JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-krisa:

Eline (30) er permittert, men får ikkje dagpengar

Permitterte studentar får tilbod om meir gjeld. Fellesforbundet rasar mot regjeringa si nye hjelpepakke.
STIPEND: Den beste løysinga er at permitterte studentar får meir i stipend frå Lånekassa, meiner Eline Alstad Bjørkan.

STIPEND: Den beste løysinga er at permitterte studentar får meir i stipend frå Lånekassa, meiner Eline Alstad Bjørkan.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

OSLO: – Det er ikkje noko som heiter heiltidsstudent. Stort sett alle eg snakkar med på skolen er avhengig av ekstrajobben, seier Eline Alstad Bjørkan (30).

Bjørkan jobbar som resepsjonist på Thon Hotel Gyldenløve i Oslo. 12. mars vart ho permittert og står no utan arbeid. Ifølge Nav er ho likevel ikkje såkalla reell arbeidssøkar.

Ho er nemleg også student. Dermed har ho ikkje rett på dagpengar sånn som kollegaane hennar har.

p

Hjelpepakke

Stortinget bad regjeringa legge fram ei ordning gjennom Lånekassa, for studentar i hennar situasjon. Den vart lagt fram torsdag og består av to tiltak:

• Studentane får i april utbetalt stipend og lån også for mai og juni. For dei fleste er beløpet 27.550 kroner.

• Dei som har mista arbeidsinntekt i samband med korona-krisa kan ta opp eit ekstra lån hos Lånekassa, på 26.000 kroner. Etter planen skal ein kunne søke om lånet i mai.

I tillegg er fristen for å søke lån og stipend for vårsemesteret, utsette frå 15. mars til 15. april.

Skuffa studentar

– Alle er forbanna. Folk spurte om det var tull. «Er det 1. april?»

Saka held fram under bildet.

UVISSE: For Bjørkan skjer undervisninga no på internett, men pensumlesinga og oppgåveløysinga kunne gått betre. – Konsentrasjonen blir dårlegare når ein ikkje veit om ein har bustad neste månad, seier ho.

UVISSE: For Bjørkan skjer undervisninga no på internett, men pensumlesinga og oppgåveløysinga kunne gått betre. – Konsentrasjonen blir dårlegare når ein ikkje veit om ein har bustad neste månad, seier ho.

Håvard Sæbø

Bjørkan sit heime og les pensum i den 18 kvadratmeter store studentbustaden ho leiger frå Heimstaden, når Magasinet for fagorganiserte kjem på besøk.

Ho er i likskap med studentorganisasjonane og mange arbeidande studentar, skuffa over ei hjelpepakke som dei meiner er langt frå rettferdig.

– Lånet gir meg meir gjeld som eg ikkje vil ha, og dekker ikkje det eg mistar, seier ho.

Kan miste bustaden

Fellesforbundet-medlemmet har jobba som resepsjonist i sju år, men bestemte seg i fjor for å gå tilbake til skolebenken.

Etter at ho vart psykologistudent, jobbar ho 40 prosent. Berre i husleige forsvinn nemleg dei litt over 8.000 kronene ho får i lån og stipend kvar månad.

– Det er ein grunn til at vi jobbar ved sidan av studia, seier ho.

Gjennom resepsjonist-jobben har ho tent oppunder 10.000 kroner i månaden. Over natta mistar ho dermed over halve inntekta.

– Om dette held fram over lengre tid, utan at vi får meir støtte, må eg flytte ut. Alternativet er å slutte på studiet for å få dagpengar, seier ho.

Saka held fram under bildet.

SKUFFA OVER REGJERINGA: – Dei må sjå at studentar er avhengig av å jobbe, og kan vere arbeidande skattebetalarar som alle andre, seier Eline Alstad Bjørkan.

SKUFFA OVER REGJERINGA: – Dei må sjå at studentar er avhengig av å jobbe, og kan vere arbeidande skattebetalarar som alle andre, seier Eline Alstad Bjørkan.

Håvard Sæbø

Ikkje akseptabelt

Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum rasar. I forbundet hans er mange medlemmer, spesielt i hotell- og restaurantbransjen, både arbeidstakarar og studentar.

Ordninga som regjeringa har lagt fram, meiner han betyr at studentane må klare seg sjølv.

– Vi er jævlig skuffa over at einaste verkemiddel frå regjeringa er utvida lån. Det er ikkje akseptabelt. Dei som jobbar ved sidan av studia må behandlast som arbeidstakarar, seier Eggum til Magasinet.

Stortinget

Han fortel at alle fagforbunda gjennom LO går saman for å påverke Stortinget til å sørge for at studentane ikkje fell mellom to stolar.

– Studentane pådrar seg allereie gjeld for å studere, og treng ikkje meir bør til lasten. Vi håpar opposisjonen på Stortinget er ansvaret sitt bevisst i denne saka, seier forbundsleiaren.

Eggum poengterer at heller ikkje dei som er i permisjon frå jobben for å gå fagskule, får dagpengar dersom dei blir permittert frå jobben sin.

– I denne dugnaden skal ingen bli ståande aleine. Studentane skal også vere med, slår han fast.

Saka held fram under bildet.

UVERDIG: – Det er lite verdig å seie til vaksne menneske at dei må flytte heim igjen for å klare seg økonomisk, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum.

UVERDIG: – Det er lite verdig å seie til vaksne menneske at dei må flytte heim igjen for å klare seg økonomisk, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum.

Jan-Erik Østlie

Ikkje eit problem

Henrik Asheim (H), minister for forsking og høgare utdanning, avfeiar kritikken.

– Eg trur ikkje det store problemet no er eit frivillig ekstralån på 26.000 kroner. Lånet vil utgjere 145 kroner i månaden med dagens rente, svarer han i ein epost frå presseavdelinga si.

– No er det viktigaste at studentane får pengar til å betale faste utgifter, og ikkje minst at dei får avlagt eksamen, meiner han.

– Beløpet på det frivillige ekstralånet er medianinntekta for ein bortebuande student. Det betyr at beløpet ikkje treffer på krona for alle, men alt i alt er dette ei veldig god løysing for studentane.

p

Meir i stipend

– Alle skattebetalande, studerande arbeidssøkarar burde ha same rettar som andre arbeidssøkarar, meiner derimot Eline Alstad Bjørkan.

At studentane får dagpengar er mest rettferdig, meiner ho, men Bjørkan forstår samtidig behovet for å avlaste Nav som mottar tusenvis av søknader i desse dagar.

– Då er løysinga å auke stipendet, slår ho fast.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse