JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Utanlandske arbeidarar får kompensasjon:

Etter tre månader utan inntekt, kan polske Ryszard endeleg få korona-lønna inn på konto

Fellesforbundet forventar lynrask behandling av søknadene, seier Jørn Eggum.
TAKKSAM: Polske arbeidstakarar bør hugse forbundet sin innsats, meiner verftsarbeidar Ryszard Jankowski.

TAKKSAM: Polske arbeidstakarar bør hugse forbundet sin innsats, meiner verftsarbeidar Ryszard Jankowski.

Privat

tormod@lomedia.no

Fredag var forskrifta på plass, og no er Nav klar til å ta imot søknader frå arbeidsgivarar.

Arbeidsgivarane har plikt til å betale ut ein kompensasjon på 70 prosent av sjukepengegrunnlaget, og inntil 35.472 kroner månadleg. Så kan bedriftene søke om å få pengane refundert frå Nav.

Utanlandske EØS-borgarar som ikkje kjem seg på jobb i Norge på grunn av innreise-restriksjonar, har rett på kompensasjonen. Dei må også vere medlem i folketrygda og tilsett hos ein arbeidsgivar i Norge då regjeringa stengde grensa 29. januar.

Ordninga gjeld tilbake i tid frå same dato, og så lenge innreise-restriksjonane varer.

Bakgrunn: Polske Ryszard har jobba i Noreg i 13 år, men står utan inntekt når grensa er stengd

Overleve ei vanskeleg tid

Stranda heime i Polen saman med kona og dottera, er verftsarbeidar Ryszard Jankowski (44) takksam for at ordninga endeleg er klar. Han har måtta pådra seg gjeld for å betale rekningane, sjølv om han har betalt skatt og avgifter gjennom jobben i Solidenergy AS.

– Den økonomiske støtta vil hjelpe oss med å overleve denne vanskelege tida av pandemien. Eg er overbevist om at arbeidet til Fellesforbundet har påverka tiltaket frå regjeringa. Polske arbeidstakarar bør hugse forbundet sin innsats, seier han til Magasinet.

Utan inntekt i månadsvis

Også forbundsleiar Jørn Eggum er glad for avgjerda i Stortinget i første halvdel av april, som berre Frp stemte mot. Samtidig påpeikar han at det tok lang tid før ordninga kom på plass.

– Det er skuffande at vi igjen måtte bruke så mykje krefter for å få regjeringa til å vareta kriseramma arbeidsfolk. No forventar vi lynrask behandling av søknadene, det er uhaldbart at utestengde skattebetalande arbeidarar har gått utan inntekt i månadsvis, seier Eggum.

Det er også viktig at det svært raskt blir utarbeidd informasjon om ordninga på relevante språk, retta både mot arbeidsgivarane og arbeidstakarane, seier han.

Les også: Ann Jeanette måtte stoppe lånet da sykepengene ikke kom: – Fikk beskjed om at jeg kunne gå på «sosialen»

Heim til familie og bustad

Personar som ikkje rettar seg etter nasjonale reiseråd kan bli nekta kompensasjon. I dag gjeld dette reiser som ikkje er strengt naudsynte, men å reise til familie og bustad i andre land kan reknast som ei naudsynt reise, påpeikar Arbeids- og sosialdepartementet og Nav. Dette skal arbeidsgivar vurdere. Heller ikkje permitterte som får dagpengar, har rett på ytinga.

Dersom arbeidsgivar ikkje pungar ut, skal tilsette sjølv kunne søke om kompensasjonen frå Nav, men søknadsskjemaet er enno ikkje på plass. Ytinga gir ikkje feriepengar.

Oversikt: Når får du din nye lønn? Her er de viktigaste datoene i lønnsoppgjøret

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse