TARIFF-JUBEL: Christine Lie og Marthe Kaland er tillitsvalde i Norges einaste «Mækker'n» med tariffavtale. No har dei tilsette fleire rettar skrivne ned og fagforeininga og forbundet i ryggen.
Håvard Sæbø
Tariffavtale
Einaste McDonald’s i Norge med tariffavtale: Christine (22) og Marthe (25) jublar for fleire rettar på jobben
Endeleg har dei McTariff på menyen! Kampen for ordna lønns- og arbeidsforhold var ikkje enkel.
tormod@lomedia.no
BERGEN: I midten av oktober kunne restaurant-arbeidarane i Åsane juble for Norges einaste tariffavtale i hurtigmatkjeda. Forskjellen er at dei tilsette no har fleire rettar som er skrivne ned. Det forklarer fersk klubbleiar Marthe Kaland og nestleiar Christine Lie på McDonald’s på Åsane Storsenter. Og dei fagorganiserte kan få hjelp frå både fagforeininga og forbundet.
– Eg føler sterkt på fellesskapet og det å ha nokon i ryggen. Det er fantastisk fint å tenke på, seier Kaland.
– Det er kanskje ikkje like lett å forstå kor viktig det er å vere fagorganisert før ein har opplevd dårlege arbeidsforhold og vore gjennom kampen.
Dårlege arbeidsforhold
Grunnen til at dei tilsette organiserte seg og kravde tariffavtale, var problema som oppstod då norske McDonald’s tok over drifta av den franchisedrivne restauranten i Åsane på starten av fjoråret. Opningstida vart utvida til klokka 1, og restaurant-arbeidarane måtte ta over reinhaldet etter stengetid. Bemanninga og lønnskostnadene skulle dessutan vere lågast mogleg, opplevde tilsette.
Resultatet var underbemanning og knallhardt arbeidspress, mangel på pausar og vasking til langt på natt etter arbeidstid. Da tilsette klaga til leiinga i Bergen, opplevde dei at problema vart skyvd vekk, og dei var redde for straff dersom dei stod på krava.
– Det var heilt jævlig å dra på jobb, fortel Lie.
– Eg hugsar det var fleire dagar eg berre hadde lyst til å grine. Eg takla det ikkje. Eg var så sliten og visste at eg skulle på jobb igjen dagen etterpå, seier Kaland som sidan ho var 14 år har jobba i ulike McDonald’s-restaurantar.
– Eg har aldri følt meg så lite verdifull.
Mye delt: Vilde (27) visste lite om pensjon. Så skulle hun streike for en bedre ordning
SJELDNARE UNDERBEMANNA: Når Magasinet er innom restauranten, er kontrasten stor til i sommar da det var kaos på arbeidsstasjonane, lange køar med irriterte gjestar og ein restaurant som ikkje såg ut.
Håvard Sæbø
Organiserte seg
Ungdom, studentar og folk med eit «friår» utgjer størsteparten av dei tilsette på restauranten. Den 25 år gamle klubbleiaren er nyleg ferdig utdanna barnehagelærar, mens nestleiaren på 22 skal bli sosionom. Mange er i sin første jobb og kjenner ikkje til reglane i arbeidslivet. Heller ikkje Kaland og Lie visste sikkert kva dei skulle gjere med problema dei opplevde.
Men initiativtakar Kristian Søfteland, styremedlem i klubben og for tida i pappaperm, skjønte raskt at det var lurt å organisere seg. Han tok kontakt med fagforeininga og fekk med seg fleire kollegaer. Saman organiserte dei så mange Fellesforbundet-medlemmer på restauranten at dei kunne krevje tariff og streike om nødvendig.
Allereie før tariffavtala var på plass, skulle forholda endre seg til det betre. I sommar kom Arbeidstilsynet på umeldt tilsyn og gav McDonald’s fleire titals pålegg om opprydding i brot på lover og reglar. I haust kom arbeidsforholda fram i lyset gjennom artiklar i Bergensavisen.
Denne skaper debatt: Truls (30) delte på Facebook at han har dysleksi. Da strømmet jobbtilbudene inn
GREITT: No er det greitt å gå på jobb igjen, meiner Marthe Kalland og Christine Lie etter ei tøff tid med dårlege arbeidsforhold. Med tariffavtale i hand skal dei fagorganiserte på McDonald's i Åsane passe på at endringane er permanente.
Håvard Sæbø
Klubben passar på
No er det greitt å gå på jobb igjen, fortel Kaland og Lie. Dei har fått mange nye kollegaer, opningstida er redusert tilbake til klokka 23 og restauranten er sjeldnare underbemanna. Fleire har også fått etterbetalt overtidstillegg. Arbeidsmiljøet blant dei tilsette har alltid vore godt, og kampen for betre arbeidsforhold har skapt eit enda sterkare sosialt band.
Når Magasinet besøker restauranten, yrer det av liv på kjøkkenet, dei tilsette ekspederer gjestane i ein rasande fart og fartar mellom borda med sprayflaske og klut. Kontrasten er stor til i sommar da det var kaos på arbeidsstasjonane, lange køar med irriterte gjestar og ein restaurant som ikkje såg ut.
Den største frykta er at endringane ikkje er permanente, seier Marthe Kaland. Men no skal altså 25 Fellesforbundet-medlemmer – rundt halvparten av dei tilsette – halde McDonald’s i øyra med tariffavtala i den andre handa.
– Eg kjem ikkje til å sitte og sjå på at dei plutseleg bemannar oss kraftig ned igjen. Dei kan berre prøve, åtvarar klubbleiaren.
Fått med deg denne? Rebekka (33) må ta ulønnet permisjon for å kunne amme datteren
McDonald’s: Har tatt grep
Etter at Bergensavisen i haust skreiv om arbeidspresset på restaurantane i byen, reiste McDonald’s-styret til Bergen og beklaga overfor dei tilsette. Både sjefen i Bergen og i Norge gjekk av.
Forholda som vart avdekt av Arbeidstilsynet i sommar er heilt uakseptable, skriv kommunikasjonssjef Veronika Skagestad i ein epost til Magasinet.
Ho fortel at opningstidene i Åsane vart utvida først og fremst for å sikre arbeidsplassar og hindre permitteringar under koronapandemien. Men no har McDonald’s sett at det ikkje vart gjort på ein berekraftig måte.
McDonald’s har tatt grep for å sikre riktig og forsvarleg bemanning, rydde opp og sjå på eigne system sånn at noko sånt ikkje skal skje på restaurantane igjen. Det forsikrar kommunikasjonssjefen.
McDonald’s
* Er ein av dei største restaurant-kjedene i Norge og verda.
* Har 75 restaurantar her til lands. 16 er drivne av Food Folk Norge AS som har rettane til merkevara, gjennom selskapet Zero Five AS. Resten er drivne av franchisetakarar.
* Har rundt 3000 tilsette i Norge – omtrent ein tredel i eigne restaurantar. Er ein av landets største arbeidsgivarar for unge.
Visste du at …
* Ei tariffavtale er ei avtale mellom fagforeiningar og arbeidsgivarar om spelereglar for samarbeid, og reglar for lønns- og arbeidsvilkår i bransjen.
* Du kan ta kontakt med ei Fellesforbundet-avdeling for å finne ut korleis du går fram for å krevje tariff.
McDonald’s
* Er ein av dei største restaurant-kjedene i Norge og verda.
* Har 75 restaurantar her til lands. 16 er drivne av Food Folk Norge AS som har rettane til merkevara, gjennom selskapet Zero Five AS. Resten er drivne av franchisetakarar.
* Har rundt 3000 tilsette i Norge – omtrent ein tredel i eigne restaurantar. Er ein av landets største arbeidsgivarar for unge.
Visste du at …
* Ei tariffavtale er ei avtale mellom fagforeiningar og arbeidsgivarar om spelereglar for samarbeid, og reglar for lønns- og arbeidsvilkår i bransjen.
* Du kan ta kontakt med ei Fellesforbundet-avdeling for å finne ut korleis du går fram for å krevje tariff.
Mest lest
TRENGER FOLK: På den spanske ambassaden på Frogner i Oslo er det tre ledige stillinger, med en årslønn på rundt 250.000 kroner.
Kai Hovden
Reagerer på ambassadelønn: – Sjokkerende lavt
Brian Cliff Olguin
Butikkansatte får ny lønn
BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.
Erlend Angelo
Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt
BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.
Jan-Erik Østlie
Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet
Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.
Eirik Dahl Viggen
Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg
Roy Ervin Solstad
Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav
OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.
Leif Martin Kirknes
Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg
Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.
Leif Martin Kirknes
Økt kokainbruk blant unge elektrikere
Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.
Erlend Angelo
Potetmangel gir permitteringer i Bama
FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.
Colourbox.com
Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke
Mats Ruland har allerede fire oppgjør på sitt bord, og skal i gang med mekling uka etter påske.
Leif Martin Kirknes
Lønnsoppgjøret: Brudd i tre nye oppgjør
Renovatørene Markus Michalsen Helmundsen (t.v.) og Svein Øyvind Syse Johansen er godt kledd i gule refleksjakker, arbeidsbukser og vernesko. De får dekket alt arbeidstøy av jobben. Det får ikke barnehageansatt Alexander Filiberto (i midten).
Jan-Erik Østlie
Alle tre jobber i kommunen, men bare to får dekket alt arbeidstøy
HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.
Eirik Dahl Viggen
Jørgen (29) overlever på overtidstimer
Heiko Junge / NTB
Vær obs på dette hvis du må jobbe i påska
NÆRMERE INDUSTRIEN: Arbeidsgivere og arbeidstakere har signert på at bussbransjen må nærme seg gjennomsnittlig industriarbeiderlønn, men NHO Transport vil likevel holde seg innenfor rammene til den konkurranseutsatte industriens lønnsoppgjør.
Rodrigo Freitas / NTB
Uansett hva industriarbeiderne får i lønnstillegg, krever bussjåførene mer
Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.
Jonas Fagereng Jacobsen
Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler
MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.
Brian Cliff Olguin
Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben
BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.
Herman Bjørnson Hagen
Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle
Knut Viggen
Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger
Debatt
Felles for mange som deltar i debatten, er at de ikke er unge lenger. De fikk barn i en litt annen verden, skriver Helle Cecilie Palmer.
Agenda Magasin