JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Koronakrisa:

Derfor er medlemskapet viktig når du er permittert

Som permittert Fellesforbundet-medlem, skal du betale minstekontingent. Dermed held du på viktige rettar og forsikringar.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Fordelane ved vere medlem i Fellesforbundet blir ikkje borte når du er permittert. Tvert imot.

– I ei vanskeleg tid har ein større behov for tryggleiken medlemskapet gir, enn i tider der alt går godt, seier forbundssekretær Clas Delp til Magasinet.

Sjå korleis du sikrar at medlemskapet held fram lenger ned i saka.

p

Fellesskapet

Han slår fast at den viktigaste medlemsfordelen, er å ha tillitsvalde og forbundet i ryggen. Dei informerer og svarer på spørsmål, kjempar for rettane dine overfor arbeidsgivarane og politikarane.

– Mange kjem til å trenge bistand frå tillitsvalde og forbundet i situasjonen dei står oppe i no, seier Delp.

Forbundssekretæren hyllar dei tillitsvalde rundt om på arbeidsplassane som har representert medlemmene i ein vanskeleg situasjon med plutselege permitteringar.

– Dei er forbundet og medlemmene sine heltar.

Kontingenten

Permitterte Fellesforbundet-medlemmer skal betale minstekontingenten på 188 kroner i månaden. Til vanleg er kontingenten 1,5 prosent av lønna eller meir, avhengig av kva avdeling du høyrer til.

Rekninga får du som ein eigen giro, noko som er viktig å merke seg for dei som er vande med at kontingenten blir trekt frå lønna.

Derfor er det også viktig at du sjekkar at tillitsvald på jobben har gitt beskjed til forbundet om at du er permittert og skal betale minstekontingent.

Dersom arbeidsplassen din ikkje har tariffavtale og tillitsvald, kan du kontakte avdelinga di.

p

Riktig informasjon

Kva avdeling du høyrer til, finn du ved å logge inn på «Min side» på fellesforbundet.no. Har du ikkje logga deg inn tidlegare, må du lage ein ny brukar.

For å lage ein ny brukar, må du ha medlems- og personnummeret klart. I tillegg må du legge inn ei e-post-adresse.

På «Min side» er det også lurt å sjekke at forbundet har riktig kontaktinfo, sånn at både giro og annan viktig informasjon kjem fram.

Forsikringar

Forsikringane gjennom medlemskapet kjem godt med også for permitterte. Desse LOfavør-forsikringane er inkludert i medlemskapet:

• Innbuforsikringa dekker skader på eller tjuveri av tinga dine.

• Grunnforsikringa gir ein eingongsutbetaling til etterlatne ved dødsfall.

• Fritidsulykkeforsikringa gir deg erstatning om du blir utsette for ei ulykke på fritida.

I tillegg har medlemmene mange gunstige forsikringar, banklån og andre medlemsfordelar du kan nytte deg av. Også desse får du halde på når du betaler minstekontingenten.

p

Reiseforsikring utsette

Landsmøtet til Fellesforbundet bestemte i fjor at medlemmene blant anna skulle få tilbod om reiseforsikring.

Tilbodet skulle eigentleg sendast ut til medlemmene i desse dagar, men forbundet og Fremtind Forsikring har bestemt at dette blir utsette, forklarer Delp.

– Det er ikkje mange av medlemmene som er ute og reiser no.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse