JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bernie Sanders-kompanjong i Norge for å lære av norske tarifforhandlingar

Men han har ei åtvaring: – Ikkje la dei kollektive lønsforhandlingane kollapse. Dei er ei grunnleggande årsak til problema i USA.

rikke.jeppsson@lomedia.no, tormod.ytrehus@lomedia.no

Larry Cohen er styreleiar for organisasjonen Our Revolution – ei vidareføring av nominasjonskampanja til Bernie Sanders i 2016.

Han er også tidlegare leiar for samanslutninga Communication Workers of America, med 700.000 medlemmer, og fagforeiningsmann på sin hals.

Han har lenge vore ein tilhengar av den norske modellen.

– Eg er ein stor tilhengar, og har vore det sidan eg jobba på eit norsk lasteskip då eg var 19 år. Eg trur det er mykje verda kan lære av Norge, med tanke på eit lykkelegare, sunnare og meir egalitært samfunn, seier Cohen.

Høyr podkasten med Larry Cohen her:

Tarifforhandlingar

Cohen er på norgesbesøk hovudsakleg for å delta på Raudts strategikonferanse. Men også for å lære meir om det norske systemet for kollektive lønsforhandlingar.

Tarifforhandlingane vi har i Norge, er eit ukjent konsept i USA. Der forhandlar tilsette frå arbeidsplass til arbeidsplass. Og dei fleste arbeidsplassane har ikkje tillitsvalte. Det er eit resultat av 70 år med fagforeiningsknusing, fortel han.

– Om dei norske tarifforhandlingane kollapsar, så vil alt anna kollapse. Det er ei grunnleggande årsak til problema i USA.

(Artikkelen held fram under videoen. Hugs å skru på teksting!)

– Kollektive lønsforhandlingar er i grunn nøkkelen til eit meir rettferdig samfunn. Det er sånn folk får makt, seier Cohen og held fram:

– Som ein fagforeningsmann, meiner eg tarifforhandlingane er ein kritisk faktor for kvifor organisasjonsgraden er rundt 10 prosent i USA, medan den er 50 prosent i Norge.

Nå er flertallet av norske arbeidstakere uorganisert

Flertallet på Stortinget tvinger regjeringen til å jobbe for at fagforeningene får flere medlemmer

– Det burde gå ein alarm

Men han har ei åtvaring til norske fagorganiserte.

– Ikkje ta dei faglege rettane for gitt. Her i Oslo forvitrar dei, seier han og viser til den låge organisasjonsgraden på byggeplassane i Oslo.

– Det er ein katastrofe. Det burde gå ein alarm.

(Artikkelen held fram under videoen. Hugs å skru på teksting!)

Over halvparten av nye jobber på norske byggeplasser blir utlyst av bemanningsbyråene

På denne byggeplassen er 90 prosent av elektrikerne innleide fra bemanningsbyråer

– Ein drøm og eit håp

«It's all about the groups,» seier Cohen. I dag har Our Revolution omtrent 570 grupper over heile USA. 5 millionar personar er relatert til organisasjonen, medan ein halv million er aktive i gruppene.

– Målet til Our Revolution er å styre landet. Vi vil vise at arbeidarklassen kan styre landet, ikkje berre støtte ulike elitar som styrer landet for oss. Vi startar i lokalsamfunna våre og må tru på at vi kan vinne. Slagordet vårt er «we believe that we can win», seier Cohen.

Men situasjonen er ikkje enkel for amerikanarane, med det Cohen kallar «den verste presidenten i si tid».

– Akkurat no har vi berre ein drøm og eit håp, i tillegg til litt organisering.

Bernie Sanders inspirert av Norge

USA: Demokratene vil doble minstelønna

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Annonse

Flere saker

Annonse