JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Innleige:

Fellesforbundet meiner entreprenør omgår innleige-reglane. No kan saka hamne i retten

Ein entreprenør leigde inn frå bemanningsbyrå då dei skulle legge stein på torget i Trondheim. Retten kan måtte avgjere om dette var kortvarig arbeid eller ulovleg innleige.

Carl-Erik Erikkson / Trondheim kommune

tormod@lomedia.no

I fjor vart arbeidsmiljølova endra, sånn at innleige av arbeidskraft berre er lov dersom bedrifta har tariffavtale med eit stort fagforbund og har fått godkjenning frå tillitsvald i bedrifta. Unntaket er når innleiga er til vikariat eller arbeid av mellombels karakter.

Det er sistnemnde kategori som kan bli eit spørsmål for retten. Fellesforbundet har nemleg stemna entreprenøren Søbstad AS for ulovleg innleige, melder NRK Trøndelag.

p

Entreprenøren har ikkje tariffavtale, men leigde likevel inn arbeidstakarar frå bemanningsbyrå til å legge over 10.000 kvadratmeter med skiferdekke på torget i Trondheim.

Fellesforbundet meiner dette toårige prosjektet ikkje er kortvarig arbeid, og at dei entreprenøren burde ha gitt arbeidarane fast tilsetting eller brukt ein underentreprenør.

Arbeidstilsynet Midt-Norge har gitt si støtte til Fellesforbundet sitt syn.

Byggherre Trondheim kommune sine juristar har derimot konkludert med at entreprenøren ikkje har brote reglane, skriv NRK.

Entreprenøren meiner arbeidet er mellombels fordi innleiga utgjer 20 prosent av alle arbeidstimar i prosjektet, og Søbstad ikkje reknar med å få så store steinleggingsprosjekt i nærmaste framtid.

Den storstilte ombygginga av torget i Trondheim har ein prislapp på nærmare 400 millionar kroner og skal vere heilt ferdig i sommar.

Annonse

Flere saker

Annonse