JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nav

Ann Kristin må vente på sjukepengar frå Nav: – Eg har ikkje råd

100.000 arbeidsfolk får ikkje sjukepengar på forskot frå arbeidsgivaren sin. Sjukemelde kan måtte vente godt over ein månad på pengar frå Nav.
Ann Kristin Sletvold meiner alle bedrifter bør legge ut for sjukepengane frå Nav.

Ann Kristin Sletvold meiner alle bedrifter bør legge ut for sjukepengane frå Nav.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Vanlegvis ville heile julelønna komme inn på konto 30. november, for resepsjonist Ann Kristin Sletvold (59) på Thon Hotel Brønnøysund.

I verste fall må ho no vente til vesle julaftan på sjukepengane som utgjer over halve månadslønna.

– Konsekvensen er at eg kan måtte utsette lån og faste utgifter. I verste fall går det utover julegåver til barnebarna, fordi eg ikkje har råd, seier ho til Magasinet for fagorganiserte.

Må vente på sjukepengar frå Nav

17. oktober vart Sletvold operert i tommelen, fortel ho. Etterpå var ho sjukemeld fram til 20. november.

Dei første 16 dagane får Sletvold sjukelønn frå arbeidsgivaren, i den såkalla arbeidsgivarperioden. Så langt så godt.

Men deretter er det Nav som betaler sjukepengane.

Og desse sjukepengane kunne ho ikkje søke om før etter at perioden for sjukemeldinga var ferdig.

Så forventar Nav å bruke fire veker på saksbehandling, ifølge nettsidene sine.

Nav opplyser at saksbehandlingstida er ekstra lang no, fordi etaten legg om systemet sitt. Sjå kva Arbeidsdepartementet og Nav seier lengre ned i saka.

Etter at søknaden er innvilga må Sletvold dessutan vente på utbetalinga. Vanlegvis er utbetalingsdatoen innan den 25. i månaden. Men i desember skal utbetalingane riktig nok vere hyppigare, ifølge nettsidene til Nav.

Dersom arbeidsgivaren ikkje legg ut for sjukepengane, kan tilsette måtte vente i over ein månad på pengar frå Nav.

Dersom arbeidsgivaren ikkje legg ut for sjukepengane, kan tilsette måtte vente i over ein månad på pengar frå Nav.

Tormod Ytrehus

Vanskeleg for lågtlønte

Ekstra ille er det å vente på sjukepengar for lågtlønte i hotell- og restaurantbransjen, som ikkje har oppsparte pengar å bruke av.

Og ekstra ille er det dessutan no som prisane på mat, drivstoff og straum er såpass høge.

– Dette gjeld nok ikkje berre meg, men fleire i same situasjon, seier Sletvold.

Ho får heller ikkje halvt skattetrekk på utbetalinga, påpeikar ho. Nav trekker halv skatt på sjukepengar for desember månad, ikkje november sånn arbeidsgivaren hennar gjer.

– No har eg fått kjenne på kroppen noko mange i bransjen vår er opptatt av, seier ho.

Les også: Mens sjefen får sykelønna direkte inn på konto, må renholder Ann Jeanette søke om utbetaling fra Nav

Thon vil ikkje legge ut

Sletvold er også hovudtillitsvalt i Thon Hotels. Ho har deltatt i lønnsforhandlingane til Fellesforbundet både i Thon Hotels og heile hotell- og restaurantbransjen.

Ho har ikkje fått gjennomslag for kravet om forskottering av sjukepengar frå Nav, verken i lokale eller sentrale lønnsforhandlingar.

Mange arbeidsgivarar legg nemleg ut for sjukepengane. Arbeidsgivaren får seinare pengane refundert frå Nav.

Magasinet var i kontakt med Thon Hotels på torsdag førre veke. Vi har spurt om kvifor hotellkjeda ikkje vil forskottere sjukepengar. Vi har purra fleire gonger, men ikkje fått svar.

Thon Hotels-sjef Morten Thorvaldsen svarte oss ikkje.

Thon Hotels-sjef Morten Thorvaldsen svarte oss ikkje.

Thon Hotels

Mange arbeidsgivarar legg ut

Arbeidsgivarane legg ut for sjukepengane i stat og kommune, men også i enkelte bedrifter og bransjar i privat sektor.

Fellesforbundet-tillitsvalte fekk gjennomslag for kravet i Scandic i 2019 og Nordic Choice Hotels i år. Forbundet Handel og Kontor fekk gjennomslag for kravet i årets lønnsoppgjer for varehandelen. I 2020 fekk Fellesforbundet gjennom at arbeidsgivarar ikkje kan forskjellsbehandle tilsette når det gjeld forskottering av sjukepengar.

82 prosent av dei 552.606 mottakarane av sjukepengar så langt i år, fekk dei på forskot frå arbeidsgivaren sin. Det viser tal Nav har henta ut for Magasinet.

Men 100.000 arbeidstakarar har altså måtta vente på pengar frå Nav.

Sletvold trur det må ei lovendring til for å få forskottering på plass i alle bedrifter.

Regjeringa vil ikkje endre lova

Ho får avslag frå Arbeidsdepartementet og statssekretær Thomas Norvoll i Arbeidarpartiet. Han uttaler i ein epost til Magasinet frå ein rådgivar:

«Det er krevende å skulle påføre arbeidsgivere den belastningen et pålegg om å forskuttere sykepenger til ansatte vil innebære. En eventuell forskuttering er derfor noe som partene må bli enige om gjennom tariffavtaler».

Regjeringa ser alvorleg på at sjukemelde må vente i fleire veker på sjukepengar og følger situasjonen fortløpande, legg han til.

I blant anna Scandic har Fellesforbundet-tillitsvalte fått gjennomslag for forskottering av sjukepengar.

I blant anna Scandic har Fellesforbundet-tillitsvalte fått gjennomslag for forskottering av sjukepengar.

Tormod Ytrehus

Nav beklagar

Saksbehandlingstida er ekstra lang for sjukepengar no, opplyser seksjonssjef i Nav, Bente Thori-Aamot, i ein epost til Magasinet frå ein kommunikasjonsrådgivar.

Grunnen er at Nav held på å bytte ut gamle saksbehandlingssystem for sjukepengar. Det har vore krevjande, og Nav har fått utfordringar med å behandle søknadene så fort som forventa.

Derfor har Nav auka bemanninga og prioriterer behandling av nye søknader og klagesaker som har venta lengst, opplyser Thori-Aamot.

Nav beklagar at sjukemelde må vente ekstra lenge på pengane.

Raser mot Venstre-kutt: – Skal vi få ned sykefraværet, må det skje på andre måter enn å frata folk penger

Utbetalingar av sjukepengar

83 prosent av dei 603.227 mottakarane av sjukepengar i 2021, fekk dei på forskot frå arbeidsgivaren sin.

105.000 arbeidsfolk måtte altså vente på sjukepengar frå Nav.

82 prosent av dei 552.606 mottakarane per oktober 2022, fekk dei på forskot.

Også i år må altså over 100.000 arbeidsfolk vente på Nav.

Kjelde: Nav

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Utbetalingar av sjukepengar

83 prosent av dei 603.227 mottakarane av sjukepengar i 2021, fekk dei på forskot frå arbeidsgivaren sin.

105.000 arbeidsfolk måtte altså vente på sjukepengar frå Nav.

82 prosent av dei 552.606 mottakarane per oktober 2022, fekk dei på forskot.

Også i år må altså over 100.000 arbeidsfolk vente på Nav.

Kjelde: Nav