JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nav trekker for mykje skatt i januar. Du må rette opp feilen sjølv

Ein feil i Skatteetatens trekkodar gjer at du kan bli trekt for mykje i skatt.
Nav

Nav

colourbox

tormod@lomedia.no

Fleire som mottar utbetalingar frå Nav har fått for høgt skattetrekk i januar, melder Skatteetaten på nettsidene sine.

Dette gjeld dei som får utbetalt:

• Uføretrygd

• Pensjon

• Overgangsstønad, sjuke-, foreldre-, svangerskaps-, omsorgs- eller pleiepengar.

• Feilen gjeld også dei som får utbetalt arbeidsavklaringspengar eller dagpengar, men her har Skatteetaten laga nye skattekort med riktig trekk.

Feil i trekkodene

Feilen ligg i dei nye trekkodene i etatens system. Kodane i skattekortet for 2018 gjer at Nav trekker skatt av utbetalinga som ei biinntekt, og som at du har hovudinntekta frå ein annan utbetalar, opplyser etaten. Har du derimot hovudinntekta di frå Nav, må du endre skattekortet.

Veit ikkje kor mange det gjeld

På spørsmål frå frifagbevegelse.no svarer Skattedirektoratet at dei ikkje veit kor mange feilen gjeld.

Du må dermed undersøke dette sjølv. Du må først og framst sjekke skattetrekksmeldinga di, er rådet frå Nav. Du er sjølv ansvarleg for at det blir trekt riktig skatt, slår dei fast.

Du må rette feilen sjølv

Du må sjølv rette feilen, er meldinga frå Skatteetaten. Det gjer du ved å bestille nytt skattekort på skatteetaten.no og huke av for prosenttrekk. Ein kan også ringe Skatteetaten og be om skattekort med prosenttrekk. Deretter vil Nav hente inn det nye skattekortet ditt.

Men mottar du arbeidsavklaringspengar eller dagpengar, slepp du å gjere dette sjølv. Skatteetaten har laga nye skattekort for desse, og skattetrekket skal vere riktig for dei fleste, opplyser etaten.

Tilbakebetaling

Du får tilbakebetalt beløpet du har blitt trekt for mykje, så snart nytt skattekort er utstedt og henta av Nav. Om du ønskar å få dette tilbakebetalt no, må du kontakte Nav.

«Skatteetaten beklager ulempene som et feilaktig høyt skattetrekk kan medføre. Vi samarbeider med NAV om tiltak for å redusere omfanget og finne gode løsninger,» skriv dei på nettsidene sine.

Datoane for utbetalingar:

19. januar: Uføre-, alderspensjon og AFP, overgangsstønad

22. januar: Arbeidsavklaringspengar og dagpengar

23. januar: Sjuke-, foreldre-, svangerskaps-, omsorgs- og pleiepengar

NB: Det er for seint å endre skattetrekket for desse utbetalingene i januar. For å få rett skattetrekk i februar, må du endre skattekortet i god tid før utbetalingsdato.

Annonse
Annonse