JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Europeisk minstelønn:

Dei nordiske landa fryktar lovfesta minstelønn. Ingen grunn til bekymring, svarer EU

EU startar prosessen med å utarbeide europeiske minstelønnskrav. Eit endeleg forslag blir sannsynlegvis lagt fram etter sommaren.
EU-kommisjonen sin leder, Ursula von der Leyen, lova å fremme eit forslag om minstelønn innan 100 dagar ved roret. 44 dagar seinare ligg eit første forslag på bordet.

EU-kommisjonen sin leder, Ursula von der Leyen, lova å fremme eit forslag om minstelønn innan 100 dagar ved roret. 44 dagar seinare ligg eit første forslag på bordet.

EU-parlamentet

tormod@lomedia.no

EU-kommisjonen sin leiar Ursula von der Leyen lova allereie før ho vart vald, å sikre ei rettferdig minstelønn for alle arbeidarar i unionen.

Det har skapt uro i dei nordiske landa, der både regjeringane, arbeidstakarane og arbeidsgivarane ønsker å halde på den vellukka ordninga med lønnsforhandlingar mellom partane i arbeidslivet.

Dei meiner ei lovfesta minstelønn truar denne modellen, vil presse lønningane nedover og føre til at færre er organiserte. Også her heime har LO, NHO og regjeringa åtvara mot ei lovfesta minstelønn.

p

Ingen tvang

Tysdag la kommisjonen det første forslaget på bordet, som ein del av ei pakke om sosiale rettar. Der heiter det at alle arbeidarar i Europa bør ha ei rettferdig minstelønn som sikrar ein verdig levestandard, med det viktige atterhaldet:

– Dette betyr ikkje å fastsette den same minstelønna for alle arbeidarar i EU. Minstelønna bør fastsettast etter nasjonale tradisjonar, gjennom kollektive avtaler eller lovverk, heiter det i kommunikeen frå kommisjonen.

– Velfungerande kollektive forhandlingar mellom arbeidsgivarar og fagforeiningar er ein effektiv måte å fastsette rettferdig lønn, sidan arbeidarar og arbeidsgivarar er dei som kjenner sektoren og regionen sin best, heiter det vidare.

EU-kommissær for arbeid og sosiale rettar, sosialdemokraten Nicolas Schmit, forsikrar om at landa som i dag ikkje har ei lovfesta minstelønn, ikkje kjem til å måtte innføre dette. Han understrekar at intensjonen er å lage eit juridisk rammeverk som stiller krav til allereie eksisterande lovfesta minstelønn i medlemslanda.

Nordisk protest

Under ein pressekonferanse i Strasbourg tysdag ettermiddag viste Schmit til protestane frå land som Danmark og Sverige som ikkje ønsker å innføre ei lovfesta minstelønn. Han gav følgande løfte til regjeringane, fagforbunda og arbeidsgivarane:

– Desse landa kjem absolutt til å kunne halde på dei kollektive forhandlingane sine. Dei kjem ikkje til å måtte innføre ei europeisk minstelønn, slo han fast.

– For dei andre landa, kjem vi til å måtte sjå på om minstelønna møter varierande kriterium som vil bli definert gjennom prosessen som startar med denne høyringa, haldt han fram.

Berre seks av EU sine 28 medlemsland manglar ei lovfesta minstelønn. Desse er nemnde Danmark og Sverige, i tillegg til Finland, Italia, Austerrike og Kypros.

– Dersom lønna i delar av Europa er veldig låg, vil det ha ein negativ innverknad på land der lønna er mykje høgare. Det er ein av grunnane til at vi jobbar med eit rammeverk, poengterte Schmit.

Fagrørsla er bekymra

Organisasjonen for arbeidstakarorganisasjonar i Europa, ETUC, skriv i ei pressemelding at det er positivt at EU anerkjenner problemet med låglønn og aukande lønnsforskjellar. Samtidig meiner dei høyringsdokumentet har skuffande lite konkrete forslag, og legg til:

– Vi er bekymra for at kommisjonen sine forslag ikkje er tydelege på korleis dei skal garantere vern av kollektive forhandlingar i landa der dei allereie fungerer godt.

p

Forslaget skal no ut på høyring hos dei såkalla sosiale partnarane, der arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane får komme med sine innspel til korleis eit sånt rammeverk bør sjå ut. Etter enda ei høyringsrunde, legg kommisjonen fram det endelege forslaget for Rådet og EU-parlamentet.

Dette endelege forslaget vil mest sannsynleg vere klart tidleg i september, ifølge Schmit. Eit alternativ er samtidig at partane i arbeidslivet sjølv ønsker å forhandle fram eit forslag til rammeverk for minstelønn. Dei vil i så fall få ni månader på seg til forhandlingane.

Annonse

Flere saker

Annonse