JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ugyldig oppsigelse:

Fellesforbundet dømt for ulovleg oppseiing av regionalt verneombod

Forbundet kan måtte punge ut for å ha forsøkt å seie opp eit regionalt verneombod i byggebransjen.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

I ein dom frå Oslo tingrett 11. juni, får eit regionalt verneombod medhald i kravet om at Fellesforbundet si oppseiing er ugyldig. Forbundet skal betale 40.000 kroner i oppreising og dekke sakskostnader på til saman 200.000 kroner, ifølge dommen som først vart omtalt av Rett24.

Passar på HMS-en

Dei regionale verneomboda skal sørge for at bedriftene følger reglar i arbeidsmiljølova om helse, miljø og tryggleik. Innanfor byggebransjen er dei utnemnd av og tilsett i Fellesforbundet.

Ordninga er finansiert av ei avgift som bedriftene i bransjen betaler inn til eit fond som refunderer Fellesforbundet sine utgifter. Fondsstyret består av representantar frå arbeidstakarsida, arbeidsgivarsida og Arbeidstilsynet.

Les også: Tesla meinte bilmekanikar stal og gav han sparken. No har han fått jobben tilbake

Kan ikkje seie opp

Stridsspørsmålet i tingretten var om Fellesforbundet har lov til å seie opp regionale verneombod. Fondsstyret skal ifølge ei forskrift avsette regionale verneombod frå vervet, sjølv om Fellesforbundet skal utnemne og tilsette dei.

Forbundet argumenterte for at dei som arbeidsgivar likevel kan seie opp regionale verneombod etter reglane i arbeidsmiljølova.

Tingretten kom derimot fram til at fondsstyret må seie opp regionale verneombod. Dei har derfor ikkje tatt stilling til om oppseiinga er sakleg eller ikkje.

Rusa tilstand

I juni 2019 ringte det gjeldande verneombodet to gongar til Arbeidstilsynet i rusa tilstand. Månaden etter overnatta han på eit hotell under ombygging. Med ein øl i handa, tok han opp med tilsette at plater som vart fjerna kunne innehalde asbest. Tilsette og gjestar skal ha oppfatta hendinga som ubehageleg.

I desember vedtok forbundsleiinga å seie han opp, med blant anna brot på forbundet sitt etiske regelverk som grunngiving. I februar stemna så verneombodet Fellesforbundet for retten med påstand om at oppseiinga vart kjent ugyldig.

Les også: 35 tilsette arbeidde i tre månader utan lønn. No har statsadvokaten lagt bort saka

Ikkje rettskraftig

– Eg må jo seie at det er spesielt at saka gjeld Fellesforbundet. Er det nokon som bør gjere alt riktig i forhold til tilsette, er det Fellesforbundet, seier advokat Niels-Christian Schelver Petersen, som har ført saka for verneombodet, til Magasinet for fagorganiserte.

Dommen er enno ikkje rettskraftig. Dermed kan Fellesforbundet anke saka til lagmannsretten. Advokatfullmektig Thomas Meier Strømme førte saka for forbundet. Han ønsker ikkje å gi nokon kommentar.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse