JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bygde nytt og sikkert

Den nye føderale bygningen i Oklahoma City vart bygd for å vere sikker. Tryggleikstiltaka er mange, men dei som driftar bygget trur ikkje dei tilsette opplever det som eit problem.

anders.hauge-eltvik@lomedia.no

Det nye føderale bygget i Oklahoma City ligg tett ved der det utbomba bygget låg og minneparken ligg i dag. Etter bombeangrepet kom det nye tryggleiksreglar for føderale bygg, og nybygget var ein av dei fyrste som tok i bruk dei nye tryggleiksstandardane.

Tryggleik viktigast

Tryggleikstiltaka er mange, både i form av vakthald og kontroll, men også bygningstekniske grep er gjort.

General Service Administration (GSA) byggjer og driftar føderale bygg i USA, og har ansvaret for nybygget saman med Homeland Security, som tek seg av tryggleikstiltaka.

Tom Hall er prosjektansvarleg i GSA, og etter at han vart frisk nok til å jobbe, deltok han i arbeidet med nybygget i Oklahoma City. Motstanden frå dei tilsette mot å bygge nytt rett ved tomta der dei hadde vore utsett for den forferdelege terroren var stor.

– Det vart sett av pengar til nybygg rett etter bombinga. Vi sa «De skal ikkje klarer å skremme oss vekk, vi skal ha vårt eige bygg». Det var mange som ikkje ville tilbake i ei føderal bygning, og heller ikkje tilbake til sentrum. Ein ting som gjorde det enklare var at avdelingar som jobba mot narkotikakriminalitet og med våpenregulering ikkje skulle vere i det nye bygget. Ein annan ting var at vi bygde ei mykje sikrare bygning no, seier han.

Likevel har det vore diskusjonar. Tilsette har blant anna kjempa for å sleppe å sitte med utsikt over minneparken der dei for 16 år sidan miste kollegar. Og det finns fleire eksempel på at tilsette nekta å flytte inn i det nye bygget.

Arbeidsmiljøsituasjonen kan vere eit problem i eit bygg som er bygd for å vere så sikkert som mogleg. Men dei ansvarlege meiner dei har teke omsyn til dette under planlegginga og bygginga. Eit moment som kan vere upraktisk, er bakgrunnssjekkar av alle som skal utføre arbeid inne i bygget. Har ein noko anti-statlege eller valdelege historier, blir det vanskeleg å sleppe inn. Tidlegare tok kontrollen opp mot tre månader, men no er handsamingstida nede i tre veker.

– Det kan vere ei ulempe for meg som skal ha arbeid utført. Om entreprenøren har ti mann klar men berre får godkjend tre av dei, stikk det kjeppar i hjula.

Akseptert

Det er departementet for Homeland Security som styrer tryggleiksarbeidet ved bygget. Inspektør Wes Roeder fortel at ein har tenkt tryggleik heilt frå planleggingsfasen, og at summen av alle små og store tiltak gjer at sårbarheita er gjort så lita som mogleg.

Han meiner også at dei tilsette og publikum har akseptert tryggleikstiltaka.

– Mentaliteten og tankegangen blant publikum har endra seg, og det har blitt ei akseptert norm at ein blir undersøkt på flyplassar og føderale bygningar, seier han.

1) Sterke etasjar: Bygget er konstruert slik at det skal tåle at ei etasje rasar saman, utan at den tek med seg etasjane under.

2) Overvaking: Bygget er overvaka av kamera, og væpna vakter som patruljerar.

3) Leiar vekk: Glasfasaden mellom dei to fløyene skal leie ein eksplosjon ut i friluft og ikkje inn i konstruksjonane.

4) To bygg: Bygget består eigentleg av to bygg, slik at skader på det eine ikkje skal påverke det andre.

5) Sjekk: Alle som skal besøke det føderale bygget må igjennom ein tryggleikssjekk ved inngangen.

6) Veggar: På den delen av bygget som er nærast ei trafikkert gate, er bygget skjerma av eksplosjonsveggar. Også andre veggar er bygd ekstra solide.

7) Skjermar: Vindaugsskjermane skal halde sola ute, men skal også bryte opp ei trykkbølgje frå ei bombe slik at den vert mindre skadeleg.

8) Vindu: Alle glasvindauge er kledd med ein film som hindrar dei i å bryte opp og bli farlege prosjektil ved ein eksplosjon.

9) Lavt: Bygget er berre tre etasjar.

10) Utandørs: Denne trappegangen er bygd utanfor bygget, for ikkje å svekke konstruksjonen.

11) Ope: Det er ingen store tre eller busker tett på bygget, slik at det er lett å oppdage mistenkeleg aktivitet.

12) Kjellarfritt: Det er inga parkeringsgarasje i bygget, som kunne ha gjort bygget meir sårbart.

13) Under golvet: Mest mogleg av røyr, kablar og ventilasjon er lagt i golvet, for å redusere mengda av tomrom oppover i bygget.

14) Pålar: Rundt heile bygget står det pålar som gjer det umogleg å parkere ein bil tett inn til.

Annonse

Flere saker