JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fiat-arbeidarar går ut i streik etter at eigaren pungar ut for Cristiano Ronaldo

Fiat-arbeidarane reagerer sterkt på at eigaren bruker nærmare ein milliard på å kjøpe ein fotballspelar, samtidig som fabrikkarbeidarane gjer økonomiske offer.
RETTFERDIG? Fabrikkarbeidarane spør om det er rettferdig at ein person tener millionar, mens tusenvis av familiar ikkje ein gong kan kome seg til midten av måneden.

RETTFERDIG? Fabrikkarbeidarane spør om det er rettferdig at ein person tener millionar, mens tusenvis av familiar ikkje ein gong kan kome seg til midten av måneden.

Juanjo Martin, EPA / Scanpix

tormod@lomedia.no

Medlemmer i Unione sindacale di base (USB) ved Fiats fabrikk i Melfi, sørlege Italia, går ut i ein to dagar lang streik, frå søndag til tirsdag.

Grunnen er at eigarane, som også eig den norditalienske fotballklubben Juventus, bruker nærmare ein milliard norske kroner på å kjøpe fotballspelaren Cristiano Ronaldo frå spanske Real Madrid.

Samtidig har tusenvis av fabrikkarbeidarar vore permittert i fleire år på grunn av mangelen på nye bilmodellar.

– Det er uakseptabelt at bedriften bruker hundrevis av millionar euro på eit spelarkjøp, samtidig som arbeidstakarane fortset å gjere store økonomiske offer, seier fagforeininga i ei uttale onsdag ettermiddag.

Agnelli-familien har eigd Juventus i nærmare 90 år og har også eigarskap i bilprodusentane Fiat og Ferrari, gjennom selskapet Exor.

Fikk du med deg denne? Simone og Sebastian jobber, men har mottatt sosialstøtte i tolv år. Lønnen er ikke til å leve av

– Er dette rettferdig?

Ronaldo har ein fireårig kontrakt med klubben, der han får over 5 millionar norske kroner i veka frå fotballklubben, som utgjer over 280 millionar kroner årleg.

– Er dette rettferdig? Er det normalt at éin person tener millionar, mens tusenvis av familiar ikkje ein gong kan kome seg til midten av måneden? spør fagforeininga.

– Vi er alle arbeidstakarar under den same eigaren, men denne forskjellen i behandling kan ikkje og må ikkje bli akseptert. Fiat-arbeidarane har skapt selskapets formue dei siste tre generasjonane, men som takk har dei fått eit tragisk liv.

Krev nye bilmodellar

– Vi blir fortalt at det er tøffe tider, at vi må ty til sosiale sikkerheitsnett, mens vi ventar på at lanseringa av nye modellar aldri kjem, skriv fagforeininga i uttala.

Det er anteke at kjøpet av Ronaldo kjem til å gi eksponering for Juventus-sponsor Fiat verdt store summar, ifølge bloomberg.com.

Portugisiske Ronaldo har blitt kåra til årets spelar fem gongar, vunne Champions League fire gongar med Real Madrid og er tidenes toppskårar for klubben.

– Selskapet bør investere i bilmodellar som sikrar framtida til tusenvis av personar, i staden for å gjere ein person rikare. Målet deira bør vere å sette arbeidstakarane sine interesser først. Om dei ikkje gjer det, er det fordi dei føretrekker ei verd av fotball, underhaldning og alt anna.

Ein ny investeringsplan frå eigarane skal føre til at dei tilsette er tilbake i arbeid i 2022, ifølge telegraph.co.uk.

De jobber fulltid, men kan ikke leve av lønna

Fleire i full jobb får sosialhjelp: – Det er uverdig at folk må stå med lua i handa

Fagforeninger med bånd til ytre høyre får økt innflytelse i Tyskland

Annonse
Annonse