JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nytt om navn

Daniel Brandsrød er ny ungdomsleiar i Fellesforbundet

No skal Fellesforbundet ut og snakke med ungdom om fagrørsla, med ny ungdomsleiar i spissen.
HJARTESAK: Samarbeid mellom fagrørsla og ungdomspartia er noko Daniel Brandsrød brenn for.

HJARTESAK: Samarbeid mellom fagrørsla og ungdomspartia er noko Daniel Brandsrød brenn for.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Daniel Brandsrød er likevel ingen nykommar. Han har vore med i det sentrale ungdomsutvalet i Fellesforbundet dei siste seks åra, vikariert eit halvår som ungdomssekretær og kjem no frå vervet som nestleiar.

Koronaen og to år med lite aktivitet er grunnen til at han tok på seg leiarvervet.

– Eg følte vi trong litt kontinuitet for å få i gang organisasjonsarbeidet, rekruttering og oppsøkande verksemd, forklarer 29-åringen frå Region Aust.

Brandsrød vart valt som ny leiar etter Tom-Magne Nordli frå Region Nord, på den sentrale ungdomskonferansen til Fellesforbundet på Sundvolden i mars.

Viktig for framtida

Med to barn på 3 og 9 år, i tillegg til fagrørsle og politikk, har Brandsrød ingen problem med å fylle fritida.

Til dagleg jobbar sarpingen som prosessoperatør i treforedlingsbedrifta Borregaard i Sarpsborg. Der er han også skifttillitsvald og ungdomsleiar i fagforeininga.

Fagorganisert og medlem i Fellesforbundet har han vore sidan læretida i 2011. Det tok likevel nokre år før han vart så nysgjerrig at han engasjerte i arbeidet som tillitsvald.

– Eg har funne ut at dette er ei ålreit rørsle som gjer viktige ting for samfunnet og for å forme arbeidslivet i framtida, kan Brandsrød no slå fast.

Møte folk igjen

På konferansen i mars vedtok Fellesforbundet-ungdommen nytt rådgivande dokument, fråsegner og valde nytt sentralt ungdomsutval. Deltakarane besøkte også Utøya der dei diskuterte korleis fagrørsla kan jobbe mot høgreekstremisme.

To år etter at pandemien braut ut – da ungdomskonferansen i mars 2020 måtte riggast ned og deltakarane sendast heim – var det endeleg slutt på smittevern-restriksjonar og digitale møte i staden for fysiske.

Å møte folk blir viktig for ungdomsutvalet den kommande perioden, forklarer Brandsrød. Dei tillitsvalde drar blant anna ut på skolebesøk for å fortelje elevar om fagrørsla.

Å førebu seg fram mot landsmøtet i 2023 for å få gjennom saker, er ein annan prioritet.

Faglegpolitisk samarbeid

Ei av hjartesakene til Brandsrød er det faglegpolitiske samarbeidet. Ungdomsutvalet har begynt å formalisere eit samarbeid med AUF, og vil gjerne gjere det same med andre ungdomsparti på venstresida som ønsker det.

– Det er den beste måten å påverke på: å kome med synspunkt, diskutere og lære av kvarandre, meiner han.

Opp gjennom åra har det vore eit litt anstrengt forhold mellom AUF- og Fellesforbundet-ungdommen, på grunn av usemje om olje- og klimapolitikken.

– Vi er einige om målet, men litt ueinige om vegen, slår Brandsrød fast, som sjølv er medlem i Ap.

Det sentrale ungdomsutvalet i Fellesforbundet

Leiar: Daniel Brandsrød – Treforedling (Aust)

Nestleiar: Nadia Zahl – Industri (Midt)

Ungdomssekretær: Joakim Hagen – Buss (Sentral)

Medlem: Brede Bjerkseth – Bil (Sør-Aust)

Medlem: Caroline Wilson Iglebæk – Riksavtala (Sør-Vest)

Medlem: Mikkel Krogstad – Industri (Nord)

Medlem: Adrian Lindgren – Bygg (Vest)

Medlem: Erik Juho Viena – Industri (Indre Aust)

1. Vara: Diana Moonphen – Treforedling (Midt)

2. Vara: Sindre Ensrud – Industri (Indre Aust)

3. Vara: Elise Sofie Fredriksen – Riksavtala (Vest)

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse

Det sentrale ungdomsutvalet i Fellesforbundet

Leiar: Daniel Brandsrød – Treforedling (Aust)

Nestleiar: Nadia Zahl – Industri (Midt)

Ungdomssekretær: Joakim Hagen – Buss (Sentral)

Medlem: Brede Bjerkseth – Bil (Sør-Aust)

Medlem: Caroline Wilson Iglebæk – Riksavtala (Sør-Vest)

Medlem: Mikkel Krogstad – Industri (Nord)

Medlem: Adrian Lindgren – Bygg (Vest)

Medlem: Erik Juho Viena – Industri (Indre Aust)

1. Vara: Diana Moonphen – Treforedling (Midt)

2. Vara: Sindre Ensrud – Industri (Indre Aust)

3. Vara: Elise Sofie Fredriksen – Riksavtala (Vest)