JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Regionale verneombod i hotell, restaurant og reinhald:

Då verneombod ikkje vart permittert, trekte NHO-representant seg i protest

NHO-foreiningar ville vurdere permittering eller oppseiing av regionale verneombod i hotell, restaurant og reinhald.
BRÅK: NHO Reiseliv og NHO Service og Handel meiner styret ikkje ville diskutere permittering av regionale verneombod. Jostein Hansen (til høgre) trekte seg i protest. Her saman med styremedlem Clas Delp frå Fellesforbundet under lønnsoppgjeret for fire år sidan.

BRÅK: NHO Reiseliv og NHO Service og Handel meiner styret ikkje ville diskutere permittering av regionale verneombod. Jostein Hansen (til høgre) trekte seg i protest. Her saman med styremedlem Clas Delp frå Fellesforbundet under lønnsoppgjeret for fire år sidan.

Terje Pedersen / NTB scanpix

tormod@lomedia.no

19. mars startar ei epostutveksling som skal føre til at ein av arbeidsgivarane sine representantar trekker seg frå fondsstyret til den regionale verneombod-ordninga i hotell, restaurant og reinhald.

Magasinet for fagorganiserte har fått innsyn i dokumenta frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Ville permittere

I epostane tar styremedlemmene Jostein Hansen frå NHO Reiseliv og Anne Jensen frå NHO Service og Handel til orde for å vurdere permittering eller oppseiing av regionale verneombod (RVO-ar).

Dei viser til at mange bedrifter i bransjane no er stengde, smittefare på arbeidsplassane RVO-ane skal besøke og at inntektene til ordninga vil gå drastisk ned i 2020 og neste år.

Leiar Kirsti Been Tofte svarer 23. mars. Ho viser til at dei er tilsett i Arbeidstilsynet. Etaten påla tilsette heimekontor frå 12. mars, men permitterer ikkje. Tofte listar opp ei rekke oppgåver RVO-ane jobbar med heimanfrå, i hovudsak informasjonsarbeid og kontakt med bedrifter.

Arbeidsgivaransvar

26. mars følger ei epostutveksling mellom Jostein Hansen og styreleiar Ørnulf Halmrast frå Arbeidstilsynet. Den viser blant anna ei usemje om kven som har arbeidsgivaransvaret for RVO-ane.

31. mars sender så Hansen og Jensen frå NHO-foreiningane, ein epost til Arbeids- og sosialdepartementet. Der spør dei om RVO-ane kan permitterast og om staten i motsett fall tar rekninga så lenge RVO-ane ikkje kan besøke bedrifter.

Styremedlemmene frå Fellesforbundet, Arbeidsmandsforbundet og styreleiar Halmrast sender deretter ein epost der dei understrekar at førespurnaden er frå eit mindretal i styret.

Avslag frå departementet

1. april svarer arbeidsmiljø- og tryggleiksavdelinga i departementet. Dei «forholder seg til eventuelle formelle henvendelser fra stiftelsens styre når det gjelder RVO-ordningens aktivitetsnivå».

Vidare slår dei fast at «det formelle arbeidsgivaransvaret for de regionale verneombudene i ordningen ligger […] i Arbeidstilsynet».

Trekte seg frå styret

Når Magasinet snakkar med Jostein Hansen i NHO Reiseliv, seier han at han trekte seg frå styret i protest 3. april og er erstatta av ein vararepresentant.

– Eg kjenner eit ansvar som styremedlem og eit særleg ansvar for bedriftene eg representerer som aleine må dekke utgiftene til ordninga. Derfor meinte eg det var riktig å vurdere å permittere eitt eller fleire verneombod og kanskje nokre i administrasjonen. Den diskusjonen fekk vi aldri, så eg trekte meg frå styret, seier Hansen.

Den lovbestemte RVO-ordninga er finansiert av ei avgift som alle bedrifter i bransjane må betale inn til eit fond. Ei stifting styrt av partane i arbeidslivet kontrollerer dette fondet på fleire titals millionar kroner, og refunderer Arbeidstilsynet sine utgifter.

Passar på HMS-en

I dag er det 16 RVO-ar fordelt på fem landsdelar. Ni jobbar innanfor hotell og restaurant, mens sju jobbar innanfor reinhaldsbransjen.

Dei skal blant anna sørge for at bedriftene følger reglar i arbeidsmiljølova om helse, miljø og tryggleik. Først og fremst gjeld dette regelen om at bedrifter skal ha verneteneste, og RVO-ane kan gå inn i rolla som verneombod i bedrifter som ikkje har det.

Mot ordninga

Ordninga for hotell, restaurant og reinhald vart vedteken i 2010, men tok tre år å få på plass fordi arbeidsgivarane protesterte.

– Vi meiner som utgangspunkt at forvaltinga av lover og reglar skal gjerast av myndigheiter og betalast av fellesskapet, seier Hansen til Magasinet.

I bygg- og anleggsbransjen er RVO-ane oppnemnd av og tilsett i Fellesforbundet og Arbeidsmandsforbundet. Innanfor hotell, restaurant og reinhald fekk Arbeidstilsynet denne oppgåva.

Viktig arbeid

Styremedlem Clas Delp frå Fellesforbundet, ønsker ikkje å kommentere den interne epostutvekslinga, men seier dette:

– Vi har oppfordra bedrifter, tillitsvalde og medlemmer som har problem med å etterleve smittevernråd, til å nytte seg av regionale verneombod. Så dei har vore til god og praktisk hjelp. I ei tid der det har kokt for forbundet sin del, er det fint.

Reduserer avgifta

Styreleiar Halmrast vil heller ikkje kommentere epostane, men seier til Magasinet:

– Permittering av dei regionale verneomboda har ikkje vore tema i styremøte. Styret har fått god informasjon frå dagleg leiar om at dei regionale verneomboda gjer viktig arbeid for ordninga sjølv om dei i ein periode ikkje kan besøke verksemdene.

I tillegg seier Halmrast at styret 23. april vedtok at avgifta for 2020 for alle bedrifter blir redusert til minstebeløpet 250 kroner.

Eigenkapital

Ordninga har nemleg heile 40 millionar kroner i eigenkapital, ifølge fjorårets årsrapport. Driftskostnadene var på omtrent halvparten.

Dersom eigenkapitalen er like stor som driftskostnadene, seier lovverket at styret kan justere ned avgifta.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse