JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kaefer Energy:

Bedrifta brukte innleigde då tilsette var permitterte: – Heilt forkasteleg

Kaefer Energy burde først og fremst ta vare på sine eigne tilsette, seier klubben i ISO-bedrifta om innleiga under koronakrisa.
Arkivfoto.

Arkivfoto.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

I mars sende Kaefer Energy ut permitteringsvarsel til nesten alle 1050 tilsette. Dei vart permittert etter kvart som aktivitetane stoppa i samband med koronatiltak. Samtidig avvikla bedrifta all innleige.

På det meste var over 800 av dei tilsette permittert i bedrifta som driv med isolasjon, stillas og overflatebehandling (ISO) på oljeinstallasjonar.

I april leigde Kaefer likevel inn isolatørar, samtidig som dei hadde permitterte tilsette i Sverige og Finland.

• Les også: No er korona-lønna frå Nav klar. Sånn er ordninga

Forkasteleg

– Eg synest det er heilt forkasteleg. Bedrifta burde først og fremst ta vare på sine eigne tilsette, seier klubbleiar Jens Hermansson til Magasinet for fagorganiserte.

No står det strid om ein protokoll frå 10. mars mellom klubben og bedrifta. Klubben meiner den slår fast at Kaefer ikkje kunne leige inn utan avtale så lenge fast tilsette var permittert.

– Vi godtar innleige for personar som faktisk ikkje kan gå i jobb, det har vi sagt til bedrifta, legg Hermansson til.

Innleige-krangel

Partane skal no møtest saman med Fellesforbundet og Norsk Industri, der dei skal drøfte tolkinga av protokollen som bedrifta valde å seie opp 1. juni.

Innleige har vore eit stridstema i Kaefer over fleire år. I 2017 sa klubben opp ei innleige-avtale med bedrifta, og etter fleire forsøk har dei framleis ikkje blitt einige om ei ny.

Signal frå kundar

HR-direktør Thorbjørn Jensen skriv i ein epost til Magasinet, at intensjonen til bedrifta har vore å prioritere eigne tilsette først.

– Vi oppfatta ulike signal frå våre kundar på dei ulike lokasjonane om vi kunne nytte skandinavisk personell eller ikkje. Spesielt berørte dette våre tilsette med bustad i Sverige og Finland, skriv han.

– Våre kundar hadde, og har framleis, ulik praksis og ulike tilnærmingar til covid-19-utfordringane. Med bakgrunn i den uvissa det medførte, kunne vi ikkje trekke permitteringane for personell frå desse to landa.

Sa opp avtale

Jensen skriv også at dei innleigde er frå to søsterselskap som er underlagt same leiing som Kaefer Energy.

– Då vi ikkje kunne forholde oss til korleis klubben meinte protokollen skulle tolkast, og samtidig innfri våre forpliktingar overfor kundane, såg me oss nøydd til å seie opp protokollen.

I dag er 200 permittert i bedrifta.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse