Elkjøp
Elkjøp-streiken er over: Selskapet gir etter og inngår tariffavtale med dei lagertilsette
Elkjøp har gått med på å inngå den såkalla grossistoverenskomsten. 43 lagertilsette kan dermed avslutte streiken som har pågått i nesten ei veke.
tormod@lomedia.no
– Det var ein hard kamp, men utfallet var som forventa. Det var anten grossistoverenskomsten eller ingenting, seier forbundssekretær Bjørn Anders Jonassen i Norsk Transportarbeiderforbund (NTF) til Frifagbevegelse.no.
Elkjøp signerte torsdag tariffavtalen dei lagertilsette i Elkjøp Distribusjon på Lørenskog kravde. Dei dårlegast betalte tilsette går dermed opp frå rundt 150 til nesten 220 kroner timen i løn.
– Slik situasjonen utvikla seg, hadde vi ikkje noko anna val utover å gå med på kravet frå motparten, seier HR-sjef i Elkjøp, Stein Riibe, i ei pressemelding.
– Vi har stått på krava. No begynte streiken å verke så sterkt inn på dei at det gjekk ut over drifta, og dei innsåg at dei måtte skrive under avtalen, seier NTFs Jonassen.
• Sykkelbudene må betale sykkel og mobiltelefon selv. Nå melder de seg inn i LO
Elkjøp vil legge ned
Samtidig som dei signerer tariffavtalen, varslar Elkjøp at dei ikkje vil drive lageret vidare i noverande form. Elkjøp har frå starten av sagt at bedrifta ikkje toler lønsauken. Dei meiner utkøyring av varer no blir 60 prosent dyrare.
– Det er dessverre ikkje mogleg for oss å konkurrere med andre i bransjen med ein så mykje høgare kostnad for same teneste, seier Riibe.
Omtrent 25 prosent av leveransane frå lageret på Lørenskog har vore utført av eigne tilsette, medan resten har vore utført av eksterne leverandørar, opplyser selskapet. Elkjøp seier at dei no er innstilt på å gå over til ein modell der dei berre bruker eksterne.
– Vi forheld oss til lovverk og avtalar. Dei får vurdere sjølv om lageret må leggast ned. Har dei ikkje råd til å drive lageret etter løna i bransjen, får det vere konsekvensen, seier Transportarbeiderforbundets Jonassen, som legg til at verksemdsoverdraging i så fall kan vere aktuelt.
• Tre av fire vil beholde sykelønnen slik den er
Augeopnar
Jonassen meiner dette er ein prinsipiell og viktig siger.
– Vi håper dette har vore ein augeopnar for Elkjøp, men også for andre kjeder der vi krev avtalar, både på lager- og butikksida, seier han.
– Vi følger bransjen nøye – ingen kjem unna med å dumpe løna til eit lågt nivå. Vi veljer å sjå Elkjøp som ein seriøs motpart og ein viktig samfunnsaktør i Norge. Vi håper dei ser på seg sjølv som det same og ikkje vil drive sosial dumping, seier Jonassen.
– Det har vore sterke skuldingar frå arbeidsgiversida om blokade og frå arbeidstakarsida om streikebryteri. Har de lagt dette bak dykk?
– Det har vi sjølvsagt lagt bak oss. Her er saka det viktige. Vi forfølger ikkje dommen som kom i går, seier han og viser til dommen frå onsdag, der forbundet vart pålagt å oppheve ein påstått blokade og betale selskapets sakskostnader.
Ifølge NTF, har Elkjøp trekt kravet sitt om at NTF skal betale selskapets sakskostnader.
• Regjeringen dropper arbeidsliv som kjerneelement i de nye skolefagene
Dette er saka:
• Rett før midten av mai sende Norsk Transportarbeiderforbund (NTF) eit krav om tariffavtale til Elkjøp Distribusjon på Lørenskog i Akershus. Det gjorde dei på vegner av alle 43 tilsette på lageret, alle organisert i forbundet. To veker seinare svarte Elkjøp at dei ville å ta saka til mekling.
• Striden stod om dei tilsette høyrer inn under ein overenskomst for transportørar eller for eit grossistlager. Elkjøp meinte verksemda gjekk inn under førstnemnde, medan NTF meinte den gjekk inn under sistnemnde.
• Fredag 22. juni gjekk alle dei tilsette ved lageret ut i streik, etter at partane ikkje vart einige i meklinga.
• Nokre timar etter at streiken starta, vart streikevaktene skulda for å gjennomføre ei ulovleg blokade og politiet tilkalla.
• Den same påstanden vart fremma på eit møte mellom dei streikande og Elkjøp-leiinga måndag 25. juni. NTF avviste påstanden. Forbundet hadde på si side mistanke om streikebryting på lageret.
• Tysdag 26. juni varsla Handel og Kontor at dei tok ut 97 medlemmer ved fire varehus i sympatistreik frå 11. juni. Dermed ville også dei butikktilsette vere i streik.
• I ein dom onsdag 27. juni påla domstolen NTF å oppheve den påståtte blokaden, gjennom ei såkalla førebels avgjerd, i tillegg til å Elkjøp sine sakskostnader. NTF var ikkje klar over at Elkjøp tysdag hadde teke saka til retten.
• Amerikansk fagbevegelse mister makt: Gikk på viktig tap i høyesterett
Fakta om Elkjøp
• Elkjøps omsetnad var 12,01 milliardar kroner i Norge førre rekneskapsår. Omsetnadsveksten var på 1,2 milliardar kroner, som tilsvarer ein vekst på 11,5 prosent.
• I Norden omsette selskapet for 37,3 milliardar kroner i rekneskapsåret 2017/18. Driftsresultatet var i overkant av 1,1 millardar kroner.
Kjelde: Elkjøp
Fakta om Elkjøp
• Elkjøps omsetnad var 12,01 milliardar kroner i Norge førre rekneskapsår. Omsetnadsveksten var på 1,2 milliardar kroner, som tilsvarer ein vekst på 11,5 prosent.
• I Norden omsette selskapet for 37,3 milliardar kroner i rekneskapsåret 2017/18. Driftsresultatet var i overkant av 1,1 millardar kroner.
Kjelde: Elkjøp
Mest lest
BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.
Erlend Angelo
Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt
BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.
Jan-Erik Østlie
Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet
Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.
Eirik Dahl Viggen
Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg
Roy Ervin Solstad
Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav
OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.
Leif Martin Kirknes
Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg
Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.
Leif Martin Kirknes
Økt kokainbruk blant unge elektrikere
Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.
Erlend Angelo
Potetmangel gir permitteringer i Bama
FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.
Colourbox.com
Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke
HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.
Eirik Dahl Viggen
Jørgen (29) overlever på overtidstimer
Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.
Jonas Fagereng Jacobsen
Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler
BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.
Herman Bjørnson Hagen
Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle
MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.
Brian Cliff Olguin
Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben
Knut Viggen
Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger
Etter en tøff runde med sensorer som skjelte henne ut under fagprøven, har Anny-Elise både skaffet seg fagbrev og fast jobb i forpleininga på sokkelen. Her fra hennes nyligste tur ut på Heidrun-plattformen.
Privat
Anny-Elise ble skjelt ut av sensor. Nå har hun fått drømmejobben
Brian Cliff Olguin
Et orakel og en slags urmoder. Slik beskrives Berit (67) av kollegene
LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.
Eirik Dahl Viggen
Ansatte i Bergen fengsel får 12-timersvakter i helgene
Håvard Sæbø
Høyesteretts ankeutvalg: Sak om innleie må behandles på nytt
Per Backer
Fikk stoppet søndagsåpen butikk i Vinje
Kathrine Geard
Yngve sier sjelden hva han jobber med: – Da må jeg forklare resten av kvelden
Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.
Erlend Angelo