JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tips-striden

Fersk dom: Tilsette får behalde tipsen

Hotelltilsette vann tipssak i lagmannsretten. Det kan få konsekvensar for heile bransjen.
Arbeidsgivarar kan ikkje trekke frå tipsen til tilsette for å dekke eigne kostnader. Det har lagmannsretten slått fast.

Arbeidsgivarar kan ikkje trekke frå tipsen til tilsette for å dekke eigne kostnader. Det har lagmannsretten slått fast.

Colourbox

tormod@lomedia.no

Hotel Bristol i Oslo og Oslo Plaza Hotel har ikkje rett til trekke frå tipsen til dei tilsette for å dekke arbeidsgivaravgift og administrasjonskostnader, slår Borgarting lagmannsrett fast i ein fersk dom. Tips er ei gåve frå kundar til dei tilsette, som dei tilsette har krav på, er konklusjonen. Hotella må dessutan betale erstatning til Fellesforbundet- og Parat-medlemmane som saksøkte arbeidsgivaren.

Hotell- og restaurant-bransjen kan dermed ha ein stor oppryddingsjobb og fleire erstatningskrav framfor seg. I dommen kjem det fram at over halvparten av medlemsbedriftene i NHO Reiseliv har dei same trekka frå tipsen.

Arbeidsgivarane kan framleis anke saka til Høgsterett, så den er ikkje rettskraft enno.

Kan arbeidsgivar ta delar av tipsen til tilsette? Denne rettssaka vil påverke heile bransjen

Tips-striden

Praksisen der arbeidsgivarar trekker frå tipsen for å dekke eigne kostnader kom etter ei endring i skattereglane frå 1. januar 2019. Da fekk arbeidsgivarar plikt til å melde inn, trekke forskotsskatt og berekne arbeidsgivaravgift av tipsen.

Fellesforbundet og LO ønskte reglane velkomne, fordi tipsen ville inngå i grunnlaget for pensjon, sjukepengar og feriepengar. Tipsen inngår dessutan i dagpengegrunnlaget for permitterte og arbeidslause.

Forbundet protesterte derimot og kalla det tjuveri da NHO Reiseliv på bakgrunn av ei juridisk vurdering laga ei rettleiing for korleis medlemsbedriftene kunne trekke eigne utgifter frå tipsen – for dermed å legge dei nye kostnadene over på dei tilsette.

Thon Hotels som Bristol er ein del av, og Plaza var blant medlemsbedriftene som følgde denne tilrådinga.

Saksøkte arbeidsgivaren

Ni Fellesforbundet-medlemmar på Hotel Bristol stemna i desember 2020 arbeidsgivaren med påstand om at trekka var ulovlege og krav om erstatning. 14 Parat-medlemmar på Plaza hadde allereie saksøkt hotellet med same krav, og sakene vart foreina i Oslo tingrett i fjor sommar.

Bristol trekker 10,5 prosent til arbeidsgivaravgift og 5 prosent til administrasjonskostnader, noko som er regelen i heile Thon-kjeda. Det kan utgjere eit tap på opp mot 12.000 kroner årleg for ein servitør på hotellet. Plaza trekker høvesvis 11 og 10 prosent frå tipsen. I tillegg trekker hotella frå skatt, pensjonsinnskot og feriepengar – noko som ikkje var eit stridsspørsmål i rettssakene.

I tingretten vart Bristol og Plaza frifunnen, og dei tilsette anka saka til lagmannsretten som altså har komme til motsett konklusjon.

Tilsette har rett på tipsen

LO-advokatane Håkon Angell og Fredrik Wildhagen har ført saka for dei Bristol-tilsette og partshjelpar Fellesforbundet. Parat-advokat Sigurd Øyvind Kambestad førte saka for dei Plaza-tilsette.

Dei har i retten argumentert med at tips er ei gåve frå gjestar til tilsette, og at tipsen dermed er tilsette sin eigedom.

I dommen frå lagmannsretten heiter det «at mottatt tips privatrettslig er en ytelse i en gavetransaksjon fra kundene til de ansatte, og at dette gjør at de ansatte på Bristol og Plaza har et rettskrav på at arbeidsgiver utbetaler mottatt tips til dem». Vidare heiter det at «de ansattes krav på tips har den samme grad av rettslig beskyttelse som avtalte lønnsvilkår».

NHO Reiseliv-advokatane Kjell Ola Berg og Helen Remman har argumentert for at trekka i tipsen ligg innanfor den såkalla styringsretten til arbeidsgivarane. Dei har blant anna vist til Theatercafedommen frå 2008, der Høgsterett bestemte at arbeidsgivarar kan fordele tipsen.

«Lagmannsretten kan ikke se at denne adgangen til å fordele tips blant dem som tipsen er gitt til, er uforenelig med at de ansatte samtidig kan ha et rettskrav på å få utbetalt hele den mottatte tipsen», heiter det derimot i dommen frå Borgarting lagmannsrett.

Eit gode for tilsette

Tips-striden har vore lang og vond for Fellesforbundet. Forbundssekretær Clas Delp er glad for at dommen er i medlemmanes favør, og peikar på at den får konsekvensar for langt fleire enn to bedrifter.

– Om dommen blir ståande, er det klart og tydeleg at arbeidsgivarar ikkje har rett til å forsyne seg av tipsen til dei tilsette. Den er eit gode som tilsette har rett på så lenge gjesten vel å betale tips, seier Delp til Magasinet for fagorganiserte.

– Daverande finansminister Siv Jensen kunne godt ha vore meir tydeleg då ho innførte regelverket, så hadde vi sloppe rundar i retten for å finne ut korleis regelverket er meint å forståa, legg han til.

Kan anke dommen

Bristol og Plaza har ein månad på seg til eventuelt å anke dommen til Høgsterett for å få ei endeleg avklaring i saka.

– Vi må ta det med partane og høyre kva dei seier, men det er nærliggande å tru at saka blir anka. Neste spørsmål er om den kjem inn i Høgsterett, seier NHO Reiseliv-advokat Kjell Ola Berg som har ført saka for Bristol og Plaza.

Han viser til at ein konsekvens av dommen kan bli ytterlegare erstatningskrav frå tilsette.

Ifølge dommen må Bristol dessutan betale Fellesforbundet-medlemmane omtrent 1,1 million kronar i sakskostnader i tingretten og lagmannsretten. Plaza må betale cirka 345.000 kroner i sakskostnader til Parat-medlemmane.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse