JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Håvard Sæbø

Arne på jobb – Anne heile tida

Når Anne Ukvitne (75) er nattevakt på Fleischer's Hotel på Voss, er ho Arne. Arne kom ut av transeskåpet for åtte år sidan, og no lever han som kvinne. Bukser brukar ho berre på arbeid.
2017121514210520171219150653

has@lomedia.no

erlend@lomedia.no

Når Anne kjem heim frå arbeid, heng ho straks han Arne frå seg. Ho vil gjerne vere Anne på arbeid og, men får ikkje lov av hotellsjefen. For ikkje å skape dårleg stemning, vel ho å kle seg som den gamle Arne med uniformsbukser når ho står i resepsjonen.

Anne er Arne på arbeid.

Anne er Arne på arbeid.

Håvard Sæbø

Det beste med Arne er å kle han av så fort arbeidsdagen er slutt.

I nesten 30 år skjulte han seg heime før han kom ut av skåpet. Det var NRK-serien om «Jentene på Toten» som gjorde at han turde.

NY GARDEROBE: Det er ikkje mange rester av Arne att i heimen til Anne. 
Ho elskar shopping, sminke og sko.

NY GARDEROBE: Det er ikkje mange rester av Arne att i heimen til Anne. Ho elskar shopping, sminke og sko.

Håvard Sæbø

Etter at Arne sto fram som transperson, har ho vore mykje i mediene. Dette håper ho kan gjere det lettare for andre å stå fram.

Arbeidslivet starta som sjømann, heilt til han som mange andre norske sjøfolk mista jobben på slutetn av 80-tallet. Samstundes med at han gjekk i land, byrja han i smug å kle seg som kvinne. Damekleda vart skaffa på postordre eller kjøpt over disk med klar beskjed om at dei måtte pakka inn fint, for dei var jo gåve ...

VETERAN: Når Anne sit bak rattet i den gamle Cortinaen, veit vossingane kven som kjem. Bilen kjøpte far hans i 1970, etter at han vann 28.000 i tipping. Anne er hekta på gamle bilar, helst av merket Ford. Til vinterbruk har ho ein Taunus frå 70-tallet.

Erlend Angelo

FULL PAKKE: Arne brukte berre eit halvt minutt på badet, medan Anne bruker ein halvtime. I friperioden på åtte dagar mellom nattevaktene, er ho nøye med neglelakken. I arbeidsvekene vert det for mykje styr å ta den av og på, så då går ho utan.

BESTEFAR: Anne var gift i 16 år, og har to søner. Dei vart overraska då dobbeltlivet til faren deira kom for dagen. No respekterer dei ho som Anne, men vil at ho skal vere bestefar når ho er saman med borneborna.

Anne er mykje lettare til sinns enn Arne. Og yngre. - Ho Anne er berre 58 år, og ho vert ikkje eldre heller, ler ho.

Siste vakta på Fleischer´s har Anne planlagt å ta nyttårskvelden 2018. Då åtvarar ho om at ho vil stille med skjørt og parykk.