JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kor mykje får permitterte i dagpengar?

100.000 har brukt den. Sjekk dagpenge-kalkulatoren

Permittert? Med dagpenge-kalkulatoren til FriFagbevegelse, kan du finne ut kor mykje du får frå Nav.

Colourbox

tormod@lomedia.no

Sidan slutten av mars i fjor, har 100.000 vore innom dagpenge-kalkulatoren for å rekne ut kor mykje ein får i dagpengar frå Nav.

Toppen var etter koronarestriksjonane i mars/april då over 430.000 var arbeidslause. No aukar talet igjen. 209.000 er heilt eller delvis arbeidslaus. Av desse er 72.500 permittert.

Jobbsøking: Hvordan skriver jeg en god jobbsøknad og CV?

Om du blir permittert: Det første du må gjere er å melde deg som arbeidssøkar og søke dagpengar frå Nav sånn at du har ei inntekt å leve på. Etterpå kan du søke om forskot.

Men kor mykje får du samanlikna med den vanlege lønna di? Her får du svar:

Hundre tusen

Aller først: Når du er permittert, etter at varslingstida på 14 dagar har gått ut, skal du ha 10 dagar full lønn frå arbeidsgivaren din.

Deretter kjem perioden der du får dagpengar.

Mye lest: Kamilla (44) trodde hun skulle få feriepenger på dagpenger. Nå føler hun seg lurt

For å få innvilga dagpengar frå Nav, må du oppfylle fleire krav:

Du må ha mista arbeidsinntekt og vere minst 50 prosent permittert frå jobben. Du må dessutan ha tent over 152.000 kroner dei siste 12 månadene, eller 304.000 dei siste 36.

Dei lågare krava frå 20. mars, avvikla regjeringa frå og med 1. november.

Inntektene dine kan du sjekke hos Skatteetaten. Er det noko feil må du varsle Nav og be arbeidsgivaren din rette opplysingane.

Studentar får som hovudregel ikkje dagpengar, ifølge lova, og heller ikkje personar som er 67 år eller eldre.

Lærlingar har derimot fått søke dagpengar frå 20. mars, og denne regelen vil regjeringa forlenge ut juni 2021.

Denne skaper debatt: Heidi Nordby Lunde mener feriepenger på dagpenger er «ko-ko». Her forklarer hun hvorfor Høyre likevel støtter forslaget

Kor mykje du får i dagpengar, er svaret på eit litt komplisert reknestykke:

Dagpengane skal vere tilsvarande 80 prosent av inntekt opp til 304.000 kroner. På delen inntekt mellom 304.000 kroner og opptil 608.000, får du vanleg dagpenge-sats på 62,4 prosent.

Satsen på 80 prosent vil regjeringa forlenge ut juni, før den blir 62,4 på heile inntekta opptil taket på 608.000 kroner.

Du betaler skatt av pengane. Derfor må du hugse å endre eller bestille nytt skattekort sånn at Nav ikkje trekker for mykje skatt.

Mye delt: Bedriften og kollegene spleiset på feriepenger til de permitterte. Klubbleder Freddy hylles

Pengane får du utbetalt kvar 14. dag etter at du har sendt inn meldekort.

Meldekort må du også sende inn når du ventar på svar på søknaden. Nav kan nemleg bruke fire veker på å behandle saka.

Du må også vente tre dagar på pengane, sidan regjeringa gjeninnførte ventedagane frå nyåret.

Både oppheving av ventedagane, høgare dagpengesats og dagpengar til lærlingar, vil Stortinget derimot forlenge ut september. Det same vil dei gjere med maksimal dagpengeperiode.

Regjeringa avvikla forlenginga av maksimal dagpengeperiode frå 1. november, men vil no gi moglegheit til å søke dagpengar frå 1. februar.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse