JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Løn:

Leiarar i olje- og gass tener mest. Her er dei 25 best betalte yrka

Leiarar innanfor olje- og gassutvinning tener i snitt 104.360 kroner i månaden. Sjå heile lista med dei 25 best betalte yrka!
Ein gjennomsnittleg oljearbeidar kan nok sjå langt etter lønsnivået til sjefen. Her frå Ormen Lange-feltet på Aukra. (Illustrasjonsfoto.)

Ein gjennomsnittleg oljearbeidar kan nok sjå langt etter lønsnivået til sjefen. Her frå Ormen Lange-feltet på Aukra. (Illustrasjonsfoto.)

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Ferske tall for 2018 finner du her: Dette er snittlønna i over 300 yrker

FriFagbevegelse.no har sett på kva yrke som ligg heilt øverst på lista over gjennomsnittløna i Norge i fjor. Der finn vi leiarar innanfor olje- og gassutvinning.

Månadsløna deira er over dobbelt så stor som snittet for alle yrka. Den er heile fire gongar så stor som snittet i yrket som har dårlegast løn.

Sjå heile lista med dei 25 best betalte yrka lengre ned i artikkelen.

– Her har NHO og deira medlemsbedrifter ei utfordring. Det blir vanskeleg å motivere folk med tanke på kostnadseffektivisering om spranget mellom leiinga og vanlege arbeidstakarar heile tida aukar, seier leiar Per Martin Labråthen i Industri Energi Equinor til FriFagbevegelse.no.

– Dette dreier seg også om sjølvinnsikt om kva lønsnivå ein løyver seg sjølv. Leiarane må sjølv sjå signaleffektane lønsaukane gir. Dei siste åtte-ti åra har arbeidstakarane vist moderasjon kvart einaste oppgjer, legg han til.

Dette er de 25 dårligst betalte yrkene

– Den største utfordringa er bonusar

Labråthen seier leiarlønsnivået i bransjen ikkje er høgt om ein samanliknar med andre land.

– Men i norske forhold er avstanden mellom toppen og den vanlege arbeidstakaren høg, seier han.

– Den største utfordringa er bonusar. I dei bedriftene eg kjenner, har dei eit normalisert lønssystem, men bonusar som gjer den endelege løna mykje høgare.

Dette er lønna i over 300 yrker

Lønsoversikta viser at leiarane i snitt har hatt ein lønsauke på under ein prosent i 2017. Men det kan vere store variasjonar frå leiar til leiar.

– Når toppleiinga løyver seg sjølv løn, forventar vi at dei ikkje får ein større prosentvis auke enn øvrige arbeidstakarar. I mange tilfelle er det ikkje sånn. Det er ikkje sunt og signaleffekten er ikkje bra.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Leiar Per Martin Labråthen i Industri Energi Equinor

Leiar Per Martin Labråthen i Industri Energi Equinor

Tommy Ellingsen (arkivfoto)

– Selskapa bestemmer sjølv

– Selskapa bestemmer sjølv kva leiarløningar dei skal ha. Generelt er vi opptatt av å ha eit nivå som er konkurransedyktig og sikrar lønsemd i heile industrien, seier Erlen Jordal, fagsjef for samfunnskontakt i Norsk olje og gass, til FriFagbevegelse.no.

Jordal viser til at hovudorgonasisjonens politikk og NHO-sjef Kristin Skogen Lund sin kommentar i januar.

– Det er viktig å tenke at dette som oftast er ganske store internasjonale selskap som konkurrerer i ein vid marknad, og at ein må sjå lønsnivået litt ut ifrå det perspektivet, sa Skogen Lund til NRK den gongen som reaksjon på FriFagbevegelse.no sin oversikt over direktørløna i Norges største selskap.

Ho sa også til kanalen at arbeidsgivarorganisasjonen har jobba for moderasjon i leiarløningane og er opptatt av at dette skal halde fram.

Dette er lista over dei 25 best betalte yrka, etter månadsløn i 2017:

1 Leiarar av olje- og gassutvinning mv.: 104.360 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 0,64

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: -0,51

2 Handels- og skipsmeglarar: 96.450 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 11,89

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: -0,36

3 Finansmeglarar: 93.200 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: -2,10

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,19

4 Toppleiarar i offentleg administrasjon: 92.410 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,55

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 3,60

5 Leiarar av forsikring og finansverksemd: 88.300 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 3,03

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,12

Desse yrka har gått ned i løn

6 Flygarar: 85.390 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,65

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,88

7 Geologar og geofysikarar: 80.930 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: -0,21

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: -3,54

8 Legespesialistar: 80.820 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 5,79

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,23

9 Flygeleiarar: 80.420 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 5,26

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 8,24

10 Finans- og økonomisjefar: 80.080 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 3,46

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,51

Desse yrkesgruppene gjekk mest opp i løn

11 Dommarar: 77.690 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,76

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 6,86

12 Forsknings- og utviklingsleiarar: 77.180 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,02

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,77

13 Sivilingeniørar (geofag, petroleumsteknologi, metallurgi mv.): 76.910 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,60

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,41

14 Administrerande direktørar: 75.680 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,41

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,39

15 Personalsjefar: 75.390 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,43

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,27

I desse yrka er det størst forskjell mellom løna til kvinner og menn

16 Leiarar av IKT-einskapar: 73.180 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 3,07

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,60

17 Sals- og marknadssjefer: 71.360 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 3,12

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,94

18. Sivilingeniørar (elkraftteknikk): 68.260 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,80

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,37

19 Leiarar av industriproduksjon mv.: 67.580 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,86

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 3,33

20 Ingeniørar innanfor petroleum, bergverk og metallurgi: 67.170 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,62

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,71

Finansdirektørene økte mest i lønn i fjor

21 Allmennpraktiserande legar: 66.940 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 4,43

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,92

22 Andre sivilingeniørar (unntatt elektroteknologi): 65620 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,74

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 3,67

23 Juristar og advokatar: 65.290 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,66

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,80

24 Politikarar: 65.160 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 0,87

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,61

25 Andre leiarar av produksjon og tenesteyting: 65.010 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,38

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,35

Ingen stortingsrepresentanter ville forsvare egen lønnsvekst

Månedsløna omfattar avtalt løn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjeringar er ikkje rekna med. Det kan vere store lønsforskjellar i dei ulike yrka. For dei som jobbar deltid, har SSB rekna om løna til kva den hadde vore for ein som jobbar heiltid.

Søk i lønsstatistikken sjølv

Om du går inn på nettsida til Statistisk sentralbyrå, kan du sjølv legge inn eit mer detaljert søk og finne ut kva som er snittløna for dei som jobbar i privat eller offentleg eigde verksemder, for dei som jobbar i staten eller kommunen og for dei som jobbar heiltid eller deltid. Du kan også sjekke lønsforskjellane mellom menn og kvinner.

Tidlegere baserte SSB sin lønsstatistikk på mange verksemder. No er alle verksemder med. Det skjer gjennom den såkalla A-ordninga, som betyr at arbeidsgivarane sender opplysingar om alle tilsette si løn, arbeidstimar, yrke og næring til Skatteetaten, Nav og Statistisk sentralbyrå.

«Kaksedagen»

Tidlegere i år gjekk FriFagbevegelse gjennom årsrekneskapa til dei 100 største selskapa i Norge og publiserte ei oversikt over løna til toppsjefane: I snitt har dei ei årsløn på 6,7 millionar kroner. Det betyr at dei bruker 21 dagar på å tene inn ei gjennomsnittleg norsk årsløn. Tysdag 30. januar var dermed kaksedagen 2018.

Dette tjener direktørene i Norges 100 største selskaper

Annonse

Flere saker

Annonse