JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ryanair legg ned to basar: – Straff for lovlege streikar, meiner europeiske pilotar

Lågprisselskapet skuldar på sviktande omsetnad grunna unødvendige streikar.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Ryanair (pressefoto)

tormod@lomedia.no

To dagar etter storstreiken blant europeiske pilotar, varsla Ryanair at dei legg ned to basar i høvesvis Nederland og Tyskland samt gjer nedskjeringar på ein tysk base.

Dette opplever dei tilsette som ein straff for lovlege streikar, skriv den europeiske pilotforeininga (ECA) i ei pressemelding. Dei kallar det ei «krigserklæring» mot dei tilsette, som kjem til å forverre situasjonen.

– Pilotar og kabinpersonale tolererer ikkje ei sånn fiendtlegheit frå leiinga, seier leiar Dirk Polloczek i pilotforeininga.

Pilotar og kabinpersonale i seks land gjekk i slutten av september ut i streik. 250 flygningar vart kansellert og over 40.000 passasjerar ramma, då blant anna kabinpersonale i Nederland og kabinpersonale og pilotar i Tyskland streika.

Varsler tidenes største streik: – Ryanair er dømt til å tape kampen mot fagforeningene, mener norsk pilotleder

Fagforeiningane krev reversering

Pilotane krev no at Ryanair reverserer avgjerda om å stenge basane. Om ikkje, må pilotar og kabinpersonale velje mellom å flytte eller miste jobben, ifølge pilotforeininga.

– Vi oppfordrar leiinga og styret til Ryanair til å endre den konfrontative og kontraproduktive framgangsmåten sin. Det er vanskeleg å sjå korleis Ryanair realistisk kan forvente seg å teikne tariffavtaler med fagforeiningane sine med desse trugslene hengande over seg, seier Polloczek.

Det var 1. oktober Ryanair annonserte at basen i Eindhoven med fire fly og Bremen med to fly blir stengd, men at rutene held fram med fly frå andre land. På basen i Niederrhein kuttar dei talet fly frå fem til tre. Ifølge selskapet er grunnen svakare omsetnad, som eit resultat av lågare oljepris og dei mange streikane.

Ryanair har nyleg sagt at dei siktar på å inngå tariffavtaler med europeiske fagforeiningar innan jul, sånn at dei kan settast i verk på nyåret.

Fagforeiningane seier no at stengingsdato for basane 5. november blir «ein milestolpe for å teste leiingas eigentlege agenda».

Norske piloter om Ryanairs metoder: – Vil bare oppmuntre enda flere til å forlate dem

Ryanair: – Undøvendige streikar og øydeleggande innblanding

Ryanair har på si side klaga inn den europeiske pilotforeininga og den internasjonale transportarbeidarføderasjonen for EU-kommisjonen. Dei meiner tilsette i konkurrerande selskap – blant anna norske Norwegian – som har sentrale verv og bistår dei Ryanair-tilsette, har skjulte motiv.

– Ryanairs forretningar blir skada av undøvendige streikar og øydeleggande innblanding i forhandlingane våre med fagforeiningar, koordinert av tilsette i konkurrerande selskap, fagforeiningane deira og lobbygrupper, skriv selskapet i ei pressemelding.

Same dag som Ryanair sendte klaga til EU-kommisjonen, fekk dei eit pålegg frå same organ om å endre praksisen med å gi tilsette kontraktar under irsk lov. Dei tilsette skal ha kontraktar med løns- og arbeidsvilkåra i landet dei jobbar i. Dette har vore eit sentralt krav frå fagforeiningane.

Ryanair-sjef Michael O’Leary skuldar på unødvendige streikar.

Ryanair-sjef Michael O’Leary skuldar på unødvendige streikar.

CC BY 2.0 World Travel & Tourism Council

Fakta om Ryanair

Europas største lågprisselskap, med 86 basar i 37 land og 130 millionar passasjerar i fjor.

Fakta om Ryanair-streikane

Dette er Ryanair-streikane etter at selskapet anerkjente fagforeiningar like før jul i fjor:

28. september streika kabinpersonale i Tyskland, Belgia, Portugal, Nederland, Spania, Italia og tyske pilotar. Over 40.000 passasjerar vart ramma og 250 flygningar kansellert

12. september gjekk pilotar og kabinpersonale ut i ein eindags streik, som førte til 150 kansellerte flygningar.

10. august gjennomførte fagforeiningane tidenes største eindags streik i selskapet. Pilotane i Tyskland, Irland, Sverige, Nederland og Belgia sin streik ramma 55.000 passasjerar.

3. august gjennomførte irske piloter sin gjerde eindags streik, som førte til 20 kansellerte flygningar. Selskapet svarte med å seie opp 300 tilsette, men reverserte oppseiingane i august etter å ha inngått ei avtale med pilotane.

25. og 26. juli streika kabinpersonale i Italia, Spania, Portugal og Belgia. Det førte til at 50.000 passasjerar opplevde kansellerte flygningar.

12., 20. og 24. juli gjekk omtrent 90 irske pilotar ut i streik. 40 flygningar vart kansellert.

29. mars, 1. og 2. april streika portugisisk kabinpersonale.

10. februar gjekk tre italienske fagforeiningar for kabinpersonale og bakkemannskap ut i ein firetimers streik etter å ha blitt ekskludert frå forhandlingar med Ryanair.

22. desember streika tyske pilotar i fire timer, som i liten grad påverka flygningane.

(Kjelde: Reuters)

Annonse