JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bemanningsbransjen:

Dette meinte Ap og Sp om innleige-forbod før valet. Og dette meiner dei no

Fleire i fagrørsla har vore skuffa over at inga form for forbod mot innleige frå bemanningsbyrå er å finne i regjeringserklæringa, eller varsla på annan måte.
LIKE TYDELEG SOM FØR? – Vi vil ha slutt på innleige som fortrenger faste tilsettingar, seier arbeidsminister Hadia Tajik (Ap), men vil ikkje seie om det kjem noka form for innleige-forbod.

LIKE TYDELEG SOM FØR? – Vi vil ha slutt på innleige som fortrenger faste tilsettingar, seier arbeidsminister Hadia Tajik (Ap), men vil ikkje seie om det kjem noka form for innleige-forbod.

Brian Cliff Olguin

tormod@lomedia.no

Å «forby innleige som fortrenger faste tilsettingar», var ein del av 100-dagarsplanen til Ap for ei ny regjering.

I Hurdalsplattforma til Ap og Sp, står det at regjeringa vil «sette i gang eit lovarbeid for å avgrense omfanget og rolla til bemanningsbransjen».

Kva ville partia gjere med bemanningsbransjen før valet, og kva vil dei no?

Les også: Fellesforbundet krev innleige-forbod straks

Dette ville dei før

Å «forby innleige som fortrenger faste tilsettingar» har blitt konkretisert som to ting:

• Forby innleige frå bemanningsbyrå som ikkje er til reine vikariat, eller til bedrifter som har tariffavtale med eit stort fagforbund og avtale med tillitsvald. (Ei endring i arbeidsmiljølova.)

• Forby innleige frå bemanningsbyrå på byggeplassar i Oslo, Viken og Vestfold. (Bruk av ei forskriftsåtgang i same lov.)

Begge punkt er noko Ap, Sp og SV – parti som no har fleirtal på Stortinget – har foreslått og stemt for i førre stortingsperiode, seinast i desember. Det første er også eit punkt i partiprogrammet til Ap.

Sp har i tillegg foreslått og stemt for at berre innleige frå vikarbyrå til reelle vikariat skal vere lov. SV og Raudt har elles programfesta, foreslått og stemt for å avvikle og forby innleige frå bemanningsbyrå.

Kranfører Rafal: – Bemanningsbyrået har ødelagt livet mitt

Skulle skje straks

I samband med førre stortingsbehandling av innleige-reglane i slutten av november, sa arbeidslivspolitisk talsperson i Ap, Arild Grande, til FriFagbevegelse:

– Vi har skrive lovteksten på det aller meste som kan ligge på pulten når ein ny arbeidsminister får nøkkelen og blomsterbuketten. Då kan lovteksten umiddelbart sendast ut på høyring, og gjennomførast raskt. Vi kan ikkje bruke vinter og vår med lange utgreiingar på dette. Folk skal merke frå dag éin at det blir forandring.

I slutten av august sa han til Magasinet for fagorganiserte:

– Vi har sagt at vi umiddelbart vil forby innleige innanfor bygg i Oslo-området, og at vi innan dei første 100 dagane vil fjerne åtgangen for verksemder utan tariffavtale til å leige inn.

Det same sa Ap-politikar Trine Lise Sundnes i samband med den politiske streiken mot bemanningsbransjen i slutten av august. Om innleige-forbod i bygg i Oslo, sa ho:

– Det krev berre ei forskrift, og det ordnar vi så fort vi får inntatt regjeringskontora.

Debatt: «Frislippet av bemanningsbransjen var et historisk feilgrep»

– Like tydeleg

Inga form for innleige-forbod er altså å finne i Hurdalsplattforma, eller varsla frå den nye regjeringa. Ap innrømmer i eit pressenotat at dei ikkje fullt ut innfrir punktet om innleige-forbod i 100-dagarsplanen sin.

Kjelder i Sp seier samtidig til Magasinet at partiet i regjeringsforhandlingane ikkje har stått i vegen for eit innleige-forbod.

Magasinet har sendt innhaldet i denne saka til arbeidsminister Hadia Tajik (Ap).

– Har Ap snudd i desse spørsmåla under regjeringsforhandlingane?

– Arbeidarpartiet er like tydeleg no som før: Vi vil ha slutt på innleige som fortrenger faste tilsettingar. Heile og faste stillingar skal vere hovudregelen i det norske arbeidslivet, svarer statsråden i ein epost.

– Den nye Ap-leia regjeringa seier tydeleg at vi vil minske omfanget til bemanningsbransjen. Derfor set vi i gang eit lovarbeid raskt for å kunne komme med nødvendige innstrammingar av denne bransjen.

– Gjennom dette arbeidet vil vi ta stilling til om innstrammingane vil komme i form av lov, forskrift eller begge deler, avsluttar ho.

Ny arbeidsminister: Hadia Tajik er åpen for innleieforbud i Oslo-området

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse