JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Det er forskjell på folk

Lågtløna har berre hatt 3 prosent reallønsauke dei siste ti åra

Medan dei med høgast løn hadde lønsvekst på 25 prosent. LO er djupt bekymra for utviklinga.

Erlend Angelo, Magasinet for fagorganiserte (arkivfoto)

tormod@lomedia.no

Denne veka publiserte FriFagbevegelse ei oversikt som viser kor mykje toppleiarane i landets største selskap tener.

LO-nestleiar Peggy Hessen Følsvik seier i ein kommentar om lønsutviklinga i Norge at «de økte lønnsforskjellene de siste årene peker mot et arbeidsliv vi ikke vil ha her i landet».

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå/Teknisk beregningsutvalg viser at:

• Dei ti prosentane med lågast løn har hatt ein lønsvekst på berre 3 prosent frå 2006 til 2016 om vi tek høgde for prisstigning. (Dette blir kalla «reell» lønsvekst.)

• Dei ti prosentane med høgast løn har hatt åtte gongar så stor lønsvekst som dei lågtløna i same periode.

• Skilnaden i fordelinga av lønssummen har auka med 13 prosent dei siste ti åra.

(Lønsstatistikken gjeld alle tilsette, der deltidsløn er rekna om til heiltid.)

(Artikkelen held fram under diagrammet.)

Ole Palmstrøm

Forskjell på folk

FriFagbevegelse har undersøkt leiarløningane til toppsjefane i dei hundre største selskapa i Norge: I snitt har dei ei årsløn på 6,7 millionar og bruker 21 dagar på å tene inn ei gjennomsnittleg norsk årsløn.

Men det er altså ikkje berre sjefane i dei største selskapa som kjem godt ut av det: Dei ti prosentane som hadde høgast løn i 2016 bruker 69 dagar på å tene inn ei gjennomsnittleg løn for dei ti prosentane som tente minst i fjor.

Norske toppsjefar tener ei vanleg norsk årsløn på under ein månad

Sjå heile lista her: Dette tjener direktørene i Norges 100 største selskaper

Aukande forskjellar

Auken i skilnaden i fordeling av lønssummen har vore på nesten 13 prosent dei ti siste åra.

Det viser Gini-koeffisienten, som er eit mål på skilnadar. Den har auka frå 0,186 i 2006 til 0,210 i 2016, ifølge Teknisk beregningsutvalg.

(Om verdien er 0 betyr det at inntektene er heilt likt fordelt, medan ein koeffisient på 1 betyr at ein person får heile kaka.)

Dette er snittlønna i over 300 yrker

LO: – Djupt bekymra

LO-nestleiar Peggy Hessen Følsvik er djupt bekymra for dei aukande forskjellane mellom topp og botn i det norske samfunnet.

Særleg skattelettene til dei rikaste har bidratt til at toppen drar frå i lønsutviklinga, meiner ho. Når det gjeld lønsbotnen meiner ho at blant anna «mer midlertidigeit, økt innleie og flere uorganiserte» har skulda.

«Derfor burde fokuset til regjeringen være å intensivere kampen mot sosial dumping, og styrke det organiserte arbeidslivet, gjennom faktiske tiltak og ikke bare ord,» slår LO-nestleiaren fast i ein e-post til FriFagbevegelse.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Peggy Hessen Følsvik, nestleiar i LO.

Peggy Hessen Følsvik, nestleiar i LO.

Martin Guttormsen Slørdal (arkivfoto)

Sjølv om dette skjer utanfor det organiserte arbeidslivet, meiner ho utviklinga er i ferd med å smitte over til også den organiserte delen av arbeidslivet.

«Organisasjonsgraden faller, og den faller særlig raskt i bransjer som opplever sterk lavlønnskonkurranse og sosial dumping. Tariffavtalene blir i disse bransjene stadig mindre retningsgivende for lønns- og arbeidsvilkårene. Det er en skummel utvikling,» slår Følsvik fast.

– Vanlige arbeidsfolk blir oppfordret til moderasjon, mens lønna til toppene vokser inn i himmelen

Wiborg: – LO må gå i seg sjølv

Erlend Wiborg (FrP) er ueinig i framstillinga til Følsvik. Han meiner skattelette utgjer ein liten del av veksten for lønstoppen.

– Eg er einig i at vi må kjempe mot desse strukturane. Det gjer vi ved å løfte dei lågaste løningane. Partane styrer dette i stor grad sjølv, gjennom fri lønsdanning.

Wiborg er einig i at ein skal kjempe mot sosial dumping og arbeidslivskriminalisering. Men han meiner LO må gå i seg sjølv for å finne årsaka til fallande organisasjonsgrad.

– For dei fleste er det nok bra å vere organisert. Men dette må den enkelte vurdere utfrå sine behov og ønsker. Organisasjonane må sjølv gjere det attraktivt å organisere seg – hovudansvaret ligg hos organisasjonane sjølv, seier han og held fram:

– Eg får mange tilbakemeldingar om at mange misliker dei sterke koplingane til Arbeidarpartiet, både økonomisk og politisk. Eg trur mange ønsker å vere fagorganisert, men ikkje knytt til eit spesifikt politisk parti, seier Wiborg, som peikar på at fallet har vore spesielt stort i LO-tilknytta forbund.

Lønsauken på topp og botn

• I 2016 fekk dei 10 prosentane med lågast årsløn i snitt 273.600 kroner og 5,3 prosent av den samla lønssummen, ifølge Teknisk beregningsutvalg. Til samanlikning hadde dei 10 prosentane med høgast årsløn ei snittløn på 1.041.600 kroner og fekk 20,1 prosent av kaka.

• I 2006 fekk dei 10 prosentane på botnen i snitt 217.200 kroner og 5,9 prosent av den samla løna, ifølge beregningsutvalget. Dei 10 prosentane på toppen hadde ei snittløn på over 702.800 kroner og fekk 19,2 prosent av kaka.

• Den eine prosenten på toppen har hatt ein lønsvekst frå 1.229.700 kroner i 2006 til 1.929.600 kroner i 2016 og den største lønsveksten av alle.

• Kvinner er overrepresentert blant dei lågast løna og kraftig underrepresentert blant dei høgast løna.

Dei lågtløna har hatt ein reell lønsauke på 3 prosent, når vi justerer for prisstigning. Medan dei høgtløna har hatt åtte gongar gongar så stor lønsauke, på 25 prosent. Den eine prosenten på lønstoppen har hatt ein auke på heile 34 prosent, som er elleve gongar meir enn dei ti prosentane på botn.

Verst i privat sektor

For dei ti prosent lågast løna i privat sektor har det vore tilnærma ingen lønsvekst frå 2008 til 2015, ifølge ein rapport frå Senter for lønnsdannelse som vart skriven på oppdrag frå LO.

Denne gruppa hadde ei reallønsvekst på 0,5 prosent frå 2008 til 2015.

Rapporten viser til at forskjellane aukar i Norge: Frå 1997 har mindre delar av lønssummen hamna hos dei ti prosentane på botnen, samtidig som meir av løna hamnar hos dei ti prosentane på toppen.

Norge har de største lønnsforskjellene i Norden

Annonse
Annonse