JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fellesforbundet:

Endre Lie går frå fagforeininga til Lilletorget

Den tidlegare avløysaren takkar av som avdelingsleiar i Steinkjer og Stjørdal, og startar i ny jobb som fagleg sekretær på forbundskontoret i Oslo.
FLEIRE FAGORGANISERTE: Den tidlegare avløysaren og fagforeiningsleiaren ønsker fleire Fellesforbundet-medlemmer innanfor blant anna grøn sektor. Det kan Endre Lie gjere noko med når han som fagleg sekretær får ansvar for jordbruk og gartneri, naturbruk, avisbod og mobilkran.

FLEIRE FAGORGANISERTE: Den tidlegare avløysaren og fagforeiningsleiaren ønsker fleire Fellesforbundet-medlemmer innanfor blant anna grøn sektor. Det kan Endre Lie gjere noko med når han som fagleg sekretær får ansvar for jordbruk og gartneri, naturbruk, avisbod og mobilkran.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

– Dei vil tydelegvis ha fleire bønder i byen. Så då drar eg, ler Endre Lie.

Etter fire år som leiar i Fellesforbundet avdeling 28 Steinkjer og Stjørdal Fagforening, skiftar den tidlegare avløysaren beite. Han starta i jobben som fagleg sekretær på forbundskontoret i Oslo 1. mars, med ansvar for jordbruk og gartneri, naturbruk, avisbod og mobilkran. Ønsket om nye utfordringar er grunnen, fortel han.

– Ambisjonen er å få auka organisasjonsgraden og finne ut kvifor det er så vanskeleg i mange delar av landet, særleg innanfor jordbruk og gartneri, seier Lie.

Det er flest medlemmer og tariffavtaler innanfor grøn sektor i nettopp gamle Nord-Trøndelag og avdelinga han inntil nyleg leia. Før han vart fagforeiningsleiar, var agronomen klubbleiar i avløysarlaget Innherred Landbrukstjenester SA.

– Eg har vore tilsett i næringa i tjue år og veit kor skoen trykker. Der kan det finnast overføringsverdi også til andre område og næringar. Eg er veldig opptatt av låglønnsprofilen, spesielt innanfor gartneri som held heile overeinskomsten på eit lågt lønnsnivå. Så der er det ein jobb å gjere, slår 49-åringen fast.

Aktuelt: Yara-sjefen innstilt som ny president i NHO

Arbeidsstaden blir no Lilletorget i Oslo, men dei to første åra har han fått lov til å pendle til hovudstaden frå heimen i Steinkjer. Aller først blir det derimot heimekontor på grunn av koronaen, og han håpar han snart får ha dei gode samtalene med nye kollegaer.

Han meiner fagforeininga i Trøndelag er i gode hender, med dyktige tilsette og Simon Myhr Gulstad (34) som er innstilt til å bli vald som ny avdelingsleiar på årsmøtet 23. mars. Gulstad kjem frå byggfaga og er klubbleiar hos entreprenøren FuglesangDahl AS.

Når Lie er tilsett i forbundet må han også seie frå seg plassen i forbundsstyret der han har sete den siste halvanna perioden. Inn går vara Stian Sagvold (37) som er leiar i Fellesforbundet avdeling 108 Innherred Fagforeining og nestleiar i Verkstedklubben Kværner Verdal.

Samleside: Nytt om navn

Namn: Endre Lie

Aktuell med: Går av som fagforeiningsleiar og blir fagleg sekretær i forbundet

Alder: 49 år

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse

Namn: Endre Lie

Aktuell med: Går av som fagforeiningsleiar og blir fagleg sekretær i forbundet

Alder: 49 år