JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Her blir den amerikanske læraren arrestert etter å ha klaga på lønsforholda

Ein amerikansk lærar blei lagt i bakken, påført handjern og arrestert for å ha klaga på at skuleleiaren fekk lønsauke, samtidig som lærarane ikkje hadde fått auke i løna på over ti år.
Lærarane i det amerikanske skuledistriktet har ikkje fått lønsauke på over ti år.

Lærarane i det amerikanske skuledistriktet har ikkje fått lønsauke på over ti år.

Spencer Tweedy <a href="https://www.flickr.com/photos/tweedyson/7977715544/">Flickr</a> CC BY-NC-ND 2.0

tormod.ytrehus@lomedia.no

Ein amerikansk lærar blei måndag kveld, amerikansk tid, lagt i bakken og påført handjern under eit offentleg møte, etter å ha klaga på lønsforholda for lærarane i skuledistriktet.

– Ved å sensurere meg, har dei også tatt, eller prøvd å ta frå meg, retten min til å ytre meg etter det andre grunnlovstillegget. Eg er fråstøtt av dette og det burde du også vere, sa læraren, Deyshia Hargrave, seinare i ein Facebook-video.

Hendinga skjedde på eit styremøte i Vermillion skuledistrikt i Abbeville i Louisiana, der styret gav den lokale skuleleiaren eit lønstillegg på over 300.000 norske kroner. Den lokale tv-kanalen KATC har publisert ein video som viser hendingsforløpet:

(Video frå KATC TV.)

Arrestert

Styreleiaren meinte Hargraves kommentar var upassande. Då ho seinare tok ordet igjen, fekk styreleiaren nok og beordra ho til å forlate lokalet. Ein politikonstabel frå den lokale politimyndigheita tok over.

– Er det mot reglane å stå? spør Hargrave.

Ho fulgte politimannen ut av møtet, men blei beordra av betjenten til å «slutte å motsette seg». Hargrave blir deretter lagt i bakken, sett på handjern og dytta ut av lokalet.

Hargrave blei seinare sette fri frå arresten etter å ha blitt sikta for å «ha blitt verande etter å ha blitt forboden», ifølge KATC. Aktoren i den lokale politiavdelinga sa seinare at han ikkje ville forfølge siktinga, etter å ha sett videoen.

Lønsauke

Språklæraren spurte styret i Vermillion skulekrets om kvifor dei stemte for å gi skuleleiaren høgare løn, samtidig som dei tilsette på skulane ikkje hadde fått lønsauke på mange år. Dette skjedde under punktet for kommentarar frå publikum.

– Kontrakten gir han moglegheit til å tene opp til 307.000 norske kroner meir i året, samtidig som skulestyret ikkje har gitt lærarane lønsauke på over eit tiår, seier styremedlemma Laura LeBeouf og Kibbie Pillette til New York Times.

Protesterer

Lærarforbundet og ein organisasjon for sivile rettar granskar no saka.

Pillette seier til New York Times at ho ikkje blir overraska om lærarane gjennomfører ein streikemarkering i protest mot behandlinga av Hargrave.

– Som ein organisasjon som forsvarer dei dedikerte skuletilsette i Louisiana, tek vi sterk avstand frå behandlinga av Ms. Hargrave, ein kjærleg forelder og dedikert lærar, seier The Louisiana Association of Educators.

– Deyshia Hargraves utvising frå eit offentleg møte og påfølgande arrestasjon er uakseptabelt og reiser seriøse konsistusjonelle bekymringar, seier The American Civil Liberties Union of Louisiana i ei pressemelding.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i skolesektoren.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse