JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Permitterte og arbeidsledige under koronakrisa:

16.000 arbeidsinnvandrarar ventar framleis på dagpengar frå Nav

Dei fleste av arbeidsinnvandrarane som ventar på dagpengar frå Nav jobbar i bygg og bemanning.
I NAV-KØ: 67.000  ledige og permitterte har framleis ikkje fått behandla sin søknad om dagpengar. 16.000 av desse er borgarar frå andre EØS-land – dei fleste i bygg og bemanning.

I NAV-KØ: 67.000 ledige og permitterte har framleis ikkje fått behandla sin søknad om dagpengar. 16.000 av desse er borgarar frå andre EØS-land – dei fleste i bygg og bemanning.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

I overkant av 500.000 personar har søkt dagpengar etter dei strengaste koronatiltaka 12. mars, dei aller fleste i mars og april.

67.000 av dei har framleis ikkje fått behandla søknaden sin, ifølge tal Klassekampen først melde om.

16.000 av desse er borgarar i andre EØS-land, kjem det no fram i eit brev frå arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen til Stortinget.

Fekk du med deg denne? Regjeringa vil ha høgare dagpengesats ut året

Arbeidsinnvandrarar

Dei fleste er frå Polen, Litauen og Sverige, opplyser han. I tillegg kjem det fram at:

• 5.000 jobbar innanfor bygg og anlegg

• 4.500 jobbar innanfor forretningsmessig tenesteyting, deriblant bemanningsbyrå

• 2.500 jobbar i industrien

• 2.500 jobbar innanfor overnatting og servering

Før sommaren var meldinga frå Nav at dagpenge-søknadene skulle vere ferdigbehandla i slutten av juli, men framleis ventar altså mange.

Les også: No skal fleire sleppe å vente på Nav for å få sjukepengar

Må vente til september

37.000 av dei er tilbake i jobb og fekk i sommar beskjed om at behandlinga av søknadene deira er utsette, opplyser Isaksen i eit anna brev til Stortinget. Mest sannsynleg vil dei bli behandla i september.

20.000 er eldre søknader som er forventa å bli ferdigbehandla i løpet av august, mens 10.000 er nye saker under behandling.

– Etaten prioriterer no behandling av søknader om dagpengar frå ledige sånn at dei som ikkje har arbeid å gå tilbake til får ytingane sine utbetalt. I tillegg blir dei som framleis er permittert prioritert, skriv Isaksen.

Les også: Desse yrkesgruppene er mest utsette for korona

Søk om forskot

Han peikar på den enorme pågangen som årsak til at behandlinga har tatt så lang tid, i tillegg til dei nye ordningane Nav skulle få på plass.

– Og koronakrisa er langt frå over. Eg har heile tida vore tydeleg på at det er knytt stor uvisse til anslaga om saksbehandlingstida, påpeikar han.

Isaksen viser også til forskotsordninga for dei som ventar på å få behandla søknaden sin.

Nav melde førre veke at dei no har begynt å krevje dagpenge-forskotet tilbake, men understrekar at dette ikkje gjeld dei som ikkje har fått lønnskompensasjon eller svar på dagpenge-søknaden.

Les også: No skal Nav krevje dagpenge-forskotet tilbake frå ledige og permitterte

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse