JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fattigdom i Norge

«Mona» er både Nav-ansatt og Nav-klient

Ho har fast full jobb der ho hjelper folk med dårleg råd. No har det blitt så dyrt å leve at «Mona» sjølv må få sosialhjelp.
Selv med full lønn får ikke den Nav-ansatte kvinnen endene til å møtes.

Selv med full lønn får ikke den Nav-ansatte kvinnen endene til å møtes.

Colourbox

oystein.windstad@fagbladet.no

Presisering:  Saken ble oppdatert 12. januar for å presisere noen spørsmål rundt «Monas» økonomi og muligheter til å motta støtte.

Kvinna er åleineforsørgjar for tre barn og bur ein stad i Oslo. I haust hende det noko ho aldri trudde kunne skje:

– I oktober søkte eg sosialhjelp for første gong.

– Eg grein fleire gongar på jobben. Det var null kroner på kontoen min. Korfor skulle det ta fire veker til saka blei behandla? Eg følte meg veldig lita etter dette. Kvar ettermiddag jobba eg ekstra for å overleve. Berre for å unngå å måtte søke sosialhjelp, fortel «Mona», som har ei brutto årsløn på rundt 500.000 kroner.

Ho ønsker å fortelje historia si om kor vanskeleg det no har blitt for ho og mange andre.

Samtidig ønsker «Mona» å vere anonym, ettersom ho fortel om sin private økonomi.

Etterlyser ny ordning for dei som jobbar

«Mona» er kritisk til at ho som jobbar fulltid og no treng hjelp, må igjennom det same kontrollsystemet som dei som ikkje jobbar:

– Tenk deg at du vaknar, går på jobb, gjer det du skal og betalar skatt. Så kontaktar du Nav for støtte og må levere tre månader med kontoutskrift, husleiekontrakt, stadfesting frå skule og lønnsslippar, seier «Mona».

Fagforbundet-medlemmen meiner politikarane må finne eit nytt system for dei som er i full jobb, men som ikkje får pengane til å strekke til grunna prisveksten:

– Dei treng ei anna ordning enn sosialhjelp. Ein anna yting der det er kort veg å søke. Det må vere ein annan veg for dei som jobbar fullt, eller har varige ytingar og som manglar dei fire til fem tusen i livssituasjonen no. Kva med skattereduksjon eller auke i statleg bustøtte, spør Mona?

Ho fortel vidare at det er vanskeleg å klage på eit vedtak som tilset i Nav. Medan det er ein del andre som tek sakene sine til media.

Mye delt: Karoline følger opp unge som ikke har nok penger. Hun skulle ønske de kontaktet Nav tidligere

Om prisvekst: – Dette går ikkje

«Mona» seier at dei auka prisane for bustad, mat og straum gjer at det ikkje er mogleg å klare seg for dei som har under snittet i løn.

– Kva tenkjer du om at folk med ein vanleg jobb må søke om sosialhjelp?

– Det har blitt verkelegheita. Om du tener 450.000 kroner i året, har du rundt 30.000 utbetalt i månaden. Husleiga er på 18.000, eksempelvis. Etter det kjem straumrekninga på 3–4000. Du har tre barn. To av dei driv med fotball eller basket. Då går det med ein tusenlapp eller to. Når du ser på desse tala, seier det seg sjølv at det ikkje går.

André Martinsen

Få oversikt over økonomien: 13 sparetips fra Luksusfellen-økonomen

Frustrerte tillitsvalde

Inne på Nav Sagene sit Janne Håkonsen som er sosialkonsulent og tillitsvald i Fagforbundet.

– Eg tenkjer at vi mistar litt av det insentivet det skal vere å kome seg i jobb. Når du har stått på, teke utdanning og fått jobb, og så kjem du framleis ikkje ut av sosialtenesta. Fordi løna ikkje er nok til å vere sjølvhjelpen, seier Håkonsen.

– Eg tenkjer at vi mistar litt av det insentivet det skal vere å kome seg i jobb, sier Janne Håkonsen.

– Eg tenkjer at vi mistar litt av det insentivet det skal vere å kome seg i jobb, sier Janne Håkonsen.

Øystein Windstad

Håkonsen, som er med i Faggruppe Nav i Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet, er ein av fleire tillitsvalde i Nav Fagbladet har hatt bakgrunnssamtalar med og intervjua.

Fleire av dei trekkjer fram at no som det meste har blitt dyrare, får dei som jobbar i Nav mykje kritikk i media frå politikarar.

Samtidig er det politikarar som har vedteke Nav-systemet og kor mykje folk skal få i støtte. Dei tillitsvalde etterlyser gjennomtenkte ordningar som står seg over tid.

Det inneber blant anna varige tiltak som gjer noko med boligmarknaden og straumprisen.

Mye delt: Sjekk hvilke regler, skatter og ytelser som endres i 2023

Annonse

Flere saker

Annonse