JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Klimaendringar:

Finske LO-medlemmer er villig til å bytte yrke for å redde klimaet

Fagforbunda må bidra til å stoppe klimaendringar, meiner fagorganiserte finnar.

Colourbox

tormod@lomedia.no

Sju av ti er positive til å omskolere seg til eit nytt yrke, dersom det er nødvendig for å stoppe klimaendringar.

Det viser ei undersøking blant medlemmer i alderen 20 til 40 år, i Finland sin største arbeidstakarorganisasjon, SAK.

Heile åtte av ti meiner dessutan at fagforbunda bør medverke i tiltak mot klimaendringar.

p

Kravet om klimatiltak er derimot ikkje like sterkt dersom tiltaka bidrar til at jobbar går tapt. Seks av ti medlemmer støttar denne typen tiltak.

– For SAK er det viktig at tiltaka for å minske utslepp er ambisiøse, men samtidig rettferdige, uttaler hovudorganisasjonen.

Dei 17 medlemsforbunda organiserer 900.000 tilsette innanfor industri, offentleg sektor, transport, sørvis, kultur- og mediebransjar.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse