JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kjersti Stenseng (Ap) på Kartellkonferansen

– LO og Ap må stå saman for å kaste regjeringa

Skal det bli regjeringsskifte er det heilt nødvendig at LO og Ap held i hop, meiner Ap-partisekretær Kjersti Stenseng.
VIL MOBILISERE LO: Kjersti Stenseng, partisekretær i Ap, håpar at LO vil mobilisere for fullt i dei neste 290 dagane opp mot valet neste år.

VIL MOBILISERE LO: Kjersti Stenseng, partisekretær i Ap, håpar at LO vil mobilisere for fullt i dei neste 290 dagane opp mot valet neste år.

Bjørn A. Grimstad

oystein.windstad@lomedia.no

– Ap går til val som folket sine tenarar i kamp for fellesskap og mot egoisme.

Frå talarstolen på LO Stat sin kartellkonferanse fortalte Kjersti Stenseng at utan støtte frå LO sine medlemmar, vil ikkje Ap vinne valet og kome i regjering:

– Vi må stå saman skal vi greie å stoppe Frp og Høgre. Vi ser historisk at når LO sine medlemmar støttar venstresida, då vinn vi i Ap valga. Derfor er LO den viktigaste støttespelaren og samarbeidspartneren for Ap i å kaste Høgre og Frp ut av regjeringa, sa Stenseng.

Se alle våre saker fra Kartellkonferansen

Ønskar å lytte meir

Partisekretæren er svært kritisk til at dei 20 rikaste i Norge har fått ein milliard i skattelette, medan det har blitt kutt i ei rekkje velferdstiltak.

Ho lovar at Ap skal bruke dei komande 290 dagane opp mot valet til å høre på folk:

– Vi skal vere ombudsmenn og lytte til folk rundt om i heile landet. Å lytte til det som opptek vanleg arbeidsfolk, det er det absolutt viktigaste vi kan gjere, lova Stenseng frå talarstolen på Gol.

Før ho blei partisekretær for Ap har ho jobba som statssekretær i Kulturdepartementet og har vore leiar av Oppland Arbeidarparti.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse