eg vil hevde at styresmaktene har vorte dårlegare til å fremje anstendig arbeid og arbeidstakarrettar.

Frå 2015 har omgrepet «berekraftig næringsliv» ofte erstatta «samfunnsansvarleg næringsliv». Når styresmaktene ikkje inkluderer arbeidstakarrettar, anstendig-arbeid-agendaen, ei løn å leve og globale rammeavtalar i korleis dei definerer berekraftig næringsliv, fell dette ut av dagsorden. Det er problematisk. Eit berekraftig næringsliv kan ikkje vera berekraftig utan respekt for arbeidstakarrettane og eit anstendig arbeidsliv.

Eg vil hevde at styresmaktene har vorte dårlegare til å fremje anstendig arbeid og arbeidstakarrettar.

Dette er en sak fra

Vi skriver for tillitsvalgte i alle LO-forbund.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse