JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Sosial dumping

Denne gjengen skal luke ut useriøsitet frå byggebransjen i Trondheim

I staden for å leige inn folk, skal kommunen sjølv sørge for at lover og reglar blir følgde på byggeplassane sine.
KOORDINATORAR: Avdelingsleiar Odd Henning Johansen (i midten) saman med dei fire andre SHA-koordinatorane som er tilsett.

KOORDINATORAR: Avdelingsleiar Odd Henning Johansen (i midten) saman med dei fire andre SHA-koordinatorane som er tilsett.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Trondheim kommune har tilsett fem nye koordinatorar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA), og snart skal ein sjette tilsettast. Dei skal sørge for at lover og reglar blir følgde på bygge- og anleggsprosjekt der kommunen er byggherre. Planen er at avdelinga er oppe og går for fullt frå årsskiftet.

Satsinga er ei lita verdsnyheit. Det meiner Roar Aas, kommunalråd for Arbeidarpartiet og tidlegare fagforeiningsleiar for taktekkarar, murarar og tømrarar i byen.

– Eg har ikkje høyrd om ei liknande satsing i andre kommunar. Dette er ein milestolpe, meiner Aas.

Trondheim kommune bygger for heile 2,5 milliardar kroner i året, og er ein av dei største utbyggarane i landsdelen.

Mye lest: Alle vil ha spesialgruppe som skal bekjempe transportkriminalitet – bortsett fra samferdselsministeren

Eigne folk

Tidlegare har kommunen leigd inn koordinatorar til å sørge for at kommunen følger SHA-ansvaret sitt i tråd med byggherreforskrifta. No kjem eigne tilsette til å gjere store delar av jobben.

– Dette sparer kommunen for pengar, er einskapleg og bygger kompetanse internt, seier Roar Aas.

Å samle koordinatorane i eige hus, skaper også felles kultur og haldningar, trekker avdelingsleiar Odd Henning Johansen fram.

Kommentar: «Frislippet av bemanningsbransjen var et historisk feilgrep»

Må følge opp

Koordinatorane skal hjelpe prosjektleiarane, og sørge for at SHA-systema er på plass og fungerer. Det handlar blant anna om at stillas, sikring og verneutstyr er etter boka.

– Ein kan stille ei rekke krav, men det hjelper ikkje om dei ikkje blir følgd opp, påpeikar avdelingsleiar Johansen.

Dersom ein leverandør ikkje følger reglane, kan kommunen for eksempel velje bort leverandøren i neste omgang.

Denne skaper debatt: Utenlandske sjåfører kjører varer i Norge for 25 kroner timen: – Bransjen er i en dødsspiral

Handlar om seriøsitet

Trondheim kommune fekk på plass kontraktskrav om fast tilsette, fagarbeidarar og lærlingar allereie i 2014.

Sjølv om seriøsitetsreglane ikkje er dei nye SHA-koordinatorane sitt bord, er ikkje Roar Aas i tvil om at satsinga vil bidra til ein meir seriøs byggebransje i byen.

– SHA og seriøsitet heng så tett saman, at ein kjem til å luke ut dei useriøse aktørane, seier han.

Mye delt: Bemanningsselskap krever erstatning av tillitsvalgte Nicolai: – Et angrep på meg som person

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse