JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Då Monica vart sjuk, ville ikkje sjefen gi ho meir jobb: – Eg vart irritert, eg har rekningar å betale og to ungar å forsørge

Med hjelp frå fagforeininga vann sjåfør Monica Hanssen fram i forliksrådet og fekk etterbetalt 82.000 kroner i lønn. – Rådet mitt er å organisere seg, seier ho.
RÅD: Meld deg inn i ei fagforeining, sjekk dokumentasjonen, ikkje ver redd for å stille spørsmål og frem lønnskrav så tidleg som mogleg. Det er råda frå Monica Hanssen og organisasjonsarbeidar Knut Skåle i Fellesforbundet.

RÅD: Meld deg inn i ei fagforeining, sjekk dokumentasjonen, ikkje ver redd for å stille spørsmål og frem lønnskrav så tidleg som mogleg. Det er råda frå Monica Hanssen og organisasjonsarbeidar Knut Skåle i Fellesforbundet.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

NAMSOS: I april 2019 sender Monica Hanssen ein SMS til arbeidsgivaren i Zahl Distribusjon AS i Stjørdal om at ho er sjuk.

Ho har ein avtale med arbeidsgivaren om å køyre aviser og anna gods annakvar helg. Å køyre på natta er hardt, men ho liker å køyre bil og høyre på musikk.

To dagar seinare får ho svar frå dagleg leiar om at bedrifta har fått tak i nokon andre til å køyre.

Seinare høyrer ho ikkje noko meir frå arbeidsgivaren, men får ikkje oppseiing. Tida går.

– Det merkast at ein mistar 10.000 kroner i månaden. Eg vart irritert, eg har rekningar å betale og to ungar å forsørge, seier 37-åringen til Magasinet for fagorganiserte.

Skjermdump

Magasinet har vore i kontakt med Zahl Distribusjon som ikkje ønsker å kommentere saka.

Lønn og feriepengar

26. februar 2020 sender ho lønnskrav til arbeidsgivaren for perioden sidan 8. mars året før. Ho har tatt kontakt med fagforeininga der ho er medlem, og fått hjelp.

Ho krev nærmare 82.000 kroner for lønn og feriepengar etter misleghald av arbeidsforholdet, manglande arbeidstid og tap av arbeidsinntekt.

Arbeidsgivaren avviser kravet, og Hanssen klagar saka inn til forliksrådet.

• Mye lest: Tommy jobba seg i senk og ble sykmeldt: – Jeg har aldri blitt så dårlig behandla som av Coop

Dagleg leiar og eigar Frode Zahl hevdar i eit tilsvar til klaga i juni at Hanssen ikkje har underteikna ein arbeidskontrakt der det står at ho er mellombels tilsett til utgangen av mars.

Hanssen svarer at ho aldri fekk ein sånn kontrakt, og at ho har dokumentasjon på at arbeidsforholdet vart avtalt over SMS.

Sjå råda frå fagforeiningas fire råd til andre i same situasjon, nederst i saka.

I rettsmøtet på lensmannskontoret i Stjørdal 2. september møter ikkje arbeidsgivaren opp, og forliksrådet avgjer at arbeidsgivaren må betale ho det bedrifta skuldar.

– Det er ikkje artig å gå til sak, men det skal vere lov å vere sjuk, seier Hanssen som no har fått etterbetalt lønna si.

• Mye lest: Frank Robert ble fratatt sykelønn da bedriften permitterte ansatte: – Overraskende

Bli med i ei fagforeining

Hanssen fortel til Magasinet at ho har blitt kontakta av tre andre som har mista arbeidet og ikkje har fått utbetalt lønna dei skulle ha, etter at ho først stod fram i Trønder-Avisa.

– Dei er ikkje organisert og vil ikkje ta saka fordi dei må koste advokat sjølv, seier ho til Magasinet.

Då Hanssen mista arbeidet, hadde ho i tillegg to deltidsjobbar i klesbutikk og på bensinstasjon, i tillegg til jobben i Zahl Distribusjon.

– Det hadde vore heilt krise om dette var den einaste jobben min.

Mye lest: Dette «klesskapet» ble leid ut for 6.200 kroner i måneden: – Leiemarkedet blir bare verre og verre

Rådet hennar er til andre i same situasjon er å organisere seg i ei fagforeining før noko sånt skjer.

Sjølv har ho vore medlem i Fellesforbundet i åtte år, og andre LO-forbund før den tid.

– Mange kvir seg for å ta opp sånne saker med arbeidsgivaren, og då er det viktig å ha ein tillitsvald eller fagforeining å gå til, seier ho.

Fort som svint

Det var organisasjonsarbeidar Knut Skåle i Fellesforbundet avdeling 146 Namdal Fagforening som hjelpte Hanssen med lønnskrav og saka i forliksrådet.

Han har dette rådet til fagorganiserte i same situasjon:

– Ta kontakt med avdelinga og frem lønnskrav så tidleg som mogleg. Ikkje tru at det berre ordnar seg, seier Skåle.

– Det tar tid å fremme krav og ta saka til forliksrådet, så ein bør sette i gang prosessen fort som svint, seier han og legg til at det er svært sjeldan klagar med bistand frå fagforeininga ikkje får medhald.

Mye lest: Hege Berit fikk hakeslepp da bedriften ville fjerne sluttpakken: – Respektløst overfor oss ansatte

I saka i forliksrådet kunne Hanssen og Fellesforbundet vise til både lønnsavrekningar og SMS-ar som tilbakeviste påstandane frå arbeidsgivaren.

– Det er viktig å dokumentere. Det er mange som ikkje følger med på kva som er avtalt med arbeidsgivaren og om noko er feil. Ein bør kontrollere lønnsavrekninga, om den har nok og riktige opplysingar. Ein bør sjekke om ein får det som er spesifisert i arbeidskontrakten, og ikkje minst krevje kontrakt om ein ikkje har fått det, seier Skåle.

– Heldigvis er dei fleste arbeidsgivarar ordentlege, men utviklinga er urovekkande, understrekar han.

Fagforeiningas fire råd

1 Dersom ein ikkje er organisert, ta kontakt med nærmaste fagforeining for informasjon om medlemsskap.

2 Sjekk lønnsavrekninga og om den har nok og riktig informasjon i forhold til arbeidskontrakten, og krev arbeidskontrakt om du ikkje har det.

3 Ikkje ver redd for å stille spørsmål til leiinga i bedrifta, og snakk med tillitsvald så tidleg som mogleg.

4 Ta kontakt med fagforeininga og frem lønnskrav så fort som mogleg.

Kjelde: Fellesforbundet avdeling 146 Namdal Fagforening

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Fagforeiningas fire råd

1 Dersom ein ikkje er organisert, ta kontakt med nærmaste fagforeining for informasjon om medlemsskap.

2 Sjekk lønnsavrekninga og om den har nok og riktig informasjon i forhold til arbeidskontrakten, og krev arbeidskontrakt om du ikkje har det.

3 Ikkje ver redd for å stille spørsmål til leiinga i bedrifta, og snakk med tillitsvald så tidleg som mogleg.

4 Ta kontakt med fagforeininga og frem lønnskrav så fort som mogleg.

Kjelde: Fellesforbundet avdeling 146 Namdal Fagforening